Annonse
Debatt

Lønn er ikkje det einaste som bestemmer rekrutteringa til læraryrket, men uansett kva ein hevdar, så er det viktig for å rekruttere gode emne og for å «halde på dei beste», skriv Einar Magne Skeide. Ill.foto: Inger Stenvoll, Utdanning

Svakt lønnsoppgjer nok ein gong – kva med 2019?

Lønn er viktig for å rekruttere gode emne og for å «halde på dei beste».

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Slik det ser ut no, har utdanningsgruppene nok ein gong fått ein noko svakare lønnsvekst enn dei fleste andre grupper det er naturleg å samanlikne seg med. Ifølgje SSB ser det ut til at lønnsveksten i 2018 inklusiv lønsgliding vert på 2,8 prosent for undervisningsgruppene samla. For alle grupper auka den med 2,9 prosent. Kommunetilsette utanom undervisning vil få 3,1 prosent, og for finanstenester vart det 4,1 prosent lønnsvekst i år. Det har i mange år vore sagt frå Utdanningsforbundet og andre undervisningsorganisasjonar at vi har ein del å ta att samanlikna med andre med tilsvarande utdanning og ansvar. Lønnsnivået og statusen blant lærarar må opp. Om vi skal utlikne noko av den forskjellen som har oppstått, må vi ha større lønnstillegg «enn dei andre» og ikkje det same eller mindre som har blitt resultatet dei siste åra.

 

Lønn er ikkje det einaste som bestemmer rekrutteringa til læraryrket, men uansett  kva ein hevdar, så er det viktig for å rekruttere gode emne og for å «halde på dei beste». Det gjeld innanfor alle yrke. Læraryrket er ikkje noko unntak. At statusen er låg, ser ein også på talet på mannlege lærar som stadig går nedover også i den vidaregåande skulen. Held utviklinga fram, vil dette kunne bli eit «reint kvinneyrke» om få år. Lønn er også viktig for «å lokke dei mange lærarane som har slutta» og ikkje lenger arbeider i skulen, tilbake til klasserommet.

 

Det er ikkje berre det siste lønnsoppgjeret som står for den negative utviklinga. Det har skjedd over tid tross masse prat og gode intensjonar om kor viktig det er med dyktige lærarar.

 

Per i dag manglar 10.000 lærarar relevant utdanning. Då er det freistande å senke kompetansekrava. Men det vert feil. Ein treng ikkje berre fleire lærarar, men enno viktigare etter mitt syn – fleire dyktige pedagogar i ei framtid med stadig aukande behov for høg kompetanse. Ein må halde på kompetansekrava, men også samtidig gi lønnstillegg som er høgare enn utdanningsgrupper det er naturleg å samanlikne seg med. Eller så vil den negative utviklinga halde fram.

 

Ikkje alle har fått med seg det som har skjedd når det gjeld lønnsveksten for undervisningsstillingar dei siste åra. Og det er overraskande få som stemmer nei, og altfor få som i det heile tatt stemmer ved uravstemmingane, og då får vi vel som fortent?  Men for samfunnet er det uansett eit stort tap.

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!