Motivasjon er viktig kriterium for opptak til lærarutdanning

Ved lærarutdanninga ved Teknisk Universitet München i Tyskland blir studentane tatt opp på grunnlag av både karakterar og motivasjon.

Publisert

Ei samla vurdering av skildringa søkjaren gir av eigen motivasjon i eit motivasjonsskriv og vitnemål frå relevant utdanning, har sidan 2009 danna grunnlag for opptak til gymnaslærarutdanning ved universitetet.

 

25 av 100

Studentane må gjere greie for motivasjonen til å bli lærar ved opptak til bachelor-studiet, og igjen når dei vil ta mastergrad.

Er institusjonen usikker på om søkjaren er motivert til å bli lærar eller ikkje, kallar dei inn til samtale.

– Vi vel å kalle dette ein rettleiingsssamtale, det er ikkje ein samtale for utveljing, seier Kristina Reiss til Utdanning. Ho er professor i matematikkdidaktikk og dekan ved lærarutdanninga ved universitetet.

Av dei drygt hundre som startar på denne lærarutdanninga, har om lag 25 vore gjennom slike samtalar.

– To tilsette og ein student deltek i samtalane med kandidaten. Når eg er med, er eg alltid svært interessert i om kandidaten har erfaring frå å leie grupper med barn og unge. Om det er grupper knytt til religiøs aktivitet, idrett eller politikk, er ikkje viktig. Men kandidaten må vite at han likar å vere saman med og leie grupper av barn og unge, seier Reiss. Om lag nitti prosent av kandidatane som deltek i slike samtalar, får plass.

 

– Større sjanse til å få motiverte lærarstudentar

– Kandidatar kan seie at motivasjonen deira for å bli lærar er at dei elskar matematikk. Dei elskar matematikk så høgt at det ikkje er noe anna enn lærar dei kan bli. Men er kjærleiken til matematikk den einaste motivasjonen, er dei ikkje kvalifiserte til å studere hos oss, held Kristina Reiss fram.

– Å fungere i klasserommet krev mye meir enn kjærleik til faget. Det krev evne og interesse for å vere saman med og leie barn og unge, og kunnskap og interesse for korleis læring skjer, seier ho.

Kor mange søkjarar som blir avvist, har ho ikkje oversikt over.

– Er det tidkrevjande å vurdere motivasjonsskildringar og å ha rettleiingssamtalar?

– Ja, men det løner seg fordi vi har større sjanse til å få motiverte lærarstudentar, seier Kristina Reiss.

 

Pedagogstudentane: Interessant!

Det er dei som søkjer om å bli gymnaslærarar som må gjere greie for motivasjonen når dei søkjer. I Tyskland kan gymnasiet omfatte alle dei ni siste åra av eit trettenårig skoleløp.

Teknisk Universitet München har og yrkeslærarutdanning. Her er det ikkje krav om at søknad om opptak skal omfatte motivasonsskriv. Ifølgje Reiss er ein grunn til det at konkurransen om studentane er hardare her, og universitetet tør ikkje vere aleine om å ha eit slikt krav.

– I staden har vi ein rettleiingssamtale etter første praksisperiode, seier Kristina Reiss.

Leiar i Pedagogstudentane Silje Marie Bentzen seier til Utdanning at det er interessant slik dei gjer det i München.

– Vi er på jakt etter måtar der søkjarar til lærarutdanning kan få vise meir av kvalifikasjonane sine enn berre dei som kjem fram av vitnemål. Å ta motivasjon med i opptakskriteria kan vere med på å redusere fråfallet i lærarutdanninga, avsluttar ho.

 

Powered by Labrador CMS