Vil du gje meg klede å arbeide i, Guri Melby?

No skal me ut med elevene for å hindre smitte. Og i all slags vær går me ut.

Publisert Sist oppdatert

Men me lærere får ikke arbeidsklede. I motsetning til barnehageansatte som får klesgodtgjersle bruker me private klede kjøpt for eigne penger.

Me vaskar også våre egne klede hardt for å unngå å dra smitte med heim. Kleda ein har på jobb er no berre brukt der. Ein vane nok mange barneskulelærere hadde frå før av. Men belastningen med å kjøpe arbeidsklede av eigen lomme er ikkje ny.

Så Guri, skal du gje meg arbeidsklede no som eg er ute fem dagar i veka? Regnbuksa mi byrjar å verte slitt.

Det svei godt i lommeboka for ein nyutdanna lærer når ein elev reiv opp den fora regnbuksa i eit forsøk på å gjøyme seg bak meg under ei vakt når han vart jaga av ein anna sint elev. Eg hugsa godt at eg måtte velge vekk nokre julegaver for å få på plass ny fora regnbukse som tåler høljregn.

Men sjølv om ansiteten gjer lønna høgare og studielånet krympar er det ofte sure penger som kjem ubeleilig på. Lommer rakner då elever drar i ein og jommensanten fekk eg ikkje hull i jakken av ei glo då me grilla pølser.

Lærere er ute kvar dag i friminutta i klede dei kjøper sjølv for eigne penger. Me ser verdien i uteskule og mange er glad i å være ute i skog og mark med elevane. Men eg lurer ofte på om det at utstyret ikkje alltid er på topp gjer oss meir utsatt for sjukdommer.

Eg fraus godt dei vekene eg ikkje hadde fora regnbukse før lønna kom. Og kanskje ein står over nokre dagar uteskule då ein ikkje har varme eller passende klær. Ein eldre kollega sa draumande då me snakka om dette på lærerrommet ein gong; tenk om me kunne vorte sponsa, ja, sånn som fotballspelare eller langrennstjerner. Men det er jo ganske trist at me må tenke i dei baner.

At staten ikkje kan gje lærere det dei treng for å holde seg varme medan dei tek vare på framtida til landet seier noko om statusen til yrket. Så Guri, skal du gje meg arbeidsklede no som eg er ute fem dagar i veka? Regnbuksa mi byrjar å verte slitt.

Innsenderen ønsker å være anonym.
Redaksjonen kjenner til identiteten.
Red.

Powered by Labrador CMS