De hvite bussene kjørte til Tyskland for hente tusenvis av skandinaviske krigsfanger.

Arrangørar av skoleturar har store problem

Skoleturane er avlyst. Arrangørar av reiser til krigsminne etter andre verdskrigen i Tyskland og Polen er i store økonomiske vanskar.

Publisert

Hos den største arrangøren, Aktive fredsreiser, er alle dei om lag 20 tilsette på kontoret permitterte. Hos Hvite Busser arbeider to tilsette førti prosent kvar.

Skoleturane er avlyste, og arrangørane får ikkje pengar.

15 millionar i tilskot

Båe fortel rett nok at omlag åtti prosent av alle turane dette skoleåret alt er avvikla. Dei aller fleste klassane reiser i tilknytting til haustferien. Mesteparten av turane for neste skoleår er også planlagt for hausten.

– Vi håpar å kunne flytte desse turane til over jul, seier Vidar Fjeldstad i styret for Aktive Fredsreiser. Da får elevane turen sin og Aktive Fredsreiser får betaling.

Les denne! Dette kan foreldre gjøre med innsamlede leirskole-penger

– Men så godt om alle som skulle reist nå i vår er tiandeklassingar. Dei kan ikkje reise seinare, understrekar Fjeldstad.

– Vi har snille bankar, svarar han på spørsmål om kor alvorleg den økonomiske eigentleg situasjonen er. Andre lyspunkt finn han ikkje.

Dagleg leiar Ole Johnny Hansen Hvite Busser skildrar stoda på same måte som Vidar Fjeldstad.

– Vi er ein ideell verksemd som ikkje tar ut utbytte. Men vi må jo ha pengar for å drive. Nå er alt svært usikkert og uoversikteleg, seier han til Utdanningsnytt.

Les også: Venneforening tjener penger på trafikale grunnkurs og jegerprøven – gir overskuddet til skolen

Til skoleåret 2019/20 løyvde Stortinget 15 millionar i tilskot til skoleturar til krigsminne i Tyskland og Polen, som ein del av Handlingsplan mot antisemitisme. Dette tilskotet skal ikkje dekkje meir enn ein tredel av prisen for turen.

Ved, dorullar og kantinedrift

Utdanningsdirektoratet seier på sine nettsider at det ikkje er avklart korleis pengar for turar som blir avlyste skal bli betalt tilbake.

Tilskotet blir fordelt etter elevtalet, men turperatøren søkjer og får utbetalt tilskotet på vegne av sine kundar. For dette skoleåret fekk dei ideelle aktørane Aktive fredsreiser snautt ni av desse millionane, og Hvite Busser drygt fire.

Dette skoleåret var det første der slike reiser fekk slikt tilskot. For neste skoleår er det løyva 15,5 millionar til dette.

Aktive fredsreiser skulle dette skoleåret hatt omlag 15 000 elevar på tur til Polen og Tyskland.

Blant andre arrangørar er Plussreiser, som arrangerer turar til stader relevante for kristelege og med reiseleiarar og og kallar seg reisepastorar. Dag Aasebø travel er døme på ein tradisjonell kommersiell reisearrangør som og lagar slike turar. Skolar er og eigne reisearrangørar.

Tiandeklasse ved Sør-Aurdal ungdomsskole har hoggd ved, seld dorullar og drive skolekantine i tre år for å kunne dra på tur til Polen nå i vår. I alt har dei samla inn 264 000 kroner. Dei har nå kasta seg rundt og drar til Lofoten i staden, seier rektor Jan Henrik Bakke til Utdannigsnytt.

Powered by Labrador CMS