Annonsekontakt i HS Media:
Karoline Gran Kluge
Telefon: 40 07 31 25
Malin Holen Bredesen
Telefon: 99 07 14 41
E-post: utdanning@hsmedia.no
Ledig stilling:
Stordskulen
Skulane i Stord har fokus på kvalitetsutvikling, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønskjer å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre. Hystad skule, med sine om lag 270 elevar og 39 tilsette, er ein av 10 grunnskular i kommunen. Skulen er teamorganisert, legg stor vekt på varierte arbeidsmåtar og praktisk-estetiske fag. Hystad skule er ein lærande organisasjon med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og god delingskultur. Dei ulike trinna organiserer tidvis elevane på tvers av klassane. Skulen har dei siste åra arbeidd med VFL, lesing og rekning. Inneverande år er det stort fokus på utviklingsarbeid knytt til fagfornyinga, elevane sitt læringsutbytte og grunnleggjande dugleikar.
Hystad skule har ledig 100 % fast stilling som rektor.
Stillinga er ledig f.o.m. 01.08.202
Me søkjer ein leiar som
Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis, samt kompetanse innan administrasjon/ leiing. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krav om kompetanse. I tillegg til formell kompetanse og erfaring vil ein og leggja vekt på personelg eignaheit til stillinga. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Jf. Opplæringslova § 10-9
Stord er ein to-nivå–kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, har rektor og ansvar for personal, drift og økonomi. Rektor rapporterer til kommunalsjefane, og har leiaravtale med denne der rettar, plikter og mål vert omtala.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til
kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt, tlf.: 53 49 66 89 / 41 41 65 03 eller
rektor Liv Skjønberg, tlf.: 53 40 96 32 / 97 55 21 80
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her
Søknadsfrist: 11.02.2020