Eg veit ikkje kva for eit fagmiljø som har ansvaret for å laga eksamensoppgåvene no, men eg lurer stundom på kva for forankring og kva kjennskap dei har til arbeidet i grunnskulen, skriv forfattaren av dette innlegget. Arkivfoto: Utdanning

Eksamensresultat i matematikk og forma på eksamen

Sjølv for flinke elevar som har 6 i standpunktkarakter, vert det svært vanskeleg å forsvara denne karakteren på matematikkeksamen. Delprøve 2 har etter kvart utvikla seg til å verta ganske så utfordrande.

 

Det er godt at det vert sett fokus på eksamen i matematikk i grunnskulen. Eksamensresultatet våren 2015 gir grunn til uro.

Eg har arbeidd med matematikk i ungdomsskulen i mange år, og har vore både sensor og oppmann i faget for 10–15 år sidan. Frå 2010 har eg sett ei negativ utvikling, både når det gjeld eksamensresultat og også når det gjeld eksamensforma. Det er det spesielt det sistnemnde eg vil ha fokus på her.

Delprøve 1 har stort sett vore oversiktleg og ryddig. Men delprøve 2 har etter kvart utvikla seg til å verta ganske så utfordrande, med store emneoppgåver som også har spørsmål med høg vanskegrad.

 

Ikkje lett å sjå om oppgaven er vanskelig

Det er greitt at elevane må bruka kunnskapane sine i nye samanhengar og kontekstar, men her synest eg det har gått litt for langt. Sjølv om elevane øver og reknar mange ulike oppgåvetypar, så kjem det eksamensoppgåver som svært mange av elevane ikkje klarer å overføra kunnskapen sin på. På ein del av desse oppgåvene gir elevane fort opp, oppgåvene vert for omfattande og dei kjenner seg ikkje igjen i problemstillingane.

Sjølv for flinke elevar som har 6 i standpunktkarakter, vert det svært vanskeleg å forsvara denne karakteren på eksamen. Eg hadde to elevar for nokre få år sidan som hadde 6 på alle prøvene i 10. klasse, men på eksamen gjekk dei ned ein karakter. Dei hadde nok kunnskap til å løysa dei siste oppgåvene på delprøve 2, men dei brukte for lang tid for å setja seg inn i problemstillingane og kom i tidsnaud.

Oppgåvene på delprøve 2 er – merkeleg nok – ikkje vekta på delspørsmåla, og det gjer det ekstra vanskeleg, særleg for dei elevane som slit med faget. For dei hadde det vore ei hjelp å sjå at t.d. oppgåve 6 c gav 1 poeng. Sjølv kor mykje ein øver på det, så har ikkje desse elevane så lett for å sjå om oppgåva er lett, middels eller vanskeleg.

 

Må setjast fokus på eksamensforma

Eg veit ikkje kva for eit fagmiljø som har ansvaret for å laga eksamensoppgåvene no, men eg lurer stundom på kva for forankring og kva kjennskap dei har til arbeidet i grunnskulen. I starten av 2000-talet hadde fagmiljøet som laga oppgåvene eit solid grunnlag for å laga eksamensoppgåvene. Det var også då kreative og krevjande oppgåver, men heile settet var meir føreseieleg enn det er no. Det var heller ikkje så store og omfattande oppgåver som det no er på delprøve 2. Samanliknar ein t.d. oppgåvene frå 2005 mot 2015, så ser ein akkurat dette.

Eg meiner sjølvsagt ikkje at oppgåvene skal forenklast, men det er viktig for elevane at dei får visa kva dei kan. Når 41,6 % av elevane fekk 1 eller 2 til eksamen i matematikk i fjor, er det heilt klårt noko som er gale. Det har også kome reaksjonar frå elevane, og spesielt gjeld det delprøve 2. I fjor var det jente som sa, oppgitt etter eksamen: «Dei prøver berre å lura oss!»

Etter å ha jobba så mange år i skulen, veit eg at det er mange flinke matematikklærarar omkring som arbeider seriøst og grundig med faget. Det vert alt for enkelt å seia at dette dårlege resultatet berre skuldast lærarar som ikkje kan faget sitt. At det er viktig å ha ei god utdanning og å vera trygg når det gjeld det faglege, er sjølvsagt ein føresetnad for å gje ei god undervisning. Men no meiner eg at det må også setjast fokus på eksamensforma, for dette har vore for lite med i diskusjonen omkring det dårlege resultatet.

Mange kommunestyre har hatt oppe det dårlege resultatet som tema, men i den diskusjonen har det ikkje vorte sett fokus på eksamenssettet.

 

Tidsressursen til faget

Ei «rettesnor» for oss matematikklærarar har vore at det skal vera godt samsvar mellom standpunktkarakter og eksamenskarakter. Opp gjennom åra har eg hatt godt samsvar her, men no er ikkje dette samsvaret fullt så godt. Kanskje kan det vera min feil, men eg har ein mistanke at her er det andre ting som også spelar inn slik som avgangsprøven no er vorten. Er trur det er på høg tid at dei som er ansvarlege vurderer spesielt delprøve 2; her må det vera rom for endringar.

Til slutt: Matematikk er eit progresjonsfag, og for oss som arbeider i grunnskulen er det viktig å få alle basiskunnskapar på plass og å leggja eit godt fundament som det kan byggjast vidare på. Kompetansemåla etter 10. klasse er omfattande og heller svulstige, og det er ikkje alltid så enkelt å koma igjennom alt dette lærestoffet. I skulekvardagen går det også tid med til turar, aktivitetsdagar, MOT-samlingar, ulike prosjekt, konsertar m.m., noko som går ut over timetalet i faga.

Det har vore mykje snakk om realfagsatsing, men så langt me har ikkje fått tilført eit minutt meir med matematikkundervisning i ungdomsskulen. Dei som meiner at tidsressursen til faget har ingenting å seia, er velkomne til å ta seg nokre år med matematikkundervisning i ungdomsskulen.

 

Powered by Labrador CMS