Gjennom tilgang og pris har vi som samfunn starta eit stort sosialt eksperiment som vi kanskje ikkje heilt ser rekkevidda av. Har barnehagen blitt for billig i tydinga at det er barna som betaler prisen for manglande sikkerheit og stimulering? spør artikkelforfatteren. Illustrasjon: Fotolia.com

Kvalitet: Barnehagen - bra for barna?

Norske barnehagar har heilt klart eit forbetringspotensiale som både personale, barnehageeigarar og politikarar må ta tak i.

Siste tida har det kome fram i media at norske barnehagar ikkje har den kvaliteten som er forventa i eitt av verdas beste land å bu i. I ein del barnehagar får små barn for lite omsorg og direkte kontakt med personalet. Det har også skjedd alvorlege ulykker og overgrep i barnehagar. Dette er utålelege hendingar som ikkje skal skje.

Min påstand er at dei fleste barnehagane i Norge er gode nok, men at det heilt klart er eit forbetringspotensiale som både personale, barnehageeigarar og politikarar må ta tak i. Kan hende er det nødvendig at også foreldre i større grad engasjerer seg?

 

Tilgang og pris viktigast

Eg vil på ingen måtar forsvare det som har kome fram om manglande kontakt og sikkerheit, men prøver å forstå kva som ligg bak.

Barnehagen har på kort tid gått frå å vere eit gode for fåtalet av barn i Norge til å bli det normale ved ein norsk barndom. No har fire av fem eittåringar barnehageplass og omtrent alle barn i 3-5 årsalderen. Utbygginga har eksplodert sidan maksimumspris vart innført i 2003 og rett til barnehageplass, frå barnet er eitt år, vart etablert i 2009. Ei kraftig barnehageutbygging førte til nybygging, men også til at det stadig vart putta fleire born inn i eksisterande barnehagar. Tronge og lite praktiske lokalitetar er difor ikkje uvanleg.

Det økonomiske fundamentet til å drive barnehagar er knytt til tal på barn slik at til fleire barn, til meir støtte. Kvar vart det av det kritiske blikket på kva som er bra for barna, på innhaldet i barnehagen, kvaliteten?

 

Store barnegrupper og lite personale

Det er utfordrande at barnegruppene har blitt stadig større. Medan det tidlegare var tradisjon for tre vaksne på ni barn i alderen 0-3 år, kan det no vere opp til tjue barn. Sjølv om tal på personale aukar til fleire enn tre, har dei store barnehagane og barnegruppene sine avgrensingar. Personalet må bruke meir tid på å organisere og ha oversikt slik at dei i større grad får rolla som overvakarar og kontrollørar. Då kan både planlagde læringsaktivitetar og tid til leik og kos med barna bli sett på vent.

Ei anna utfordring er at sjukefråværet blant barnehagepersonale er tydeleg høgare enn i andre sektorar. Det kan vere krevjande å få tak i kvalifiserte vikarar slik at for lite personale på jobb er ikkje uvanleg. I ein del barnehagar har eigar bestemt at det ikkje skal settast inn vikar før etter to veker. Korleis påverkar dette barna sin kvardag?

 

Kvalifisert personale

I Norge har vi som tradisjon ei uvanleg personalsamansetjing samanlikna med dei fleste andre land i Europa. Berre ein av tre er utdanna barnehagelærarar med opplæring på høgskulenivå i barns utvikling, trivsel og helse medan to av tre er assistentar utan krav om utdanning i det heile.

Samfunnsutviklinga har ført til at det elles i arbeidslivet nesten ikkje finst arbeidsplassar att der personer utan nokon form for skolering, får jobb. Men utruleg nok, arbeid i barnehagen, det kan nesten kven som helst få. Blir det verkeleg sett på som så enkelt å jobbe med opptil førti 3-5 åringar eller tjue 1-2 åringar som er til stades i barnehagen åtte-ni timar pr. dag fem dagar i veka?

Framleis kan barnehagelærarstudentar med gode karakterar frå vidaregåande oppleve å få spørsmål om kvifor dei vel ei slik utdanning, sidan dei har karakterar til å kome inn på andre studiar. Det er mulig at arbeid i barnehagen blir sett på som lite krevjande og har lav status.

Eg ser heilt klart at det trengst fleire utdanna barnehagelærarar, men også at barnehagelærarutdanninga stadig må vurdere om den i stor nok grad ruster komande pedagogar til å gi barna tilstrekkeleg med omsorg og stimulering.

 

Eittåringane

Rett til barnehageplass kombinert med eitt års foreldrepermisjon etter fødsel, har lagt opp til at frå eittårsalderen er barnehageplass mange timar pr. dag det normale. Men var barnehagepersonalet førebudd på inntoget av eittåringar? Nyare forsking viser at i ein del barnehagar får småbarna både for lite kontakt og for lite tilsyn.

Mange som har hatt ansvar for små barn, veit at eit så lite barn kan trenge ein vaksen aleine for å samspele under måltid og bleieskift, lage lydar til kvarandre og ha god tid til kos og leik i barnet sine vakne timar. Små barn treng eit fang og mykje kroppskontakt. I mi barnehageforsking finn eg at barnehagelærararar etterspør både meir og kvalifisert personale: «Det er viktig å få pedagogar inn i barnehagen. Men vi må ha nok hender».

 

Foreldreansvar

Foreldre har eit kontinuerleg ansvar for barnas oppvekstmiljø og dette ansvaret stopper ikkje ved barnehageporten. Foreldre kan bidra til at barnehagen er bra for barn ved til dømes å vise positiv interesse for innhaldet i barnehagen, vere spørjande og open overfor personalet og tørre å ta opp kritikkverdige forhold.

Foreldre kan også vurdere om det er mulig å av og til gi barn kortare dagar eller ein fridag. Barn har svært djupe kjenslemessige band til sine foreldre og til yngre dei er, til sterkare treng dei foreldra sine, kvar dag. Vi som jobbar på barnehagefeltet er svært redde for å gi foreldre dårleg samvit fordi vi veit at mange i liten grad har eit val. Er det likevel mulig å stille spørsmål om barna får barnehagetid i passelege doser ut frå alder og modning?

 

Ein pris å betale

Samfunnet treng arbeidskrafta frå begge foreldra, men barnehagen skal ifølge barnehagelova vere ein pedagogisk institusjon for barn og ikkje først og fremst tilby barnepass, sjølv om dette sjølvsagt også er viktig.

Gjennom tilgang og pris har vi som samfunn starta eit stort sosialt eksperiment som vi kanskje ikkje heilt ser rekkevidda av. Har barnehagen blitt for billig i tydinga at det er barna som betaler prisen for manglande sikkerheit og stimulering? Fleire forskingsrapportar viser at ein del norske barnehagar ikkje har den kvaliteten som er forventa. Dette kan tolkast som at eksperimentet ikkje heilt har lykkast og at både personale, foreldre, politikarar, eigarar og barnehagelærarutdanning må gå saman for at barnehagen skal bli bra for alle barn.

 

  • Liv Ingrid Aske Håberg, førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen i Volda

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS