Gratisprinsipp til alle gjev sosial utjamning

Debatt: Det blir heilt feil når gratisprinsippet ikkje gjeld for alle deler av vidaregåande opplæring.

Publisert Sist oppdatert

For nokre år sidan vart «kjærleik» kåra til det vakraste ordet i nynorsk, med protestar frå Sunnmøre, som hadde «gratis» som sin kandidat for både bokmål og nynorsk. I skulen treng vi uansett både kjærleik- og gratisprinsipp, om vi skal kunne gje god opplæring på like vilkår til alle, uansett sosial bakgrunn, etnisitet eller kjønn. Slik er det ikkje i dag, delar av utdanninga har framleis ein prislapp som stoggar folk sine ambisjonar.

Når vi får nye statsrådar i posisjon, er det vanleg at fokuset ligg på dei store sakene som har fått mykje og ofte vel fortent merksemd i media og ordskiftet. Ny kunnskapsminister Tonje Brenna har vore på ballen på mange saker som lærarane i skule og barnehage er engasjerte i, som lærarspesialistordninga, finansiering av private barnehagar og fråversgrense, for å nemne nokon. Eg ventar framleis på §9A-5, men har tru på at denne «krenkeparagrafen» vert problematisert på eit tidspunkt.

Det har særleg vore ein frisk og pågåande tone frå ny regjering si side for å problematisere utfordrande sider ved privatisering i alle sine uttrykk og avartar, og personleg er eg glad for at dette området, som har hatt høve til å vekse ganske fritt og vilt dei siste åra, blir luka i. Ingen av gartnarane vi har hatt i blått gartnarantrekk har ynskt å rense opp i det overfylte blomsterbedet av private tilbydarar innanfor utdanning. Vi får håpe på at raudgrønt antrekk gjer susen.

I dette innlegget i VG vert private aktørar i vidaregåande opplæring særleg problematisert, og innlegget er eit godt utgangspunkt for å framheve nokre perspektiv og styrke nokre resonnementer. Det er på høg tid å få gjort noko med alle «betaltenestene» i vidaregåande opplæring, og eg er spent på fortsettinga.

Om ein deltakar i vaksenopplæringa ønsker å ta eit krevjande studium på universitetet, må vedkommande ty til private aktørar for å få opplæring.

Det er slik i dag at fylkeskommunane har vidaregåande tilbod for vaksne og unge som ønsker å dyktiggjere seg for høgare utdanning. Fylkeskommunane har diverre ikkje opplæringstilbod i alle fag som trengs for å kome inn på alle høgare utdanningar. Om ein deltakar i vaksenopplæringa ønsker å ta eit krevjande studium på universitetet, må vedkommande ty til private aktørar for å få opplæring. I innlegget står det følgjande: «Ifølge Brenna har rundt 40 prosent av utdanningsprogrammene på høyere utdanning særkrav, som for eksempel et krav om realfagsmatte.» For å realisere desse særkrava, er deltakarane dømt til å betale for opplæring.

Prisane varierar, men det er likevel ein vesentleg kostnad for sårbare privatøkonomiar å måtte finansiere dette av eiga lomme. På nokre skular må ein til og med gjennomføre ei prøve til «bestått/ikke bestått» i skulen sitt livssyn for å ta ein eksamen i kjemi eller matematikk. Sånn bør det ikkje vere.

Om ein forfølgjer Brenna sine tal, tilseier det at gratisprinsippet, som har vore ein berebjelke i utdanningssystemet vårt, gjeld berre for 60 prosent av tilboda i vidaregåande opplæring. Det er sjølvsagt misvisande når det står i innlegget at elevar betaler seg til karakterar. Det gjer dei ikkje, eg er ikkje i tvil om at den faglege kvaliteten er god, og at elevane betalar for opplæring, ikkje for karakterar. Det er likevel eit urovekkande høgt tal, og ugreit når deltakarar/elevar må betale seg til opplæring i somme fag, andre ikkje.

Les også: Elevar, ikkje deltakarar

Det er likevel heilt feil når gratisprinsippet ikkje gjeld for alle deler av vidaregåande opplæring. Det bør det gjere, slik at høve til utdanning ikkje vert regulert av privatøkonomi. Då vil den tverrpolitiske målsettinga om sosial utjamning halde fram med å vere ein utopi på ubestemd tid.

Eg voner at ny regjering ser endå nærare på problemstillinga med at delar av høgare utdanning er reservert for dei som har råd til å betale utdanning på vidaregåande nivå av eiga lomme. I samband med ny opplæringslov, har regjeringa høve til å leggje til rette for eit styrka offentleg opplæringstilbod og for denne viktige delen av vidaregåande opplæring. Just do it!

Tilrettelegginga har fleire sider. Fylkeskommunane bør få ei plikt gjennom ny opplæringslov til å ha undervisingstilbod i alle fag på vidaregåande nivå som førebur til all høgare utdanning, og dei treng då rammer og løyvinger som gjer dei i stand til å etterleve lova sin bokstav.

Det vil styrke fellesskulen gjennom å styrke gratisprinsippet, og det vil vere eitt av fleire bidrag for styrka sosial utjamning, slik at vi kan få rekruttert folk frå absolutt alle samfunnslag og etniske bakgrunnar til alle utdanningane vi finn på høgskule- og universitetsnivå.

Eg er spend på fortsettinga. Vi har no høyrt orda. Kva blir handlingane av?

Powered by Labrador CMS