– Lærarar skal ikkje verte objekt for åtak, seier Eve Eisenschmidt, professor ved Universitetet i Tallinn. Foto: Tallinna Ülikol

Halvparten av estiske lærarar sluttar i yrket innan fem år er gått.

Kranglete foreldre og manglande støtte på jobben er viktige årsaker, skriv nettavisa Postimees.

Publisert

«Morsmjølka har ikkje tørka på leppene dine enno. Kva er det du i det heile tatt veit?». Det er ein av kommentarane ein 30-årig lærar med to års erfaring har fått frå foreldra til elevane hennar.

– Eg ønskjer å gjere slik at elevane har det godt på skulen. Men eg kan ikkje gjere jobben min godt dersom eg kvar dag må kjekle med foreldra, seier læraren til avisa Postimees.

Avisa siterer dessutan læraren Evelin Salu, som i samband med ei magisteroppgåve har snakka med lærarar om kvifor dei slutta i yrket. På fyrsteplass kjem foreldre som klandrar læraren.

– Dersom ein elev får ein dårleg karakter, er det ikkje eleven som er lat, men læraren som er dårleg. Det er ei kjensle av at det er foreldra som får karakteren. Eleven skjønar kvifor karakteren vart slik. Det gjer ikkje foreldra og fyk i strupen på læraren, seier Evelin Salu til avisa.

Saknar støtte på jobben

Professor i utdanningspolitikk og leiing ved Universitetet i Tallinn, Eve Eisenschmidt, meiner lærarar får altfor lite støtte på arbeidsplassen dei første åra, og at det er ei utbreidd oppfatting at ferske lærarar først skal vise kva dei er gode for.

– Den delen av normal organisasjonskultur og vanleg oppfatning som seier at ein skal støtte nye kollegaer, er ikkje altfor utbreidd i skulane. Lærarar skal ikkje verte objekt for åtak, seier ho til Postimees.

Powered by Labrador CMS