Når test og terapi blir sentralt i vår omgang med barn – kvar blir det då av læraren? Ill.: Tone Lileng

Barnehagedagen 2019 – «Eg lurer på» ...

Utdanningsforbundet har gitt Barnehagedagen 2019 tittelen «Eg lurer på». Å lure på eller å undre seg er for meg eit pusterom som gjev håp.

 

* Elin Førde er barnehagelærar og masterstudent i barnehagepedagogikk ved Oslo Met – storbyuniversitetet.

 

Som barnehagelærar har du gjerne møtt barnet som ser på deg med eit stort ope blikk og stirer deg i senk. Eit blikk som før du anar det vreng sjela di ut av deg, slik vatnet snurrar seg ut av sluket i badekaret. Før vatnet brått kjem i retur og fyller badekaret på nytt – ikkje med vatn denne gongen, men med tusen spørsmål – babbel, babbel, babbel, babbel. Til det renn over og du står der fortapt. Kvar skal du begynne? Det første spørsmålet forsvann, det andre forsvann, det tredje … rann ut over badekaret. Og ja, uansett – vi må alle inn og vaske hender. Det er mat.

 

Utdanningsforbundet har gitt Barnehagedagen 2019 tittelen «Eg lurer på». Å lure på eller å undre seg er for meg eit pusterom som gjev håp. I fagområdet «Etikk religion og filosofi», kapittel 9 i Rammeplan for barnehagar, heiter det at barnehagepersonalet skal «utforske og undre seg over eksistensielle, etiske, religiøse, livssynsmessige og filosofiske spørsmål saman med barna».

 

Som masterstudent kjenner eg på litt otte for framtida. Skulske verdiar pressar seg inn i barnehagane, kneblar oss og gjer oss blinde for vårt eige fagfelt. Barnehagane har blitt til ein leikeplass der ein kan selje inn ferdigsydde programvarer, testar og terapeutiske oppskrifter for korleis ein skal ta hand om barn. Barnehagelærarane veit at det både er problematisk og uetisk å bruke reseptar og «strikkeoppskrifter» der formålet er å presse og støype barn inn i idealformer.

 

For når test og terapi blir sentralt i vår omgang med barn – kvar blir det då av læraren? Omgrepet terapi finnes ikkje i rammeplanen, av ein grunn. Ekspertgruppa som vart sett ned for å sjå nærare på barnehagerolla, løftar no opp ein varseltrekant som peikar nettopp på dilemmaet med aktørar utanfor barnehagen som har fått for stor makt. Korleis utanforliggande aktørar tenkjer om barn, smittar over i barnehagesektoren og har i mange tilfelle med seg eit reduksjonistisk barnesyn – ein uheldig og framand måte å tenke om barn på for pedagogar.

 

Rapporten frå ekspertgruppa som nyss vart lagt fram, seier også at barnehagane må få ei meir medviten rolle som deltakar kontra mottakar som i dag. Det betyr at ein i større grad må ta tilbake arenaen og blant anna skape den strukturen som gjev rom for spontanitet og gjer det mogeleg for barn å undre seg. Det er barnehagelæraren som må skape struktur og lage rom for at barn kan få leike og undre seg saman med andre barn og med vaksne.

 

Forskaren Anna Hickey-Moody skriv om det ho kallar ein affektiv pedagogikk, og ho nyttar omgrepet «affectus» frå «Spinoza» av Gilles Deleuze (1988). Det er for meg eit omgrep som peikar direkte på passasjen eller det som skjer i mellomrommet «from one state to another» (Hickey-Moody 2013 s. 81). Affekt er det som set i gang noko inne i oss menneske.

 

Haldis Moren Vesaas skriv i ei strofe i diktet Lykkeleg minne: «Inne i henne var ei kjelde av glede, som ikkje vart tom. Den tok i bruk alle sangar ho kjende». Og det er nettopp dette mellomrommet frå gleda til songen ein må ivareta i eit samfunn der ein vektlegg effektivitet og nytteverdi.

 

I tillegg til å skrive master, stikk eg stundom innom barnehagen og jobbar litt, og somme gongar er eg med borna på bading. Det er nokre kilometer å gå fram og tilbake, og det tek tid, men denne tida – fram og tilbake – tilbake og fram – er minst like verdifull som sjølve badesekvensen, for i dette mellomrommet mellom barnehagen og badebassenget skjer der store ting: Etter nokre hundre meter kjem der ord og spørsmål på spørsmål. Babbelet returnerer som vatnet i badekaret. Barna filosoferer seg framover, medan dei slepar beina gjennom snøen …

– Kvifor måtte eg ha tjukkedress når det snart er påske?!

– Kvifor er snøen så skitten?

Ein mann syklar forbi:

– Kvifor ser den mannen så gammal ut?

– Ho bestemor var gammal og då døydde ho, og.

Så har vi med det barnet som ikkje produserer dette babbelet, men som heng på armen din og tenkjer dei djupe og viktige tankane.

Vi går tur, vi har tid og vi kan lytte, svare, tøyse, tulle, og undre oss stort saman. Vi kan sjå dei non-verbale utrykka, det fjerne blikket; løfte fram desse tankane som sit så langt inne. Vi kan stoppe ved elva og sjå om vi synast den er stor eller lita eller mellomstor i dag, og vi kan liste oss over brua som dei tre bukkane bruse og sjekke om trollet er heime.

 

Til lukke med dagen, barnehagar – ta vare på mellomrommet!

Powered by Labrador CMS