Skolane får mindre pengar neste år

Kommunane kjem ikkje til å auke skolebudsjetta for 2016 så mye at det held tritt med lønns- og prisveksten.

Publisert

Det er KS, interesseorganisasjonen for kommunar og fylkeskommunar, som konkluderer slik i si budsjettundersøking for 2016. Undersøkinga byggjer på framlegg til budsjett og økonomiplan for 78 kommunar. Det er altså framlegga, ikkje dei vedtekne budsjetta, som ligg til grunn for undersøkinga. Det nøyaktige talet for spriket mellom vekst i grunnskolesektoren og lønns- og prisvekst kan undersøkinga ikkje gi.

Det er i hovudsak tre grunnar til den låge veksten. Ein er at kommunar gjer reine kutt i skolebudsjetta. Ein annan grunn til at kommunanen planlegg å bruke mindre på skolen, er framlegg om endring i skolestrukturen – færre og større skolar er billegare enn mange og små.

Samstundes går talet på barn mellom 6 og 15 år ned i om lag halvparten av kommunane. Det er særleg venta nedgang i elevtalet på ungdomsskolen. Der dette skjer, vil det påverke utgiftene til skole. Men samstundes aukar talet på skoleungar i dei største kommunane.

Den største veksten i kommunebudsjetta får sosiale tenester og barnevern, ifølgje undersøkinga. Her er det forventa vekst ut over lønns- og prisvekst.

Ifølgje undersøkinga ser det ut til at kommunane vil investere i alt 70 milliardar kroner i 2016. Av desse vil 14 milliardar bli brukt på skole og 3 milliardar på barnehage.

 

 

 

Powered by Labrador CMS