Stoltenberg-utvalet trekk konklusjonar på til dels spinkelt grunnlag, skriv Eldar Heide på norsklærerutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Ill: Tone Lileng

Ugjennomtenkt om mannlege lærarar frå Stoltenberg-utvalet

Stoltenberg-utvalet drøftar i rapporten sin kva årsaker det kan ha at gutar gjer det dårlegare enn jenter på skulen, og kva som kan gjerast med det.

Publisert Sist oppdatert

På side 14 i rapporten seier Stoltenberg-utvalet: «Én myte kan vi avkrefte: Kvinnedominansen blant lærere er ikke årsak til kjønnsforskjellene i skoleprestasjoner. For det første viser en svensk studie av elever på videregående skole ingen effekt av lærernes kjønn. For det andre har kjønnsforskjellene i skoleprestasjoner vært til stede lenge før kjønnsfordelingen blant lærere ble så skjev som den er i dag. For det tredje er kjønnsfordelingen blant lærerne ikke den samme i alle de OECD-landene som har utviklet omtrent samme grad av kjønnsforskjell i skoleprestasjoner som Norge har.» Men ser vi etter, så gjev ikkje desse argumenta grunnlag for konklusjonen.

Når det gjeld forsking på «effekt av lærernes kjønn», nemner utvalet nokre studiar frå kulturar svært ulike vår, men landar på at berre den svenske (Holmlund & Sund i Labour Economics, 2008) er verd å leggja vekt på, sidan den «ligger tettest opp mot norske forhold» og er solid. Dette grunnlaget er likevel spinkelt. For det fyrste er det berre éin studie. For det andre dekker han berre vidaregåande skule, og mange av dei minst motiverte har falle frå i den alderen, nemleg særleg gutar. Om fleire menn blant lærarane ville vore positivt for dei, får vi då ikkje veta. For det tredje kan det vera annleis i småskulen eller barneskulen generelt, slik utvalet sjølv er inne på (s. 147).

Faktisk er det ein studie utvalet nemner i annan samanheng som kan kaste lys over dette, ein studie som òg er godt gjennomførd og er frå Skandinavia. Bauchmüller, Gørtz og Rasmussen (i Early Childhood Research, 2014) finn at dersom det er mange menn i ein barnehage, så gjer det at særleg gutar får betre skuleresultat heilt ut 9-årig grunnskule (!) i Danmark. Dersom menn har ein slik effekt på 5-6 år gamle gutar, så er det naturleg å gå ut frå at det er likeins med 6-7 år gamle gutar. Den forskinga på «effekt av lærernes kjønn» som utvalet legg fram, gjev altså ikkje grunnlag for å seia at få menn blant lærarane er ein faktor vi kan sjå bort frå.

* Les også: – Gutters problemer er også samfunnets problemer

Dessutan treng det ikkje vera slik at dersom svake guteresultat i dag delvis kjem av at dei mannlege lærarane er få, så skal det slå ut i prestasjonsskilnad på klassar og skular med få eller mange mannlege lærarar. For det kan tenkjast at heile skulekulturen er endra til ulempe for gutane, som følgje av at mennene er vortne få både blant lærarane og i institusjonane som formar skulen – og som følgje av at ein frå 1970-talet av generelt prøvde å styrke jentene si stilling. Lærarveteranar hevdar at det vart gjort endringar i fag der gutane tradisjonelt gjorde det best, som sløyd, gymnastikk og fysikk, for at jentene skulle koma betre ut. Eg har ikkje data som dokumenterer at dette har skjedd. Men det ville vera naturleg om utvalet hadde prøvd å undersøke det, ikkje minst sidan dette spørsmålet har vore ein del framme i den offentlege debatten. I staden har ikkje utvalet nemnt problemstillinga.

Utvalet skriv at kjønnsfordelinga blant lærarane ikkje er «den samme i alle de OECD-landene som har utviklet omtrent samme grad av kjønnsforskjell i skoleprestasjoner som Norge har». Men det interessante er om tendensen er den same, ikkje om det er likt. Det utvalet bygger på, er kjønnsfordelinga i eitt år, 2016, med tal frå rapporten Education at a Glance (2018. Opplyst av sekretariatet 15.2.2019). Dei tala viser at det også i dei andre OECD-landa er få menn blant lærarane, særleg i barne- og småskule. For ein del tiår sidan var andelen menn mykje høgre i dei landa òg, slik som hos oss.

* Les også: – Haster med å sette inn tiltak for guttene

Det beste argumentet utvalet har er ein metastudie gjord av Voyer & Voyer frå 2014 (i Psychological Bulletin). Den samanfattar studiar frå mange land, særleg USA, frå perioden 1914 til 2011, og finn ikkje at skilnaden mellom gute- og jenteprestasjonar er større i studiar frå seint i perioden enn tidleg i perioden. Altså: Det stemmer ikkje at gutane gjer det dårlegare i høve til jentene no enn før. Då kan ikkje underskot på mannlege lærarar no vera med på å forklare svake guteresultat.

Men så sikkert er dette ikkje. For det fyrste er metastudien berre éin, og han blir motsagd av andre. Voyer & Voyer (s. 1174) viser sjølve til to solide studiar frå 2008 og 2010 som viser at jentene i USA dei seinare tiåra har teke att gutane i matematikk, utan at gutane samtidig har teke att jentene i språkfag. Offentleg statistikk frå nasjonale prøver for 16-åringar i Storbritannia viser at jentene markant rykte frå gutane frå 1970-talet til slutten av 1980-talet; deretter heldt skilnaden seg nokså konstant (data fram til 1995. Arnot mfl. 1998, Recent research on gender and educational performance, s. 10 ff.). Desse tala er sjølve karakterstatistikken for eit heilt land, i lange år-rekker. Det er meir pålitelege data enn Voyer & Voyer si samanstilling av ueinsarta studiar.

For det andre er metastudien til Voyer & Voyer ikkje så solid når det gjeld dei lange linjene. Det stemmer at han dekker «1914 til 2011», slik utvalet seier fleire stader, men berre 4 prosent av grunnlagsstudiane er frå før 1970.

For det tredje samlar Voyer & Voyer alle skulesteg opp til universitet i same sekk. Eit eventuelt positivt utslag av fleire menn i småskulen kan då bli «kamuflert» i resten av dataa. Vidaregåande skule, høgskule og universitet utgjer 60 prosent av datagrunnlaget.

Utvalet slår fast som sikkert at «kjønnsforskjellene i skoleprestasjoner i jenters favør har vært stabile over svært lang tid, også i Norge» (s. 13). Men så langt rekk ikkje datagrunnlaget. Det er ikkje grunnlag for å seia det i land som USA og Storbritannia, der ein har data for lange periodar, og for Noreg har vi karakterstatistikk berre frå 2000-talet til i dag.

* Les også: På høy tid å løfte guttene

Eg veit ikkje om gutar ville gjort det betre dersom det var fleire menn blant lærarane i skulen. Det vi kan slå fast, er at Stoltenberg-utvalet ikkje har grunnlag for si kategoriske avvising av at dette spelar ei rolle. Hovudkonklusjonen til utvalet (s. 13-14) er «at vi fremdeles ikke vet hva som er årsakene til kjønnsforskjellene i skoleprestasjoner og utdanningsløp.» Slik er det òg med spørsmålet om fleire menn blant lærarane ville hjelpt gutane.

Powered by Labrador CMS