Svenske skolar får vakter mot vaksinemotstandarar

Rektorar over heile Sverige har fått truslar frå vaksinemotstandarar.

Publisert Sist oppdatert

På grunn av uroa som truslane har skapt blant dei skoletilsette, har kommunen Malung-Sälen bestemt at vaktar frå det frivillige sivilforsvaret skal ungdomsskolar under koronavaksineringa. Det er SVT som melder dette.

– Vi kan jo ikkje pågripe noen, men vi kan hjelpe til med å skaffe kontakt med politiet om det skulle bli nødvendig, seier leiaren i den frivillige ressursgruppa i Malung-Sälen, Folke Emilsson.

I Sverige kan barn i risikogruppa og som er fødde etter 2005 bli vaksinerte mot korona, og vaksineringa skjer på skolane.

Les også: Alle ansatte i Osloskolene får tilbud om gratis influensavaksine

Powered by Labrador CMS