Elevane på Knappskog skule i Øygarden var mellom dei aller første som fekk digitale dingsar i staden for lærebøker. Minecraft er eit populært verktøy.

Kicker

Ved Knappskog skule har lærarane frigjort seg frå lærebøkene

Etter at alle elevane fekk digitale dingsar, har elevar og lærarar på Knappskog skule frigjort mykje tid til dei kjekke aktivitetane som det aldri vart tid til før.

Publisert Sist oppdatert

– Dei som skal jobbe i Minecraft, må gjere ferdig verda si! Dei som skal jobbe i Creaza, må gjere ferdig teikneserien sin!

Beskjedane går frå lærarane til 2. klasse på Knappskog skule i Øygarden kommune i Vestland. Elevane myldrar mellom pultane som står gruppert saman langs vindauga og veggane. Uttrykket «klasseromsoppsett» har ikkje henta inspirasjon frå dette klasserommet. Midt i klasserommet står det eit par benkar der elevar kan slå seg ned om dei skal diskutere noko.

Det kan verke som ein kosedag, men er ein ganske typisk skuledag. Elevane er ferdige med lunsjen og skal fullføre prosjekta dei har jobba med den siste tida. Heile skuleåret har vore delt inn i tre tema, og den siste tida har dei jobba med temaet berekraft. Elevane har laga ulike produkt for å vise kva dei har lært.

Ei gruppe har brukt Lego WeDo til å byggje ein søppelbil. Målet er å vise fram kjeldesortering. Sorteringsanlegget er bygt av dorullar, kartong, kreppapir og sølvpapir. Med sprittusj skriv dei namnet på renovasjonsbedrifta Øyvar på kartongen.

Det er på tide å tømme søppelbilen, men han treff ikkje heilt på søppelspannet. Elevane tastar litt på iPaden for å programmere han til å gjere som dei vil. Eigentleg er nok dorull-søppelspannet litt for høgt, så det spørst om dette problemet kan løysast digitalt.

Planlegg kva dei skal lære

Det er knapt nokon elevar på Knappskog skule som hugsar korleis det er ikkje å ha digitale dingsar som hovudverktøy på skulen. Skulen byrja innføringa i 2015, og sidan hausten 2017 har han vore heildigital. Skulen har vel å merke skulebibliotek, og klassesett med lærebøker finst i skap i klasseromma. Men i skulesekkane har bøkene blitt byta ut med digitale einingar: iPad for elevar på dei tre første trinna, og Chromebook frå 4. trinn.

2.-klassingene Emmely Mongstad Kristiansen, Herman Hovden, Jørgen Haga Norebø og Ella Turøy Røsland har bygt ein søppelbil som dei styrer med iPad-en. Lærer Kaja Venge hjelper til.

– Eg vil aldri tilbake til den gamle måten å jobbe på, seier Kaja Venge, som er lærar for 2. trinn.

– Då vi fekk ein digital dings, kunne vi leggje frå oss læreboka. No planlegg vi kva vi skal lære, ikkje kva sider i boka vi skal kome oss gjennom, seier Ingvild Vikingsen Skogestad, som er lærar for 4. trinn.

Små, enkle robotar kan vere eit første møte med programmering for dei yngste elevane.

Metoden har påverka korleis lærarane brukar planleggingstida si. Medan dei før planla time for time, planlegg dei no gjerne eit prosjekt som dei skal jobbe med i ulike fag over lengre tid. Allereie i mars planla Venge prosjektet som 2.-klassingane skulle jobbe med i mange av timane utover våren.

– Vi jobbar mykje meir kreativt no, seier ho.

Elevane slepp å vente

Lærarane presiserer at dei til ei kvar tid står fritt til å velje det formatet som eignar seg best. I norsk les elevane ofte tekstar i vanlege bøker. Dei øver på å skrive finskrift på papir. Gloser puggar dei i appen Quizlet, og når dei skal presentere kva dei har lært, kan dei velje mellom analogt og digitalt utstyr. Ofte endar dei med ein kombinasjon.

Tastaturet har gjort det lettare for dei yngste elevane å lære bokstavane. Dei digitale dingsane har dessutan gjort det lettare å ha elevar med spesialundervisning i same klasserom som alle andre. I dingsane får dei tilrettelagde oppgåver, og dersom dei treng ein pause, kan dei bruke dingsen til avkopling.

2.-klassingane Magnus Kongsbak Linge, Vegard Skrede Hatlelid og Nikolas Eikeland Bekkenes prøver å få fart på legoen.

Dei to lærarane opplever at mengdetreninga går langt raskare enn før, mellom anna fordi digital oppgåveløysing gjer at alle får svar med det same på om dei har løyst oppgåvene riktig. Dermed kan elevane gå vidare til neste oppgåve, eller prøve på nytt, utan å vente på svar frå læraren. Dei treng heller ikkje vente på at alle skal bli ferdige med nivået eller temaet. Det har frigitt verdifull tid.

– I bøkene var det mange tips til gøyale aktivitetar som vi aldri fekk tid til fordi det stod i årsplanen at vi skulle begynne på nytt kapittel neste veke. Boka var så styrande for kva vi gjorde. Eg veit ikkje om det er samvit eller kva, men har du ei bok, følgjer du ho. No er det læraren og elevane som set standarden, ikkje forlaget. Og no har vi faktisk mykje tid til å gjere dei kjekke aktivitetane, seier Skogestad.

Er det tomt batteri eller feil blåtann- tilkopling som er årsaka til at legofrosken ikkje oppfører seg som han skal?

Tek utgangspunkt i læreplanen

I praksis betyr metoden som skulen har kalla Digg læring, at Skogestad ikkje tek utgangspunkt i innhaldet i ei lærebok, men i kva læreplanen seier at elevane skal lære. Med såkalla baklengs planlegging finn ho deretter ut korleis elevane skal dokumentere kva dei har lært, før ho til slutt planlegg innhaldet ho vil presentere for dei. Då kikkar ho gjerne i lærebøker, og om det er relevant innhald der, nyttar ho dei.

– Eg er eigentleg glad i bøker. Dette er ikkje ein konkurranse mellom det digitale og det analoge, seier ho.

Ho vil berre ikkje la bøkene styre.

– Til dømes seier læreplanen at mellomtrinns-elevar skal lære om konfliktar. 7.-klassingar synest generelt den andre verdskrigen er kjempespennande, men lærebøkene for trinnet inneheld ingenting om den andre verdskrigen. Då er lærarane fri til å finne innhald andre stader.

På same måte kan Venge la 2. klasseelevane velje kva insekt dei vil utforske når dei skal lære om insekt. Dei kan gjerne fordjupe seg i marihøner, sjølv om læreboka kanskje hadde prioritert eit anna døme.

I bienes verd

I klasserommet til Venge har dei fleste elevane henta iPad-ane sine. Somme finn Lego, andre finn Bee-botar, små programmerbare robotar.

– Skal vi sjå kven som kjem først bort dit, seier Venge til ein av elevane og peiker på Bee-botane sitt rutenett med bilde av ulike plantar og dyr.

– Dei kjem til å krasje, meiner eleven.

Jørgen Haga Norebø, Emmely Mongstad Kristiansen, Herman Hovden (på golvet) og lærar Kaja Venge har varierte arbeidsstillingar i løpet av skuledagen.

Begge to tel kor mange ruter Bee-botane må forsere, tastar på dei små robotane sine knappar og set i gang. Ganske riktig: Dei krasjar undervegs.

Det går betre for Hedda Øksnes Espedahl (7) og Victoria Tomine Solsvik (8) sine bier. Dei lever i Minecraft, der dei to 2.-klassingane prøver å leggje til rette for gode bieliv.

– Her er det masse honning, seier Hedda medan ho tastar på iPaden.

Jentene plantar fleire blomar som biene kan pollinere.

– I starten heldt vi dei inne fordi vi ikkje ville dei skulle stikke av. No har vi funne ut at vi må sleppe dei ut, seier jentene.

Minecraft er eit av dei mest brukte verktøya på Knappskog skule. Der kan elevane lære om areal, finne og løyse oppgåver inne i ulike hus, og byggje ting for å vise fram noko dei har lært.

Meir motiverte elevar og lærarar

Digitaliseringa av Knappskog skule starta med innføringsklassen for flyktningar. Digitale verktøy gjorde det lettare å lære norsk. Arbeidsmetoden gjorde òg både elevar og lærarar meir motiverte. Dermed gjekk skulen i gang med eit pilotprosjekt for 5. trinn i 2015. Resultata var gode.

– Vi såg at elevane prioriterte skulearbeid når dei fekk jobbe digitalt. Særleg gutar, seier rektor Odd Erik Kjeldstad.

Elevane sine prosjekt resulterer ofte i ei salig blanding av gode, gammaldagse materialar og moderne, teknologiske hjelpemiddel.

Digitaliseringa var noko av det første han gjekk i gang med etter at han vart rektor på Knappskog skule. Han hadde tidlegare jobba med utvikling av IKT i skulen i kommunen og hadde sett potensialet for digitale verktøy i skulen. Han meinte at den tradisjonelle undervisninga ikkje treff elevar som slit med motivasjonen, og håpte at digitale læremiddel kunne gjere læringa kjekkare.

Mykje tyder på at han fekk rett.

Hadde ein plan

– Målet har vore å utnytte teknologien for å få betre motivasjon og læring. Trivsel og læring heng saman, påpeiker rektoren, som òg trur at det hadde positiv effekt at skulen brukte omgrepet Digg læring på omlegginga.

– Det gjorde det hipt og kult, seier Kjeldstad.

Etter eit år med pilotprosjekt ønskte både lærarar og elevar på resten av skulen å innføre Digg læring for alle trinn. Gjennom ei gradvis innføring vart skulen heildigital i 2017.

– Overgangen gjekk raskare enn planlagt, fordi lærarar og elevar var motiverte for det, seier rektoren.

Han trur det var lurt å starte i det små, så lærarane fekk sjå kva det innebar før dei skalerte opp. Dessutan hadde skulen ein plan for korleis omlegginga skulle skje.

– Det er ikkje lurt å dele ut pc-ar eller iPad-ar utan ein plan, presiserer rektoren.

– Vi skal ta med oss alt det gode vi gjorde før. Teknologien skal tilføre noko, seier lærar Ingvild Vikingsen Skogestad.

Kastar ikkje bøkene på båten

Lærar Ingvild Vikingsen Skogestad synest spørsmålet om kor digital skulen skal bli, har lett for å bli ein skyttargravsdiskusjon. Ho trur det skuldast ei misoppfatning av at ein heildigital skule jobbar som før, berre på skjerm i staden for papir. Hadde det vore tilfelle, hadde ikkje ho heller støtta digitaliseringa.

– Eg har ikkje trua på å putte boka inn på skjermen, seier ho.

Ho skannar berre tekstar til dyslektikarane så dei kan få teksten lest opp. Elles les elevane på papir når tekstane er på papir.

– Vi skal ikkje kaste bøkene på båten. Vi skal ta med oss alt det gode vi gjorde før. Teknologien skal tilføre noko, seier ho.

Ho trur det har vore viktig for utviklinga på Knappskog skule at dei heile tida har vore opptatt av kvifor dei gjer som dei gjer.

– Fordi vi er langt framme har vi vore tvungne til å svare på kvifor, seier ho.

Sjølv finn ho svaret i at elevane går på skulen for å tileigne seg kunnskap. Målet er ikkje at ho skal stå og førelese.

– Vi såg at elevane prioriterte skulearbeid når dei fekk jobbe digitalt. Særleg gutar, seier Odd Erik Kjeldstad, rektor ved Knappskog skule.

Barrierar i systemet

Rektor Kjeldstad har ikkje møtt motstand frå kommunen, som hadde oppmoda dei kommunale einingane til å jobbe innovativt. Likevel har skulen møtt barrierar i systemet.

– Kommunen har vore ein god partnar for oss, men vi møter eit system som er lagt opp til noko anna enn det vi treng. Vi måtte mellom anna byggje opp teknisk kompetanse på skulen, fordi vi er avhengige av at utstyret fungerer. Vi kan ikkje vente på å få hjelp frå andre, seier han.

Til andre skular som skal i gang med ei større omlegging, anbefaler han å ha ei tydeleg leiing, rydde unna eventuelle barrierar og vere bestemte på at ein skal få det til.

Som ein av dei første heildigitale skulane måtte Knappskog skule finne sin eigen veg til gode undervisningsopplegg. Dei tok i bruk ulike plattformer og digitale verktøy. Etter kvart har skulen sitt opplegg blitt modell for utvikling av nye ressursar. Lærar Ingvild Vikingsen Skogestad, som raskt vart engasjert i både digitale læringsverktøy og koding, har gitt innspel til Gyldendal sine læremiddel for dei nye læreplanane.

Knappskog skule i Øygarden kommune, Vestland, har sidan hausten 2017 vore heildigital. Her er Emmely Mongstad Kristiansen, lærer Kaja Venge og Jørgen Haga Norebø djupt inne i eit legofrosk-problem.

Omvendt undervisning

Skogestad likar å nytte omvendt undervisning. Elevane vert gjerne introdusert for eit nytt tema gjennom ein video som dei kan sjå heime. Dermed kan læraren hoppe over den felles klasseromsundervisninga og gå rett på oppgåveløysing og andre aktivitetar.

– Det er mykje kjekkare å jobbe sånn, seier Skogestad.

Kjeldstad trur dette er ei nødvendig utvikling.

– Det skal mykje til for at ein lærar på podiet skal klare å gjere ting interessant for heile klassen. Med så mykje konkurranse som vi har fått frå ulike medium fell elevane lett frå om dei får presentert opplegg som fungerte på 1990-talet, seier han.

Då Skogestad sin klasse skulle lære om religiøse bygg, brukte dei norsktimane på å lese om religion i vanlege bøker. I timane i kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) laga dei eigne bygg, til dømes i Minecraft.

– For å lage bygga må dei kunne noko om religionen, elles hadde dei ikkje klart det, seier Skogestad.

Ved Knappskog skule i Øygarden i Vestland står lærarane til ei kvar tid fritt til å velje digitalt eller analogt utstyr.

Har tru på bøkene

To av Skogestad sine elevar, tiåringane Tiril Malene Nygård og Hanna Kongsbak Linge, synest det er lettare å jobbe digitalt enn på papir. Men kanskje hadde dei lært meir om dei hadde blitt tvinga til å skrive meir for hand, undrar dei.

– Det er gøy med Chromebook, men eg trur ein lærer meir med bøker, seier Tiril.

– Eg vil ha meir bøker, seier Hanna.

Dei to likar aller best kunst og handverk. Dei er glade i å lage fysiske ting og kan vise fram nokre fantasifulle, men ubrukelege robotar som dei har laga. Robotane har ei tiltenkt oppgåve med å fjerne tyggegummi og rydde søppel, men er ikkje i stand til å gjennomføre oppgåva. Dei er ei salig blanding av datakort og leidningar, dorullar, ispinnar, mjølkekartongar, papp og papir, og er som så mykje anna skulen gjer eit resultat av både digitale og analoge hjelpemiddel.

Rask betring på nasjonale prøvar

Sjølv om dei to jentene trur papir hadde gitt dei meir kunnskap, tyder dei nasjonale prøvane på meir læring med digitale læremiddel. Skulen, som hadde lege under snittet, fekk ei bratt stigning på resultatkurva då dei gjekk over til digitale læremiddel.

Skulen har hatt resultat godt over snittet heilt til siste skuleår, då dei fekk eit brått fall. Rektor Kjeldstad meiner det var fleire årsaker til at det gjekk dårleg denne gongen, som ikkje har noko med digital undervisning å gjere.

– Skulen må sjølvsagt følgje med på korleis dette går framover. Eg meiner det er resultata over tid som betyr noko, seier han.

Han er glad for at resultata over tid har vore gode, og ikkje minst for at gutane har fått eit tydeleg lyft.

Ein av gutane som set pris på Chromebook-læringa er ti år gamle Kjetil Solberg: – Eg har ein ven som er to år eldre enn meg. Han er sjalu på meg. Han har ikkje Chromebook på skulen, berre bøker. Det er litt rart. Eg trur ting skjer fortare her, seier han.

Sjølv er han ikkje så glad i å skrive, og likar skjermen betre enn papir.

– Eg blir ikkje lei av skjermen, seier han.

4.-klassingane Håvard Skrede Hatlelid, Fredrik Bergsvik Hatløy og Noris Ekanger (liggjande bak) har kvar sin digitale dings i skulesekken.

Deler erfaringane

Dei nye metodane kan stille høge krav til lærarane sin kreativitet, kompetanse og kjennskap til ulike ressursar, men alle treng ikkje begynne på nytt. Lærarane på Knappskog skule lagrar det dei gjer og deler både med kvarandre og med andre skular – i kommunen, i landet og i andre land.

Før pandemien fekk skulen besøk av ulike delegasjonar nærast kvar veke, i tillegg til at dei sjølv besøkte andre for å fortelje om Digg læring. Skulen arrangerer dessutan årleg Digg læring-konferansen med deltakarar frå heile landet.

Skogestad har hatt foredrag på dei fleste store digitale konferansar i Norge dei siste åra, og i 2019 heldt ho foredrag på Bett-konferansen for utdanningsteknologi i London om skulen sine tankar om digital undervisning.

Spring rundt haugen

Det er lett å sjå for seg ein generasjon med lut rygg etter mange år med blikket festa på ein dings. Men kan hende er elevane på Knappskog skule meir aktive enn nokon gong. Mykje av tida bruker dei på å produsere ting, og det kan like gjerne vere ting laga av keramikk eller kartong som i Minecraft. Dei går bort til kvarandre eller læraren for å vise fram ting eller spørje om noko, og dei har god tid til å gå ut for å utforske noko dei lærer om.

– Har vi vore for lenge på skjermen, er lærarane flinke til å få oss til å springe ein tur rundt haugen, seier Tiril Malene Nygård (10).

– Skulane bør ikkje velje anten-eller

– Det er viktig å velje det formatet som eignar seg best, seier Siv Anita Bjørkli-Eriksen.

Bjørkli-Eriksen er universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning, Universitetet i Tromsø Norges Arktiske Universitet. Ho har tidlegare skrive på Utdanningsnytt om at bortfall av tekstar på papir går ut over elevane si læring. Ho er glad for å høyre at elevane på Knappskog skule framleis les tekstar på papir sjølv om dei kallar seg ein heildigital skule.

Universitetslektor Siv Anita Bjørkli-Eriksen.

– Dei er eigentleg ikkje heildigitale. Dei vel det formatet som eignar seg best, og det er viktig og riktig, seier ho.

Ho har inntrykk av at mange skular som vert heildigitale kuttar heilt ut lesing på papir.

– Å lese digitale tekstar er meir krevjande enn å lese på papir. Det er heilt klart at elevar i dagens samfunn må lære seg å meistre digital lesing. For å bli gode lesarar, er det svært viktig at elevane lærer seg gode lesestrategiar. Det kan i mange høve vere ein fordel å arbeide med tekstar på papir i innlæringa av gode lesestrategiar som dei vidare kan overføre i lesing av digitale tekstar, seier ho.

- Handskrift er viktig

Ho trur at mange elevar strever med å finne fram på digitale læringsplattformer.

– Dette er avhengig av kor flinke lærarane er til å lære elevane å finne fram digitalt. Dei treng opplæring i å meistre dei digitale plattformene og dei digitale tekstane. Det same gjeld jo om ein brukar bøker. Ein kan ikkje berre sleppe elevane når dei har lært den tekniske biten av lesing og les med god flyt, seier ho.

Bjørkli-Eriksen meiner det er stort behov for forsking på digital opplæring. Noko det har vore forska på er om elevane bør skrive for hand eller på tastatur i den første bokstavinnlæringa.

– Forskinga peiker i ulike retningar. Ei rekke studiar innan psykologi og nevrovitskap har vist at det er viktig å lære å skrive for hand, fordi det skjer noko mellom handa og hjernen som ein går glipp av når ein berre trykkjer på tastar, seier ho.

Utgangspunkt i læringa

Den nye læreplanen seier at elevane skal kunne skrive både for hand og på tastatur etter 2. trinn. Elles seier ikkje læreplanen noko om kva metodar skulane skal bruke i opplæringa.

Bjørkli-Eriksen meiner andre skular kan la seg inspirere av Knappskog sin Digg læring-metode, med ein gjennomtenkt plan for kva dei skal gjere og kvifor dei gjer det.

– Det er veldig bra at dei planlegg ut frå kva elevane skal lære, og ikkje lar lærebøkene styre undervisninga, seier ho.

Powered by Labrador CMS