Nær halvparten av elevane starta på yrkesfag i 2019

Helse- og oppvekstfag er dei mest populære yrkesfaglege utdanningsprogramma, medan studiespesialisering er størst av dei studieførebuande.

Publisert Sist oppdatert

– At fleire elevar vel yrkesfag er bra. Vi vil trenge mange fagarbeidarar i åra som kjem, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

Ifølge departementets tal har andelen elevar på yrkesfag auka sidan 2014, medan andelen på studieførebuande fag har minka. No startar 49 prosent av elevane på Vg1 på yrkesfag.

– Regjeringa si satsing på yrkesfag gjev resultat. Heile 8 av 10 elevar får læreplass, og fleire enn før fullførar og tek fagbrev. Men det er framleis for mange som fell ut av vidaregåande opplæring. Difor jobbar regjeringa med ei ny stortingsmelding om vidaregåande opplæring, uttaler Grande.

Møre og Romsdal, Oslo og Rogaland hadde den høyaste andelen av søkarar som fikk lærekontrakt i fjor viser tal som kom tidlegare denne veka.

Språk, samfunnsfag og økonomi på topp

På Vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande utdanningsprogram vel 56 prosent av elevane språk, samfunnsfag og økonomi. 42 prosent vel programområdet realfag. Dei resterande tre prosentane vel ikkje fag, sidan dei går på ei line som er tilgjengeleg på visse private skular.

Kjønnstypiske utdanningsval

Det er imidlertid framleis store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særleg i deiyrkesfaglege utdanningsprogramma. Kjønnsskilnadene er særs store på programområda bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag.

Bygg- og anleggsteknikk og elektrofag har heile 94 prosent gutar. Helse- og oppvekstfag har 81 prosent jenter.

– Vi ser at tradisjonell kjønnsdeling framleis er trenden. Eg håper fleire jenter og gutar tør å velje meir utradisjonelt i åra som kjem. Vi treng begge kjønn i alle yrke, seier ministeren i pressemeldinga.

Ulike forventningar

Da sa ho også i november i fjor, da ho - som kulturminister, fekk overrakt rapporten fra Ungidag-utvalet.

Utvalet blei nedsette i mai 2018 for å sjå nærare på jamstillingsutfordringane barn og unge møter. Dei vart også bede om å føreslå tiltak som vil bidra til auka jamstilling på individ- og samfunnsnivå.

Ifølge rapporten opplever gutar og jenter ulike forventningar i skulen til kva for studie- og yrkesval dei burde ta.

– Ungdomane fortel om kjønna forventningar. Dei kritiserar faget utdanningsval, rådgjevarane og rettleiarar, seier Brenna og viser til eksempel om jenter som ynskjer seg elektro, men får vite at dei "er betre enn det". Og ungdom som stiller seg uforståande til korleis ein rettleiar synest å vite noko om dei er praktisk anlagt, seier hun.

Powered by Labrador CMS