Sektor for oppvekst er ein av tre tenesteproduserande sektorar i Midt-Telemark kommune. Sektoren har ansvar for skule, barnehage, senter for kompetanse og inkludering, interkommunalt barnevernteneste og interkommunal PPT. Kommunen har både private og kommunale barnehagar og ein privat skule.
Fakta om stillinga:
Søknadsfrist: 15.08.2021
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Sted: Bø, Midt-Telemark
Stillingstittel: Kommunalsjef for oppvekst
Heltid / Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast
Kort om stillinga
Kommunalsjefen er leiar for sektoren og medlem av kommunedirektøren si leiargruppe. Nåverande kommunalsjef har gått over i ei anna stilling utanfor kommunen. Vi søker no etter ein ny kommunalsjef for oppvekst. Kommunalsjefen har ansvar for økonomi, personell og fag innanfor sektoren. Til stillinga ligg også rolla som sekretær for det politiske utvalet som er delegert oppgåver innanfor sektoren.
Arbeidsoppgåver
Leie sektor for oppvekst
Legge fram saker til politisk handsaming og fylgje opp politiske vedtak
Ansvar for økonomi, personell og fag
Overordna utviklingsansvar for sektoren
Tverrfagleg samarbeid
Vere ein del av kommunedirektøren si leiargruppe
Ansvar for et godt arbeidsmiljø i sektoren
Krav til utdanning
Høgare pedagogisk utdanning
Formell leiarkompetanse
Formell kompetanse innanfor økonomi
Kompetanse innanfor bruk av digitale verktøy
Ønskja kvalifikasjonar
God evne til å skape resultat gjennom tverrfagleg arbeid
Relevant leiarerfaring frå oppvekstområdet og trygg utøving av leiarrolla
Skulefagleg bakgrunn
God evne til å skape resultat gjennom endringsprosessar
God evne til partsarbeid
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Personlege egenskapar
Kommunalsjefen må identifisere seg kommunen sitt verdigrunnlag og ha høg fokus på godt arbeidsmiljø.
Vere løysingsorientera, ha evne til å fatte avgjerd og til å gjennomføre
Kunne inspirere
Ha god evne til kommunikasjon og samarbeid
Vere fagleg oppdatera, innovativ og kreativ
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet. I intervjuet vil kandidaten bli beden om å kome med referansar til overordna, sideordna, underordna og representantar for dei tilsette. Søkarar som blir kalla inn til intervju vil få ei oppgåve dei skal svare på.
Særskilt for stillinga
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling. Førarkort kl. B Den som blir tilsett må kunne legge fram attest frå politiet jf. opplæringslova § 10-9 Den som tilsettast må disponere eigen bil. Midt-Telemark er ein kommune som har både bokmål og nynorsk som hovudmål. Kommunalsjefen må kunne utrykke seg skrifteleg på begge målformene.
Vi tilbyr
Travle dagar med spanande utfordringar i eit utviklingsorientera miljø
Ein arbeidsgjevar som arbeider aktivt for helsefremmande arbeidsplassar
Løn etter avtale
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar. Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.