Mehmet Kaan Inan.

Høgre vil begeistre Oslo-lærarane med ein idebank

Ein idebank for læreglede og lærelyst er blant lovnadane i Oslo Høgre sitt valkampprogram. Bergen Høgre lovar det same og viser til Oslo.

Publisert Sist oppdatert

– Først: Kva er ein idebank?

Utdanningsnytt spør Memet Kaan Inan, utdanningspolitisk talsperson for Oslo Høgre.

– Det er ein bank der lærarar, rektorar, forskarar og elevar legg inn gode idear som fremjer lærelyst og læreglede, til inspirasjon og støtte for andre lærarar. Eit eksempel kan vere at vi har mange dyktige lærarar som er gode til å gi god undervisning til dyslektikarar, og den kunnskapen vil eg at enda fleire lærere skal få, seier Inan.

– Kvifor meiner Oslo Høgre at lærarane treng dette?

– Vi ønskjer ein skole for læreglede og læreslyst. Og vi, i motsetnad til venstresida, meiner vi ikkje treng å slutte med vurdering, karakterar, lekser og fråversgrense for å skape dette. Tvert om, det blir ikkje læreglede av at vi sluttar å stille krav til elevane, seier Mehmet Kaan Inan.

– 72 prosent av elevane i Oslo synes det er kjedeleg på skolen ifølge undersøkinga Ung i Oslo. Og det vil vi til livs, held han fram.

 – Lærarar eg møter etterlyser framfor alt ein ting: Begeistring. Dei vil ha meir glød. Difor vil vi gi lærarane ein bank der dei kan hente kunnskap og dele didaktiske og pedagogiske tips og idear om å fremje lærelyst og læreglede. Vi har utruleg gode lærarar i Osloskolen, og eg vil at dei saman skal styrke profesjonsfellesskapen sin, seier Inan.

– Meiner de at dei ikkje stekk til, verktøya for å skape læreglede som lærarane alt har i verktøykassa si frå utdanning og praksis ?

–  Dette er ikkje mistillit til kunnskapen lærarane alt har. Tvert om. Det er mange flinke lærarar som arbeider med didaktikk kvar einaste dag. Men vi kan ikkje forvente at lærarane heile tida skal lese lange forskingsrapportar om didaktiske og pedagogiske spørsmål, seier Inan.

 – Hugs at elevgruppa er svært samansett. Det er elevar med problem som dysleksi, autisme og mange fleire diagnosar som krev tilrettelegging, og det er dei høgtpresterande. Alle skal bli møtt på sitt nivå. Da kan det vere greitt å gå inn i ein slik idebank og finne tips om korleis ting kan gjerast, held han fram. 

Lærarane fortener politikarinitiativ

–  Vi meiner lærarane fortener at vi politikarar tar initiativ til at dei lettare får tilgang til kunnskap. Så må naturlegvis lærarane ta i mot og ta i bruk det vi kjem med. Lærarar eg har vore i kontakt med ber oss om dette. Mange skolar har gode system for å utveksle kunnskap, men vi meiner at vi frå kommunen si side også bør leggje til rette for dette mellom skolar.

– Kva vil det vil koste å byggje opp og drive ein slik bank?

– Noe pengar vil det vel krevje. Men vi trur ikkje at det treng å bli særleg dyrt å lage eit system for å dele idear, vsluttar Memet Kaan Inan.

  – Eit forpliktande valløfte om skolehus der elevar og lærarar ikkje risikerte helsa hadde vore eit godt tiltak for lærelyst og læreglede, seier Alexander Meyer.

Han er lærar og tidlegare leiar av Lærarstandens etiske råd, og lite imponert over valløftet om ein idebank.

– Enda ein nettstad i den tallrike vrimmelen av idebankar med intensjon om å inspirere lærarar, det gjer jo ingen skade. Så eg kan ikkje vere i mot, seier han.

Provosert

Likevel er han provosert av vallovnaden frå Oslo Høgre, som systerpartiet i Bergen lovar å ta etter.

– Det er ved å love pengar at politikarane viser at dei verdset skolen. Denne lovnaden er så godt som gratis. Det er ikkje berre valflesk, det er gratis valflesk. Ein slik bank kostar ingenting, slår Meyer fast.

– Kan banken vere nyttig likevel?

– Alle forstår at skolerom fri for mugg og helsefare, gode arbeidsplassar for lærarar og elevar, uterom der det er moro å halde på med ting, det er nyttig og aukar lærelyst og læreglede, seier Meyer, og held fram.

– Om vi går til det meir underliggande må vi gjere meir enn å hjelpe lærarane til å vere tryllekunstnarar i klasserommet. Vi må la elevane få bruke kroppen sin til meir enn å frakte hovuda rundt mellom klasserom og skolegard. Vi må la elevane få vere barn og ungdommar, og lærarane få vere vaksne. Båe grupper må få bestemme meir i eigen kvardag.

Sorg

– Statistikken frå Oslo seier at 25 prosent av elevane er heilt einige i at dei har det kjedeleg på skolen. 47 prosent er litt einige. Så kor stort er problemet?

– For meg er det eit svært stort problem at ein av fire er heilt einig i at skolen er kjedeleg. Eg opplever at det er ein skjult sorg i skolen over at vi ikkje får gjort meir for desse elevane. Vi veit at stikkord er aktivering og påverking på eigen kvardag. Heller enn å kome med dei same framlegga for betre skole igjen og igjen må vi gjere noe grunnleggjande nytt med heile situasjonen ut frå desse premissa.

– Nå diskuterer vi opp mot ein kommunevalkamp. Er det på lokalplanet vi skaper nye grunnleggjande føresetnadar for undervisning?

– Kvifor ikkje? Ingenting hindrar diskusjonar om skole og skolepraksis på ulike nivå i ein kommune. Ingenting hindrar ein kommune i å søkje om å gjere forsøk med ny skolepraksis. Men slike forsøk vil koste pengar, akkurat som gode skolehus. Og ein idebank er gratis, seier Alexander Meyer.

 Negativ utvikling

– Alle dei fem spørsmåla om skole i Ung i Oslo-undersøkinga har hatt ein liten utvikling i negativ lei når vi ser dei siste åtte åra under eitt, seier Anders Bakken, forskar ved Nova. Det er dei som gjer Ung i Oslo- undersøkingane.

– Vi meiner jo dette er verdt å merkje seg, seier Bakken, som samstundes understrekar at det ikkje er hans oppgåve å kome med råd om kva som bør gjerast.

Triveleg

Den siste undersøkinga viser både at 25 prosent av elevane var heilt einige og 47 prosent var litt einige i at det var kjedeleg på skolen, og at 88 prosent einige eller litt einige i at dei hadde det triveleg der.

– Kanan ein ha det triveleg og kjedeleg på ein gong?

– Eg tenkjer meg at elevane vurderer ein større del av skolekvardagen når dei svarar om trivsel enn når dei svarar om keisemd, seier Bakken.

– Heile skoledagen, med frikvarter og relasjonar elevane i mellom og mellom lærarar og elev, er med på å forme trivsel. Men om det er kjedeleg eller ikkje er meir knytt til sjølve undervisninga, seier han.

Bakken understrekar at det kan vere store skilnadar i gruppa av de som har det kjedeleg på kor ofte dei kjeiar seg.

 Les meir: Ung i Oslo 2023

 

 

 

Powered by Labrador CMS