streik tyskland
Fra en lærerstreik i Chemnitz 21 November 2023.

Lærarar klaga på manglande streikerett - fekk ikkje medhald

Fire tyske lærarar fekk ikkje medhald i Den europeiske menneskerettsdomstolen da dei klaga på manglande streikerett.

Publisert

Domstolen meinte rett nok at eit generelt streikeforbod, som dei aller fleste tyske lærarar har, reiser menneskerettslege spørsmål. Men desse lærarane og fagorganisasjonen deira har også utan streikerett gode nok høve til å arbeide effektivt for sine interesser, konkluderer domstolen.

Det er fjernsynskanalen ZDF som melder dette. Dei fire lærarane kom frå fire ulike tyske delstater. I 2009 og 2010 streika dei for betre arbeidstilhøve.

Men dei aller fleste tyske lærarar har ikkje streikerett. Dei har status som embetsfolk, og det gir både fordelar og ulemper. Blant fordelane er høgare løn og fast stilling. Blant ulempene er tapet av streikerett.

Dei fire lærarane fekk difor bot for å ha streika i 2009 og 2010. Dette klaga dei på, og saka gjekk gjennom det tyske rettssystemet. Der vart det å krevje streikerett kalla «rosinplukking». Lærarane kunne ikkje plukke element dei ikkje likte ut av heilskapen som embetsstatusen utgjer.

Da dei ikkje fekk medhald der, tok dei saka vidare til Menneskerettsdomstolen. Men den konkluderte med at å gi lærarane bøter for streiken, var innafor det skjønnet arbeidsgivar har.

Dei fire lærarane har heile vegen hatt støtte frå Utdanningsforbundet for lærarar, (Bildungsgeverkshaft GWE) og Tysk Fagforbund (Deutschen Gewerkschaftsbund DGB).

Powered by Labrador CMS