Boka som læremiddel går aldri ut på dato, men det gjer vi som pedagogar, om vi ukritisk gjer knefall for det eine eller andre læremiddelet, skriv Roar Ulvestad.

Boka som læremiddel går aldri ut på dato

Debatt: – Å køyre heildigitalt er ikkje den draumen eg ber på. Vi mister nokre av føremonene med å ha læreboka som eit analogt anker i kvardagen.

Publisert Sist oppdatert

Det å latterleggjere lærarar som brukar lærebøker i undervisinga er lågthengande frukt. So lågt heng den, at mange kritikarar ikkje legg verken sjel, respekt eller skikkelegheit i det, når dei prøver å plukke den ned frå dei lågaste greinene på kunnskapens tre. Eg er faktisk trygg på at slangen frå paradiset hadde vore god på Ikt.

Eit ferskt døme på lettvint bokplukking kan vi lese i Aftenposten, der to høgskulelektorar gjennomfører det eg her ein dag (med læreboka liggande på pulten) lærte ein klasse er «ein falsk dikotomi». Dei deler inn lærarane i to kategoriar, dei som gjennomfører god undervising og dei som bruker lærebøker. Ei retorisk perle er det ikkje, og det er ikkje slik røyndomen er for dei fleste som bruker lærebøker. Eg skal avstå frå freistinga å gjennomføre ei retorisk analyse av heile kritikken av lærebokpraksis i det omtalte innlegget, men i og med at eg so seint som i går lærte vekk det kritikkverdige med å opne ein saktekst med eit sitat på den måten som vert gjort i innlegget til desse to høgskulelektorane, vil eg seie noko akkurat om denne opninga.

Teksten vert innleidd med eit fingert utsegn. Ein påstand vert markert med hermeteikn, slik at det skal sjå ut som det er sitat av noko ein lærar faktisk har sagt. Det må i tilfelle vere kategorien «ikkje faglært vikar», som vi faktisk ikkje vil ha i klasserommet. Takk og lov for at desse faktisk har lærebøker.

Det er sjølvsagt skrivaren av teksten som meiner dette, men bruken av hermeteikn er med på å objektivere utsegna: ««Opne boka på side 53. Les til side 57. Svar på oppgåvene side 58. Dersom du ikkje blir ferdig, er resten lekse.» Det seier læraren din i samfunnsfagtimen.» Om dette er den vanlege måten å bruke lærebøker på, vil eg gjerne at dei to lektorane viser dette med meir enn ei fingert utsegn frå ikkje namngjevne tredjepartar. Det verkar mot si hensikt å styrke etoset på denne måten.

Gode lærebøker sikrar faginhald og progresjon

Eg bruker svært gjerne lærebøker. Eg kritiserer svært gjerne lærebøker òg. Kva betyr ei god lærebok for eleven/studenten? Det betyr ein raud tråd gjennom faget, ei fagleg ramme som det kan byggast på, noko å kome tilbake til. Ikkje minst kan ei lærebok gje valide peikarar til etterrettelege kjelder til meir kunnskap. Ei lærebok som faglæraren går god for, er ein fagleg garanti som sikrar faginnhald og progresjon gjennom heile opplæringa. Den vil vere eit fagleg minstemål som vil vere med å sikre opplæringa for dei som til dømes må vere vekke frå opplæringa i kortare eller lengre periodar. Den vil sikre eit minstemål for den fagleg svake eleven som kanskje slit meir med både sjølvregulering, oversikt og sjølvstende i opplæringa enn andre.

Læreboka er ikkje sjefen som lærar og elev blindt skal underkaste seg, men eit didaktisk minste felles multiplum for det som skal skje i opplæringa.

Læreboka er ikkje sjefen som lærar og elev blindt skal underkaste seg, men eit didaktisk minste felles multiplum for det som skal skje i opplæringa. Der læreboka kjem til kort og er dårleg, er det mitt ansvar som faglærar å komplettereden med den fagkunnskapen som er naudsynt for å realisere fordringane i planverket for faget det gjeld.

Det er eg som kjenner elevane, og det er eg som er nærast til å vurdere om innhaldet i læreboka er relevant, interessant og utfordrande nok til akkurat dei elevane eg har framføre meg. I lag med elevane vert det vurdert kva innhaldet i læreboka kan brukast til og ikkje. Av og til er innhaldet for lite oppdatert, av og til er teksttilfanget for dårleg, av og til er oppgåvene ikkje gode. Ei lærebok kan vere god i seg sjølv, men høve dårleg til den konkrete elevgruppa. Når eg som lærar då går inn i læreboka (i lag med elevane), og påpeiker kva den kan brukast til og ikkje, ser elevane ein fagleg oppdatert og engasjert lærar som veit kva han driv på med, og som bryr seg om elevane sin «faglege velferd».

Sjølvsagt kan ein slik lærar klare seg utan lærebok. Om døgeret hadde førti timar, er det mange ting vi kunne gjort. Å køyre heildigitalt er uansett ikkje den draumen eg ber på, først og fremst fordi vi mister nokre av føremonene med å ha læreboka som eit analogt «anker» i kvardagen. Eg er oppteken av å få med meg alle elevane.

Heildigitale løysingar stel til dømes merksemda til eleven i større grad enn ein læretekst i papir. Det er få distraksjonar i ein fagtekst i ei lærebok, og høg grad av monotasking (å gjere ein ting om gangen), denne gløymde og edle kunst. Å rett og slett lese og tenke, utan å ha den visuelle støyen som ligg i skjermoppleving, kan vere både utfordrande og utmattande når du er vant til uro og distraksjon som normalen.

Språk- og tekstkompetanse er det viktigaste

For meg som norsklærar er språkkompetanse og tekstkompetanse det primære, og alle hjelpemiddel vurderer eg opp mot kor vidt dei støtter eller truer utviklinga av denne totalkompetansen. Eg er ikkje overtydd om at digitalisering som eit mål i seg sjølv vil støtte utvikling av språk- og tekstkompetanse.

Faget mitt, norsk, er eit syntesefag med mange byggesteinar både frå nær og fjern fortid, og det er mi utfordring å gje desse byggesteinane samtidsrelevans for elevane. Det er ikkje sånn at faget sine tradisjonelle komponentar endrar seg frå dag til dag, og mykje av det vi har i tradisjonen har ei imponerande haldbarheit. Sjå berre på Aristoteles sitt retoriske analyseapparat, som er like gyldige reiskap i analyse av ein tale frå middelalderen som i analyse av Tybring-Gjedde sitt forsvar for å gje Nobel-prisen til Donald Trump.

Det er sjølvsagt eit spissformulert og dårleg retorisk spørsmål frå mi side, men trur desse kritikarane av gjeldande lærebokpraksis at all kunnskap som er mellom to permar, har gått ut på dato i det boka har gått i trykken? Det vitnar i so fall om låge tankar om kva som ligg i eit fag, ein fagtradisjon og vitskapleg utvikling. Eg driv aktivt med kritisk perspektiv på lærebøker når eg underviser, og det er for å kunne bruke dei godt. Der læreboka stoggar, held eg fram. Der den er dårleg, er eg (håpar eg) god. Der den er god, let eg elevane bruke den.

Stadig dialog og refleksiv praksis med utgangspunkt i gode lærebøker er forsvarleg praksis som kjem alle elevar til gode. Boka som læremiddel går aldri ut på dato, men det gjer vi som pedagogar, om vi ukritisk gjer knefall for det eine eller andre læremiddelet. Om du Ikt-frelste vil læreboka til livs, ikkje hån meg og dei med meg som faktisk brukar den både kritisk og konstruktivt for det den er verd og ikkje verd. Eg er heller ikkje papir-fantast.

Powered by Labrador CMS