Kravstore foreldre får ikkje alltid rett

I 2016 fekk 45 klager frå foreldre på psykososialt skolemiljø avslag av fylkesmennene. – Det er eit faktum at lærarar blir trakassert av foreldre, seier Thomas Nordgård, leiar i Utdanningsforbundet Troms.

Publisert Sist oppdatert

Eleven utførte grov, planlagt vald i skoletida. Da hyra foreldra til den valdelege eleven advokat og klaga skolen inn for Fylkesmannen. Foreldra til denne eleven meinte at skolen hadde forsømt å sikre at barnet deira hadde det bra på skolen.

161 gonger fekk fylkesmennene klager på dårleg psykososialt skolemiljø i 2016. 91 av klagarane fekk medhald, men 45 fekk same svaret som dei ovannemnde foreldra. Dei fekk ikkje medhald.

Foreldreklager

  • Utdanning har lese svara frå fylkesmennene på 43 av 45 klager frå foreldre på psykososialt skolemiljø i 2016 der fylkesmannen ikkje har gitt foreldra medhald.
  • Dei to klagene vi ikkje har lese, er det ikkje gitt innsynsrett i, av di det ikkje har vore mogleg å anonymisere personane i klaga tilfredsstillande.
  • Å ikkje gi medhald tyder at fylkesmennene meiner skolen ikkje har forsømt seg, men har gjort det lova krev for å førebyggje og rette opp dårleg psykososialt miljø. Fylkesmennene tar ikkje standpunkt til om miljøet er godt eller ikkje.
  • I alt klaga 161 på dårleg psykososialt skolemiljø i 2016. Litt over halvparten av dei som klaga, 56,5 prosent, fekk medhald i at skolen ikkje hadde gjort nok for å betre miljøet. 28 prosent fekk ikkje medhald. 8,7 prosent av klagene vart oppheva, og 6,8 prosent vart avvist.
  • I årsmeldingane frå fylkesmennene dette året skriv fleire at talet på klager aukar. Dessutan brukar fylkesmannen mykje tid til å rettleie og gi råd i tilknyting til psykososialt arbeid utan at dette er knytt direkte til klager.

Av omsyn til dei andre elevane ved skolen hadde kommunen bestemt at denne eleven måtte bytte skole. Men foreldra protesterte. Dei meinte at skolen tidlegare ikkje hadde sett inn gode nok tiltak for å hindre at eleven vart valdeleg, og at retten til eit godt psykososialt skolemiljø ikkje var oppfylt.

Skolen si framstilling er heilt annleis. På grunn av stadige konfliktar og valdelege hendingar hadde det lenge vore fleire og omfattande tiltak rundt denne eleven. Den grove valden skjedde trass i dette. Nå gjekk det ikkje lenger.

Sorg og sinne

I kvar einaste av dei klagene som ikkje fekk medhald, har partane lagt ned enormt med tid. Det er halde lange rekkjer av krevjande møte og skrive talrike brev, referat og vedtak. Sinne og sorg er berre nokre av kjenslene som er sett i sving hos alle dei involverte, familiane så vel som skole- og kommunetilsette.

Dette kjem fram, direkte eller indirekte, i alle saksoppsummeringane fylkesmennene har gjort.

I alt åtte klager kjem frå foreldre til barn som har vore valdelege eller på anna vis blitt ein fare for andre ungar. Skolen har ikkje gjort det den skal for å hindre desse ungane i å bli plageånder, skal vi tru desse foreldra.

Eit døme på det kan vere klagen frå eit anna foreldrepar, som òg har hyrt advokat i si sak mot skolen. Sentralt i deira klage er at under aggresjonsutbrot, som barnet ofte hadde, har lærarar tatt barnet bort frå dei andre barna. Foreldra meiner at skolen med det har brote undervisningsplikta.

At å ta elevar ut av klassen under aggresjonsutbrot bryt med undervisningsplikta, er eit sentralt tema også i ei anna klage, også denne framført gjennom advokat.

Skuldar skolen for å bruke vald

Det er fleire døme på at foreldre skuldar skolen for vald og maktmisbruk mot valdelege elevar. Eit foreldrepar legg til at med det har skolen utsett eleven for vald og sjikane frå medelevar.

Lærarane innsåg tidleg at dette barnet var utagerande, ikkje høyrde på vaksne og kunne vere valdeleg. Dei kopla inn eksterne støtteinstansar og sette i verk tiltak. Likevel gjekk det av og til gale. Da måtte dei tilsette halde ungen fast, så ikkje andre elevar vart skada.

Fylkesmannen avviser at det å halde eit barn for å hindre vald mot eit anna barn, er maktmisbruk.

Opplæringslova §9a

Når ein elev seier at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.

Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå

a) kva problem tiltaka skal løyse,

b) kva tiltak skolen har planlagt,

c) når tiltaka skal gjennomførast,

d) kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka,

e) når tiltaka skal evaluerast.

Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte ledd.

Ei mor får ikkje støtte hos Fylkesmannen i at skolen skaper problem for barnet, fordi skolen meiner barnet mobbar andre barn.

Og mor har rett i at skolen meiner barnet mobbar. Difor må barnet vere att på skolen i 15 minutt kvar dag, slik at den mest utsette medeleven får eit forsprang på heimvegen.

Dessutan hadde barnet ein assistent tett på heile skoletida, og klare reglar for kva barnet skal gjere når det merkar at det blir sint. Ifølgje skolen har tiltaka hatt god effekt, og Fylkesmannen aksepterer tiltaka.

Klager på lærarar

Åtte klager på namngjevne lærarar har ikkje fått medhald hos Fylkesmannen. Lærarane er klaga for å ikkje kunne faget sitt og for å trakassere elevar.

Eit foreldrepar meiner tilliten til skolen er broten etter at det kom ny kontaktlærar i klassen. Barnet er utrygg på skolen og kan ikkje vere aleine med kontaktlæraren, ifølgje familien.

Rektor avviser å gi eleven ny kontaktlærar og seier konflikten går mellom foreldra og skolen, ikkje mellom lærar og elev.

I sitt avslag legg fylkesmannen stor vekt på rapporten frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som etter observasjonar skriv at eleven verkar trygg i dialog med kontaktlærar og at det er ein god og varm tone mellom dei.

Skuldar læraren for mye gale

Ein lærar blir klaga både for undervisnings-metode, fagleg kompetanse, vurdering av arbeidet til eleven og for at læraren trakasserte og behandla eleven dårleg.

Observasjon i timane til læraren av skolens personale stadfesta ikkje dette. Eleven og faren vart både munnleg og skriftleg bedne om å utdjupe klagene. Likevel fann skolen det vanskeleg å forstå kva dei konkret gjekk ut på.

Trakassering

Ei mor klager av di barnet blir trakassert av læraren etter at eleven hadde retta på læraren da denne sa noko som var fagleg feil.

Skoleleiinga undersøker blant medelevar og andre lærarar, men ingen stadfestar trakasseringa. Heller ikkje to ulike miljøundersøkingar ved skolen skolens personale nyleg viste desse problema. Skolen avviser klaga.

Psykososialt skolemiljø

Dei mellommenneskelege tilhøva ved skolen, det sosiale miljøet ved skolen og korleis elevar og personale opplever dette, er definert som det psykososiale skolemiljøet.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Ville at læraren skulle orsake

Ein familie vil at læraren til barnet skal be om orsaking for å ha sagt at ei utsegn frå barnet hadde rasistisk tendens. Barnet hadde nekta å sitje ved sida av utlendingar, av di dei bråkar for mykje.

Læraren har ikkje sagt seg lei for dette, og rektor har ikkje pressa. Foreldra klager også på at litt over halvparten av barna i klassen har afrikansk bakgrunn.

Får ikkje vikar

Blant klagene er det eitt døme på at foreldre, rektor og læraren sjølv er samde om at læraren har snakka krenkjande til barnet. Rektor set opp eit program for oppfølging av læraren, og det blir sett i verk tiltak for å støtte og skjerme eleven.

Trass dette kjem læraren enda ein gong med krenkjande utsegn. Foreldra vil nå ha læraren bort frå skolen. Rektor avslår dette. Argumentet er at læraren underviser i eit avgangsfag, det er få månader til skoleslutt og det er ikkje realistisk at skolen vil kunne få ein faglært vikar i denne tida. Fylkesmannen er einig med rektor.

Krev at medelev må flytte

I fire saker krev foreldre at andre barn blir flytta bort frå deira barn.

I eitt av tilfella er det, etter å ha lese vedtaket frå Fylkesmannen, lett å tru foreldra i at det dreier seg om eit barn det er vanskeleg å vere i klasse med. Men det er òg døme på at foreldra meiner eit anna barn er til skade for deira barn, sjølv om barna meiner dei to er vener, og skolen oppfattar tilhøvet mellom barna som godt.

Mykje gråt

Ein skole har alt tatt opp med foreldra at barnet gret mykje. Sjølv seier barnet at det gret av di foreldra har flytta frå kvarandre, og barnet veit ikkje kvar det skal bu. Den eine forelderen meiner likevel at gråten kjem av mobbing, og at skolen må stoppe mobbinga. Undersøking skolen har gjort, stadfestar ikkje mobbing.

Ein klage på mobbing frå ein namngjeven medelev avviser Fylkesmannen med grunngjevinga at desse elevane er i konflikt, det er ikkje den eine som mobbar den andre.

Domstolen dømmer annleis enn Fylkesmannen

I to dommar frå 2017 tar retten ei anna avgjerd enn Fylkesmannen.

Den eine dommen har bakgrunn i at ein skoleelev blir utsett for vald og grov krenking av seksuell karakter av tre medelevar i skoletida.

Foreldra til den krenkte eleven klaga skolen inn for Fylkesmannen og fekk medhald i at sakshandsaminga ved skolen ikkje hadde vore korrekt.

Foreldra melde dessutan rektor til politiet. Politiet konkluderte med å gje rektor påtaleunnlating. Det tyder at politiet meiner rektor ikkje har handla korrekt, men at forsømminga ikkje bør føre til straffetiltak. Rektor ville likevel få saka på sitt rulleblad og godtok dette.

Saka kom difor opp for retten. I dommen i Eidsivating lagmannsrett fekk rektor ros for handlekraft og initiativ. Retten slo fast at rektor ikkje er å klandre.

Sentralt i saka er tiltaka skolen har gjort for å, i ettertid, skjerme den utsette eleven frå overgriparane. Ved fire høve har dette ikkje fungert. Men retten meiner at rektor ikkje kan klandrast for dette.

Fylkesmannen gav òg medhald til eit foreldrepar som meinte skolen ikkje hadde gjort det han skulle for å hindre at barnet hamna i konfliktsituasjonar. Barnet hadde store åtferdsproblem og vart lett sint. Dette førte til konfliktar. Foreldra klandra skolen for å ikkje gjere nok for å hindre at barnet vart sint. Men Øst-Finnmark Tingrett meinte problema kom av at barnet lett vart sint. Skolen hadde gjort det skolen skulle.

– Regelverket er ikkje godt kjent

– Lova om psykososialt skolemiljø er ei sterk og viktig lov. Nå diskuterer mange om rettsleggjeringa av skolen kan gå ut over pedagogikken, seier Grethe Hovde Parr.

Ho er utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus, og leiar ei avdeling der fem personar berre arbeider med klager på psykososialt skolemiljø. Ni andre har dette som ein viktig del av sitt arbeid.

Kvar klage blir handsama av både ein jurist og ein pedagog.

I 2017 har embetet fått 85 førespurnader etter gammalt regelverk og meir enn 100 etter nytt regelverk. Det er ein kraftig auke frå 2016, sjølv om organisatoriske tilhøve ikkje gjer tala direkte samanliknbare.

Utdanning er på plass i kontoret hennar ved Oslo hamn for å spørje om dei klagene som ikkje får medhald.

– Er du einig i at det kan vere vanskeleg å lese slike klager utan å tenkje at foreldre kan vere urimeleg kravstore?

– Foreldre er bekymra for sine eigne barn. Vi må hugse at foreldra i desse sakene representerer ein ørliten promille av norske foreldre.

– Desse klagene viser likevel at dei kan krevje svært mykje tid og engasjement ved den einskilde skolen. Er dei med det bremseklossar i det viktige arbeidet mot mobbing og krenking?

– Dei treng ikkje vere det.

Eit døme på kva foreldre ikkje får medhald i, er krav om at medelevar til deira barn skal bytte skole eller klasse. Argumentet er at dei av ein eller annan grunn forstyrrar. Men elevar som uroar andre, kan berre bli tatt ut av klasserommet om dei har ei sakkunnig vurdering og eit einskildvedtak etter paragraf 5-1 i opplæringslova som tilrår dette, seier Parr.

Ho viser til paragraf 8-1 i opplæringslova, som seier at elevar som mobbar andre, kan flyttast til ein annan skole enn eleven sin nærskole, men andre tiltak skal vere prøvd ut før dette skjer. Det er skoleeigar eller Fylkesmannen som har mynde til å fatte vedtak om dette.

– Vi har hatt ei samfunnsutvikling fram mot ein meir individuell kultur. Skolen er ikkje eit unntak, vedgår ho.

– I mange av klagesakene som får medhald, har skolen og lærarane lagt ned eit stort, godt og velfundert arbeid med tiltak og tilrettelegging. Men dei har gjort feil knytt til det formelle. Slike formelle feil kunne etter gammalt regelverk føre til at eleven fekk medhald i klaga.

– Så jussen trumfar pedagogikken?

– Eg veit det er lærarar som meiner at rettsleggjeringa av skolen har gått for langt, og dei kan sikkert argumentere godt for det, seier Parr, og held fram:

– Uansett er det viktig at elevane sine individuelle rettar vert kjent. Kompetansen om regelverket er ikkje alltid god nok blant lærarane. Regelverket er svært strengt. Å vere ein dyktig pedagog og oppteken av godt klassemiljø treng ikkje vere nok for å takle problem slik lova krev. Utdanningsdirektoratet har sett i gong ulike etterutdanningstilbod for lærarar i dette, og Fylkesmennene har hatt regelverksgjennomgang for alle skuleeigarar og skuleleiarar.

– Utdanning kjenner til to saker der foreldra har fått støtte hos Fylkesmannen. Når rettsapparatet så har tatt stilling i dei same sakene, får ikkje foreldra medhald. Er fylkesmennene for strenge?

– Retten og fylkesmennene handsamar ikkje sakene ut frå same premiss. Vi ser einsidig på barnets individuelle rett til eit godt psykososialt skolemiljø. Rettsapparatet ser på fleire tilhøve, til dømes om det skal tilkjennast erstatning til barnet eller om kommunen skal få bot fordi dei har brote lova. Da kan resultatet bli ulikt, seier Parr.

Frå første august 2017 er lova endra. Nå kan foreldre kontakte Fylkesmannen direkte. Etter dette har klagemengda auka sterkt.

– Målet med det nye regelverket om psykososialt miljø er at sakshandsaminga skal bli enklare, raskare og tryggare. Derfor er våre vedtak meir detaljerte og konkrete nå enn før. Skolane, nå som før, sit med ansvaret for å oppfylle retten og kjenner saka best. Den nye måten vi handsamar sakene på, er meir styrande når det gjeld val av tiltak og metode. Saman må vi gjere alt vi kan for å oppfylle krava og intensjonen i lova, avsluttar Grethe Hovde Parr.

– Naivt å tru på jussen

– For mange gode lærarar ligg att i grøfta fordi politikarane vil omsetje fine intensjonar om godt skolemiljø i lovverk, seier Thomas Nordgård, leiar i Utdanningsforbundet Troms.

Nordgård understrekar at han sjølvsagt deler intensjonane.

– Samstundes er det eit faktum at lærarar blir trakassert av foreldre, seier Nordgård og viser til saker han har arbeidd med som tillitsvald.

Det er ut frå kjennskapen til slike saker at han tolkar konfliktane bak avslag Fylkesmannen har gitt til foreldre som klager på dårleg skolemiljø.

– Ein konsekvens av rettsleggjeringa av skolen er at profesjonsutøvarane kan ende opp utan rettstryggleik. Veit politikarane det? spør Nordgård.

– Er det ikkje rett at umyndige barn har eit sterkare rettsvern enn vaksne?

– Jo, det er klart rett. Men skal vi vareta elevane, må vi òg vareta lærarane.

– I dag har ikkje lærarane partsrett i somme konfliktsituasjonar der vi burde hatt det. Difor er det ikkje gitt at læraren sin situasjon kjem fram i sakshandsaminga. Likevel kan foreldre setje fram påstandar om læraren utan noko form for belegg.

– I staden bør vi skape ein arena der fleire instansar saman kan diskutere kor utfordringane til eit barn ligg, seier han.

– Er det blitt fleire foreldre som opptrer som om skolen er ein butikk der foreldra er kundane som alltid har rett?

– Det er blitt meir vanleg at foreldre har med seg advokat til møte med skolen. Det seier vel sitt.

– Men eg kan forstå at foreldre berre ser eige barn og ikkje heilskapen i skolesituasjonen. Eg meiner det er verre at politikarar berre ser barn. Sjølvsagt er foreldra mest opptekne av sin eigen unge. Men politikarane burde sjå lærarane også. Arbeidet for eit skolemiljø utan mobbing og krenking krev at lærarane ikkje berre har plikter, men òg betre vern mot grunnlause påstandar.

– Meiner du det er blitt for mykje juss i skolen?

– Eg meiner i alle fall at det er naivt å tru at juss kan løyse dei problema vi snakkar om nå. Men eg meiner også at det er for lite kunnskap om skolejuss blant skoleleiarar.

– Det kan sjå ut til at lovendringa som gir foreldre rett til å klage direkte til Fylkesmannen, fører til langt fleire klager. Kva trur du som det?

– Eg er spent på om dette er eit teikn på at lovendringa berre er destruktiv, eller om vi er på veg fram mot ein betre dialog mellom skole og foreldre, seier Thomas Nordgård.

Urimeleg klage

– Er det fare for at urimelege krav frå nokre foreldre kan sinke det viktige arbeidet med psykososialt miljø på skolane?

Utdanning spør leiar i Foreldreutvalet for grunnopplæringa Gunn Iren Gulløy Müller.

I e-post svarer Müller at det er vanskeleg å setje ein rimeleg grense for kva foreldre kan klage på eller kva dei kan forvente på vegner av barnet.

FUG-leiaren meiner økonomien i skolen kan gjere at rettmessige krav frå foreldre likevel kan verke urimelege for skolen. Lærarane kan kome i eit krysspress, og den kjensla det skaper å ikkje få gjort alt som burde gjerast, kan gå ut over arbeidet med det psykososiale miljøet.

Vidare meiner ho at det er feil å setje juridiske rettar og pedagogikk opp mot kvarandre. Godt pedagogisk arbeid gir ikkje alltid godt klassemiljø. Lovverket sikrar rettane til elevane og viser med det at skolen har ufråvikelege plikter overfor elevane.

Om forventningar til den nye ordninga som gir foreldre høve til å klage direkte til Fylkesmannen, skriv ho at det nå blir lettare å klage. Når ein tidlegare måtte gå om skolen, kan foreldre ha kvidd seg for å klage av di dei har vore redde for at det kunne gå ut over ungane.

Kan melde direkte til Fylkesmannen

Frå 1. august 2017 kan foreldre og elevar melde direkte til Fylkesmannen om dei meiner at skolen ikkje tar tak i saka deira om mobbing eller dårleg skolemiljø.

Før dei klager til Fylkesmannen, må dei ta opp saka med rektor på skolen, og det må ha gått minst ei veke frå dei tok opp saka med rektor.

Meiner Fylkesmannen at skolen ikkje har gjort det som skal gjerast, kan Fylkesmannen avgjere kva skolen skal gjere.

Fylkesmannen skal setje ein frist for gjennomføringa av tiltaka. Dei kan også gi bøter om skolane ikkje følgjer opp.

Utdanningsdirektoratet er klageinstans.

Powered by Labrador CMS