Ledig stilling:

Friskule med entreprenørskap som profil søkjer rektor, pedagogar og assistent

Søknadsfrist: 23. mars

Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen har fått godkjenning av Utdanningsdirektoratet for 15 elevar på 1. – 7. trinn. Oppstart hausten 2020 med atterhald om godkjend skulebygning og at ein har kvalifiserte lærarar. Skulen vil få statsstøtte og byggjer på godkjend læreplan for EnSpire skular. Vi ynskjer å vera ein skule for alle, og tek ikkje foreldrebetaling. Aldersblanda klasser der dynamikken mellom yngre og eldre elevar blir brukt som ein ressurs. Skulen ligg i Fresvik i Vik kommune i Vestland fylke, om lag 35 km frå Vik sentrum. Fresvik er ei jordbruksbygd med ca. 200 innbyggjarar. I bygda ligg Fresvik Produkt– ei moderne industribedrift for fryse- og kjøleteknologi med 40 – 50 tilsette. Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles identitet. Her er ein storslått natur med nærleik til både fjell og fjord, noko som gir høve til eit aktivt og rikt friluftsliv. Fresvik er ein av innfallsportane til Nærøyfjorden Verdsarvområde. Musikkfestivalen Fres festival blir arrangert i her.

Friskule med entreprenørskap som profil søkjer rektor, pedagogar og assistent

Med atterhald om naudsynte godkjenningar søkjer nyoppretta Fresvik EnSpire skule:

Rektor: 100% - stillinga er delt i 30 % leiing og 70% undervising – frå 01.08.20

Pedagogar: inntil 180% – frå 01.08.20

Fagarbeidar/assistent: 60% stilling. Oppstart etter avtale august 2020.

Eventuelt andre stillingar

Stillingstype: Fast tilsetjing. Heiltid eller deltid.

Søknad med vedlagt CV vert å senda til styreleiar Bjørg Fritsvold på e-post: styret@fresvik-enspire.no
Sjå fullstendig lysing på https://fresvik-enspire.no/, der du også finn meir informasjon om skulen.

Søknadsfrist: 23. mars 2020

Powered by Labrador CMS