Søk ly i distrikta. Her er det både hjerte- og husrom. Dette er ein av fleire folkevettreglar til Nord universitet. Foto: Wikimedia Commons / Googleaseerch

Nord universitet: Det er inga skam å snu!

Kjære NORD universitet: Når du no planlegg å legge ut på ei strabasiøs og faretrugande ferd, kan det vere lurt med litt sunt folkevett på reisa.

Publisert Sist oppdatert

 

1. Planlegg (struk)turen etter behova som faktisk finst

  • Vis omsyn til geografien. Områda du gjev deg i kast med er enorme.
  • Tenk på land og folk. Det at vi er forskjellige er vår styrke!
  • Dei som seier at alle vil på bytur, er på bærtur.

 

2. Tilpass (struk)turen

  • Ikkje legg ut på langtur i ulendt terreng med skjult agenda.
  • Er du på veg til å bryte ut og gå aleine, vær varsam!

 3. Unngå bomtur

  • Sørg for å ha kunnskap. Den kan visst vere både første- og «annanrangs».
  • Godt trakka stiar er ofte gode å gå i.
  • Lytt til erfarne fagfolk, gjerne dei med hundre års erfaring.

 

4 . Du har no ansvar for førstehjelpsutstyret

  • Ta vare på lærarar og sjukepleiarar. Dei kan redde liv!
  • Dersom du hamnar i ulukka kan du få hjelp, takka vere ei i bunad.
  • Vi kunne ha varsla politiet, men dei er dessverre ikkje i nærleiken lenger.

5 . Vær merksam, når du no er på tynn is

  • 80.000 helgelendingar kan utløyse skred.
  • Eit skred kan gå tre gongar så langt som høgda på henget.
  • Først vil skredet ramme Helgeland, seinare vil det eskalere NORD-over.

6. Legg frå deg uvêr og kulde

  • NORD-vinden klarar ikkje å blåse anorakken av ein friluftlivsstudent om sola lyser sterkare her heime.

7. Ikkje lag dine eigne kart

  • Rapportar er nyttige, men berre om innhaldet er korrekt.
  • Forsking er viktig, men berre dersom ho vert lytta til.
  • Kjenn etter i ditt indre moralske kompass.

  

8. Avpass farta og pass på at alle er med

  • Søk ly i distrikta. Her er det både hjerte- og husrom.
  • Ikkje tre huva ned over auga.
  • Då risikerer du å grave deg sjølv ned i (u)tide.

 

9. Vend i tide!

  • Lytt til erfarne studentar.
  • Hold (fusjons-)avtala.
  • Det er inga skam å snu!

Beste helsing Jenny Myklebust
«annanrangs»-utdanna lærar frå Høgskulen i Nesna.

Powered by Labrador CMS