Høgt fråvær gi innkalling til helsesøster

Elevar med høgt fråvær får automatisk tilbod om time hos helsesøster. Det er kjerna i forsøksprosjektet som nå er starta opp ved åtte vidaregåande skolar i Bergen.

Målet med tiltaket er å få ned talet på elevar som ikkje gjennomfører vidaregåande skole. Forskningstal seier at førti prosent av dei som droppar ut av vidaregåande skole ikkje har vore innom helsesøster før dei forsvinn, ifølgje NRK.

Leiar for prosjektet er Ingrid Oma Langeland. Ho seier at det gjerne er i gymtimane fråværet først viser seg. Difor vil elevar som har vore borte tre gymtimar få tilbod om samtale med helsesøster.

Powered by Labrador CMS