Mímir Kristjánsson skryter av sin favorittlærer, Sissel Maroni.
Mímir Kristjánsson skryter av sin favorittlærer, Sissel Maroni.

Sissel var læraren som fekk Mímir til å danse

– Sissel Maroni skapte liv og røre med sitt sprudlande humør. Om me hadde trøytna, fekk ho straks stemninga opp i klasserommet, minnest hennar tidlegare elev Mímir Kristjánsson.

Publisert Sist oppdatert

Eleven Mímir Kristjánsson fanga lærar Sissel Maronis merksemd med det same ho såg han. Guten hadde ei rosa strikka lue på hovudet. Frå eit hol i toppen stakk det opp ein lys hårkrøll, som ei fontene.

– Du må ha dandert krøllen slik?

Sissel Maroni ser smilande opp på sin tidlegare elev utanfor den tradisjonsrike bygningen Kongsgård, der Stavanger katedralskule held til.

– Jo, eg gjorde det, vedgår Mímir Kristjánsson med eit lunt smil.

34-åringen visste straks kven han skulle velje som sin favorittlærar. Han hadde Sissel Maroni som lærar dei to første åra han gjekk på Kongsgård. I faga fransk og jazzballett.

Læraren tykte guten såg søt, uskuldig og litt umogen ut. Ho ymta frampå om det kanskje ville bli litt varmt med lue?

Ned då. 16-åringen ville ha lua på, for dette var ei lue den sjuke mora hadde strikka til han.

Dermed gjorde Sissel ikkje noko meir vesen av lua, som i to år blei ein viktig del av Mímirs image på Kongsgård.

Les også: Wenche så det poetiske i «Staysman»

Mímir Kristjánsson (34)

  • Journalist, forfattar og politikar frå Stavanger. Har arbeidd i Klassekampen og Manifest Tidsskrift. Tidlegare leiar av Raud Ungdom. Vald inn i kommunestyret i Stavanger hausten 2019.

– Ein gjeng fugleskremsel

– Mor mi var naturlegvis ein viktig grunn for å gå med lua, men ho var også ein del av det å finna min eigen stil. På Kongsgård skulle me vera litt frikete. Fleire av oss såg ut som fugleskremsel, fortel Mímir Kristjánsson.

For han blei ungdomsskulen eit botnpunkt, no kunne det berre gå oppover. For Mímir Kristjánsson er Sissel Maroni eit symbol på ei fin og spanande tid han gjerne skulle vendt tilbake til.

– Eg blømde. Her våga eg å vera rar, fortel han.

Sissel Maroni fann raskt ut at guten var fengslande kunnskapsrik. Han var også karismatisk og hadde ordet i si makt. Dessutan var han snill og pliktoppfyllande.

– Ein gong blei eg tilfeldigvis gåande rett bak Mímir og faren på veg til skulen. Faren gjekk og fortalde sonen om historie. Då skjønte eg at guten var ala opp med kunnskap, forklarer 75-åringen.

– Ho var som ei sol

– Maroni var favorittlæraren min frå første dag. Dama skein som sola og hadde slik spretten gange. Ho skapte liv og røre rundt seg med sitt sprudlande humør. Om me hadde trøytna i løpet av dagen, fekk ho straks stemninga opp i klasserommet, minnest Mímir Kristjánsson.

Og klassen til Mímir blei favorittklassen til Maroni.

Sissel Maroni

  • Cand.mag., har undervist i fransk, engelsk, psykologi, pedagogikk og dans. Arbeidde på Austlandet før ho kom til Kongsgård. Jobba ved Kongsgård 1982- 2016. Undervist i psykologi ved Sonans private gymnas som pensjonist.

– Eg elska klassen. Når eg lukkar auga, kan eg ennå hugsa kor mange av dei sat. Mímir sat langt framme, ved andre pult i midten.

Ein klasse aldri berre er ein klasse. Ein klasse er som ein organisme, med somme blir det meir skurr på linja, med andre er den gode kontakten der med det same, seier ho.

Mykje på grunn av Maroni valde Mímir og to andre gutar jazzballett som valfag, sjølv om han ikkje var noko danseløve.

Les også: Tore Petterson: – May fikk meg til å føle at jeg hadde superkrefter

– Gi dama ein betre stol!

– Dansen gjorde meg godt. Han var eit avbrekk i alt alvoret. Me var jo i ferd med å gå skuletrøytte etter mange år på skule og i barnehage. Jazzballetten var det eg trong i ein kritisk fase i skulegongen min, erkjenner Mímir Kristjánsson.

– Då Mímir Kristjánsson gjekk i 2. klasse, blei han vald til leiar for Raud Ungdom i Stavanger. Lokal-tv kom på skulen og filma oss i gymsalen under ein dansetime. Eg hugsar tv-folka hang i ribbeveggene og filma Mímir som dansa som berre det, seier Sissel Maroni med ein lått.

Maroni sin stil var å gå rundt i klasserommet eller sitja på kateteret. Av og til sette ho seg på stolen bak kateteret, men det var noko gale, så ofte glei stolen ned med eit rykk, noko ho tykte var audmjukande.

Klassen til Mímir meinte Maroni fortente ein betre stol.

Ein dag ho var på veg mot klasserommet, registrerte Sissel Maroni at det var uvanleg stille der inne.

Då ho kom inn, fekk ho sjå ein ny stol bak kateteret. Det viste seg at klassen hadde funne ein mølleten stol i parken som erstatning for den øydelagde. Tanken var god, men vaktmeisteren kasta stolen etter kort tid, ler Maroni.

Dialog, ikkje førelesing

Mímir Kristjánsson hugsar at Maroni alltid var velvillig til at dei dreiv med aktivitetar utanom skulen, som politikk, skuleteater eller skuleavis. Det sette han stor pris på. På same tid var han alltid nøye med å gjere skulearbeidet.

– Lærarane på Kongsgård var raddisar. Me var opptekne av å gjere elevane medvitne om mangfald og toleranse. I timane førelas me ikkje, undervisninga bar meir preg av ein dialog mellom lærar og elevar, fortel ho.

Det var ei glede for henne å sjå korleis den talentfulle Mímir blømde i tida på Kongsgård.

Ho var ikkje ein lærar som viste dei snarvegar. Her kunne dei ikkje sløva. Fransken kravde hardt arbeid og pugging, men ho la ned mykje krefter i å få det kjedelege litt kjekkare. Difor song dei ein del saman.

– Me song ofte «Joe le taxi», hugsar eg, seier Mímir.

– Du hadde så god franskuttale. Og det er viktig, for utan god uttale skjønar ikkje franskmenn kva du seier, forklarer Sissel.

Det hende fransklæraren av og til måtte bli streng i røysta og be Mímir og dei andre om litt meir konsentrasjon.

– Fordi eg aldri var sint, forstod dei fort om eg meinte alvor.

Miss Sissel

Sissel Maroni blei kåra til Miss Kongsgård under ein skulefest i tida då Mímir Kristjánsson gjekk på Kongsgård.

Dama rundt 60 danka ut ungjentene.

– Det var rigga, ikkje sant? Eg tykte nemleg dei unge jentene tok det mistenkeleg fint at eg vann. Ho gløttar spørjande opp på Mímir.

– Jo, det var planlagt, vedgår han og smiler lurt ned i grusen.