Noko av «valdshandteringa» som vert omsnakka i Utdanning handlar også om korleis lærarar kan verte meir medvitne på eige kroppsspråk. Det er å ta ansvar, skriv Gunhild Nordvik Reite. Ill.foto: Verge Opplæring

«Den valdelege åtferda er ikkje barnet sitt ansvar»

Vi må snakke om kva dei tilsette skal gjere der og då når slik vald oppstår.

Publisert Sist oppdatert
Bente Hovland Bergtun skriv 29. mai om sin reaksjon på oppslag i Utdanning om vald utført av elevar. Eg er samd med henne i at terminologien som vert brukt i ei overskrift på framsida i Utdanning er tabloid og uheldig, og set pris på hennar påpeiking av farane ved dette.

Det å karakterisere eit barn som «valdeleg» gjer at ein framstiller valdsutøvinga som eit personlegdomstrekk. Dette igjen kan gjere at ein først og fremst ser «feil» hos barnet og vert blind for korleis omgjevnadene påverkar, og dei vaksne sitt ansvar for barnet og miljøet rundt.

Når det er sagt er eg ikkje samd i at artiklane i seg sjølv gjev barnet ansvar for åtferda. Artiklane har eit arbeidstakarperspektiv og fortel slik om ein bit av historia om barn som utøver vald. Det synest eg må vere greitt. Artiklane tek ikkje føre seg det store biletet. Den ser ikkje på årsaker til valden eller korleis ein skal hjelpe barnet – anten gjennom å endre omgjevnadene eller støtte barnet i å utvikle meir funksjonelle reaksjonsmåtar som ikkje skader andre. Artiklane gjev seg heller ikkje ut for å gjere det.

Vi forhalde oss til heile biletet – men også tørre å snakke om alle sidene ved dette kvar for seg. Det er sjølvsagt heilt sentralt å forsøke å forstå åtferda, korleis omgjevnadene påverkar barnet, lærarane si rolle og deira ansvar (ikkje forstått som «skuld») og korleis få til ei organisering som hjelper læraren. Vi må jobbe førebyggjande. Men vi må også snakke om kva dei tilsette skal gjere der og då når slik vald oppstår.

Det er viktig at lærarar får støtte også til det. At vi alle kan kjenne på ubehaget over at avvergingsteknikkar kan vere nødvendige synest eg for så vidt er eit sunnheitsteikn. Vi må sjølvsagt heller ikkje lure oss sjølve til å tru at slike teknikkar løyser problemet på sikt. Det synest eg heller ikkje artikkelen bidreg til.

Noko av «valdshandteringa» som vert omsnakka i Utdanning handlar også om korleis lærarar kan verte meir medvitne på eige kroppsspråk. Det er å ta ansvar.

Til slutt: Eg er sterkt oppteken av at den valdelege åtferda ikkje er barnet sitt ansvar. Det er heller ikkje enkeltlæraren sitt aleine. Det er skulen som institusjon sitt ansvar, noko som også betyr at ein skuleeigar og skuleleiar har ansvar for å stille dei nødvendige ressursar til råde – både organisatoriske og kompetansemessige. Det må vi snakke høgt om. Viss ikkje kan vi bidra til ei utvikling eg er redd for – at lærarar vil presse på for å få desse elevane ut av fellesskulen. Då har vi alle tapt.

Powered by Labrador CMS