yring og kanskje etter kvart ein ny eksamensmodell, er det på tide å diskutere kva for innhald sidemålseksamenen skal ha. Det er ikkje bra nok slik det er i dag. Ill.foto: Inger Stenvoll

Med fagfornyinga kan vi endeleg gjere noko med eksamensforma i norsk sidemål

Vi må gjere det enklare for skoleungdommane våre å beherske både nynorsk og bokmål. Eit grep kan vere å gjere sidemålseksamen enklare enn det den er i dag.

Publisert

Med nye læreplanar ute på høyring og kanskje etter kvart ein ny eksamensmodell, er det på tide å diskutere kva for innhald sidemålseksamenen skal ha. Det er ikkje bra nok slik det er i dag.

 

* Les også: Løsningen på sprik i vurdering ved eksamen er ikke å fjerne eksamen

 

Etter mi meining er det eit for stort sprik det er frå den politiske ambisjonen som er mellom kva elevane bør kunne på sidemålet sitt, og kva dei faktisk får vist at dei kan. Ei årsak til det, er dagens eksamensform. Det er uheldig at hovudmålseksamen og sidemålseksamen er identiske. Det er same type oppgåver, som krev særs mykje av elevane våre. Norskeksamen i den vidaregåande skolen krev at ungdommane i løpet av fem timar skal skrive både ein kortsvarstekst og ein langsvarstekst med god struktur og presist svar på det oppgåva ber om. Dei skal vise både lesekompetanse, skrivekompetanse og fagkunnskap.

 

Det er bra at vi har høge forventningar til dei som fullfører den høgste allmenne utdanninga vi har i Noreg, men likevel meiner eg ambisjonsnivået er for høgt når vi krev at dei skriv like godt på nynorsk og på bokmål.

Ja, allereie i dag skal ein eigentleg ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmålet sitt. Syntaks og grammatikk treng ikkje å vere like mykje på stell når ein skriv på sidemålet. Likevel er den reelle situasjonen at omfanget blir så stort for elevane at det samla resultatet blir dårlegare enn kva som er nødvendig. Det viktigaste målet må etter mi meining vere at ein får vist at ein kan skrive godt på sidemålet sitt.

Kva om ein blir prøva i noko anna på sidemålseksamen? Kanskje det held at dei her får vist skrivekompetansen sin, og ikkje alt anna i tillegg? Det får dei jo uansett vist på hovudmålseksamen. Det kan vere med eit ressurshefte, det kan vere refleksjon om eit tema, eller ein kreativ tekst. Ei sånn tilnærming til sidemålet kan også gjere noko med motivasjonen til elevane.

* Les også: Med denne lista klarer bokmålselever å kvitte seg med de vanligste feilene på nynorsk

Dette er ikkje eit åtak på verken sidemålet, jamstillingsvedtaket, nynorsken eller noko anna. Snarare tvert om. Eg er stolt over å bu i eit land som tar språk og skrift på alvor, og som har høge forventningar til ungdommane sine. Ei endring er etter mi meining naudsynt for å styrke sidemålet i skolen. Eg trur det kan gjere det enklare å nå målet om at flest mogleg beherskar både nynorsk og bokmål best mogleg.

Powered by Labrador CMS