– Som lærarar har me i heile vår yrkeskarriere opplevd nedgang i løna samanlikna med andre utdanningsgrupper. Difor oppleves Stortingsvedtaket om underregulering så urettferdig, skriv Magne A. Reigstad, leiar for pensjonistrådet i Troms. Ill.foto: Jørgen Jelstad, Utdanning

Underreguleringa – er krava våre gode nok?

Berre eit krav om at underreguleringa må opphevast, vil gi stor og sterk oppslutning frå medlemmene.

Takk for svar frå nestleiar Terje Skyvulstad.  Det er bra at problema underreguleinga fører med seg blir tekne opp i alle relevante samanhengar. I Troms er det sterk vilje, også frå grasrota, til å skjerpa kampen. Er me nøgde med forslaget om at inntekta vår skal regulerast «med halvparten av lønnsveksten og halvparten av prisveksten»? Dersom me legg eit slikt reknestykke til grunn, vil me koma bra ut i år med låg lønnsvekst, og dårleg i år med høg lønsvekst. Både i 2011 og 2012 ville me ha kome dårlegare ut. I 2013 nokolunde likt, medan me i 2014 ville tapt. For åra deretter er det låg lønsvekst og relativt høg prisstigning, og me ville ha kome litt betre ut med den ordninga som er foreslått.

 

Uansett så taper me som pensjonistar inntekt og kjøpekraft. Kvifor skal dagens pensjonistar ta på seg den børa det er å koma negativt ut i løn år etter år? Sett i eit tiårsperspektiv vil tapet liggja på mellom 100.000 og150.000 kroner, avhengig av kva inntekta di er. Pensjon er opparbeidd gjennom eit langt yrkesliv, og for oss lærarar har me i heile vår yrkeskarriere opplevd nedgang i løna samanlikna med andre utdanningsgrupper. Difor oppleves Stortingsvedtaket om underregulering så urettferdig.

 

Dersom me ser på inntektsutviklinga i resten av samfunnet, er det lite moderasjon å spora. Skattelette og høge leiarløner dominerer. Med andre ord vil me at Stortinget skal oppheva underreguleringsvedtaket. I desse dagar er det mange politiske reaksjonar frå Stortinget fordi det er kjent at pensjonistane taper kjøpekraft fjerde året på rad. Mange parti er ute og meiner at pensjonistane må halda tritt med inntektsutviklinga i samfunnet. Me pensjonistmedlemmer i UNIO og Utdanningsforbundet har sterk tru på at organisasjonen vår er pådrivar for å knyte alliansar og stå på for pensjonistmedlemmene, men då er forslaget som Arbeidarpartiet har stått på og som UNIO støttar, ikkje godt nok.

 

Berre eit krav om at underreguleringa må opphevast, vil gi stor og sterk oppslutning frå medlemmene. Det er her me må ta diskusjonen i organisasjonen, og bli einige både om kva me vil, og kva strategiar me skal føra i kampen. Her må knytast alliansar, og medlemmene må aktiverast. Hugs dei fleste pensjonistane les papirutgåva av Utdanning, så bruk den.

Utdanningsforbundet er vår fagorganisasjon. Det er ca 37000 pensjonistar i forbundet. Det er dei som må aktiverast i kampen mot underreguleringa. 

 

Powered by Labrador CMS