– Sjølv om eksamen utgjer berre 20 prosent av karakterane på vitnemålet (80 prosent av vitnemålet er standpunktvurderingar), så er det ei kjensgjerning at det som kjem på eksamen, er det som får fokus i klasserommet, skriv Robert Mjelde Flatås, rektor ved Stanghelle skule i Vaksdal. Ill.foto: Kari Oliv Vedvik

Gjer noko med eksamen, Sanner!

Det er ei kjensgjerning at det er det som kjem på eksamen, som får fokus i klasserommet.

Publisert

 

  • Dette innlegget vart opphavleg publisert på bt.no

* Robert Mjelde Flatås er rektor ved Stanghelle skule i Vaksdal kommune i Hordaland.

 

Det er mai månad, og tiandeklassingen Knut sit og sveittar over norskeksamen i gymsalen. På seks timar skal han visa alt han har lært i norskfaget. Knut har opplevd noko kjipt dagen i førevegen, han er forkjølt og klarar ikkje heilt å konsentrera seg. Han føler at han får ikkje høve til å visa kva han kan denne varme maidagen, for det er sanneleg ikkje lett å visa kva ein kan etter ti år på skulen på berre fem timar i ein illeluktande gymsal med eksamensvaktar som attpåtil glor olmt på ein berre ein lyftar blikket.

 

18. mars i år vart forslaga til nye læreplanar i grunnskule og vidaregåande skule sendt ut på høyring. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) uttalte nyleg at dei nye planane vil sikra betre og meir læring for alle elevar.

 

Vidare vart det peika på at no kjem det eit verdiløft i skulen, læreplanane skal ryddast, ein skal sjå til tverrfaglegheit, kritisk og kreativ tenking skal vektleggjast i opplæringa, og ein skal leggja til retta for djupnelæring.

 

Det lèt etter seg liten tvil om at dei nye læreplanane kjem til å krevja endring i klasseromma, men det paradoksale er at regjeringa ikkje har bestemt om det vert endringar knytt til korleis eksamen og vurdering skal føregå. Kunnskapsdepartementet har rett nok nedsett ei eksamensgruppe som skal sjå på sluttvurdering og eksamen i både grunnskule og vidaregåande skule, men dei skal ikkje koma med forslag til nye eksamensformer før eventuelt i 2020.

Kanskje det då ikkje vert nokre endringar knytt til eksamen, og korleis vil skulane då endra sin undervisningspraksis?

 

Sjølv om eksamen utgjer berre 20 prosent av karakterane på vitnemålet (80 prosent av vitnemålet er standpunktvurderingar), så er det ei kjensgjerning at det som kjem på eksamen, er det som får fokus i klasserommet.

 

Faren då er at dei nye kompetanseområda lett kan bli noko som ligg på sida av det faglege innhaldet, noko som elevar, lærarar og foreldre vil oppfatta som noko mindre viktig. Då får vi att ein skule der elevane kjem til å nipugga fag to veker før eksamen, for så å nesten gløyma alt etterpå.

 

I samband med fagfornyinga i 2020 treng vi at regjeringa på same tid innfører ei rettferdig vurderingsform som også tek omsyn til mellom anna djupnelæring, kjerneelement, tverrfaglege tema, kreativ og kritisk tenking og teknologi. Vi treng ei eksamensform som gjev elevane grunn til å jobbe med faga og dei nye tverrfaglege kompetanseområda i læreplanen gjennom heile året.

 

Kva med å innføre mappevurdering som gjer at elevane kan få ei reell mogelegheit til å visa sin fullstendige kompetanse? Kanskje ein også i større grad bør leggja til rette for praktisk-munnlege tverrfaglege eksamenar?

 

Kva med å innføre mappevurdering som gjer at elevane kan få ei reell mogelegheit til å visa sin fullstendige kompetanse?

 

Vurdering i skulen er prega av sterke tradisjonar, praksis og kultur, og dette er noko ein ikkje skal undervurdera når ein skal endra systemet. Å innføra ei fagfornying utan å fornye eksamen heng difor ikkje på greip! Etter mitt syn er det altfor seint å sjå dette nokre månader før fagfornyinga trer i kraft – dette burde vore greia ut samtidig med høyringa. Det vil nok ei evaluering i 2030 visa når tida er moden for endå ein ny læreplan.

 

Powered by Labrador CMS