Annonse
Debatt

Det mest urovekkjande funnet i rapporten er korleis dei intervjua ungdomsskulane meiner forsøket legitimerer å starte seinare med sidemål, skriv Magne Aasbrenn. Arkivfoto: Utdanning

Mållaget kritiserer at skissa har framlegg om å slå saman halvårskarakteren i sidemål og hovudmål

Den første skissa til ny læreplan i norsk blir presentert i dag, og ein kan ane konturane av korleis norskfaget blir etter 2020. Noregs Mållag kritiserer at skissa har framlegg om å slå saman halvårskarakteren i sidemål og hovudmål i 8. og 9. klasse og i Vg1 og Vg2.

Del side


Annonse

I sluttrapporten for eit forsøk med slik karaktersetjing står det at dette ikkje løyser problema i norskfaget.

Sidan hausten 2013 har svært mange skular testa ut denne ordninga, og sluttrapporten om prosjektet kom før sommaren i år. Den konkluderer med at ei slik samanslåing ikkje har nokon effekt på læringa til elevane.

Det mest urovekkjande funnet i rapporten er korleis dei intervjua ungdomsskulane meiner forsøket legitimerer å starte seinare med sidemål. Dette trass i alle faglege tilrådingar om tidleg start med sidemål.  Skuleleiarar seier at forsøket har gjort det mogeleg å utsette sidemålsundervisninga til 9. trinn.

Rapporten er skriven av NIFU, og dei oppsummerer at dette forsøket ikkje løyser problema i norskfaget. Dei meiner at ein kan kutte vurderingsmengda utan å endre på karakterane i faget. Dei peikar på at det er lokale praksisar og krav frå skuleleiing som er grunnen til rapportering og stor rettebyrde i norskfaget. Det er heilt klart ut frå NIFUs rapport at lærarane er veldig nøgde med forsøket. Likevel tilrår NIFU at ein heller skal sjå nærare på dei vurderingspraksisane som er i norskfaget for å finne ein betre måte å gjere det på, særleg med omsyn til at elevane ikkje ser ut til forstå språket for vurdering som har teke plassen til karakterane.

Eit problem den nye skissa heller ikkje løyser, er at opplæringssituasjonen er svært ulik for nynorskelevar og bokmålselevar. Bokmålselevane ser språket sitt rundt seg heile tida, mens mindretalet som skriv nynorsk, treng i mykje større grad å få "bade" i sitt eige språk.

Denne ubalansen må læreplanen ta høgd for.

Men det nye læreplanframlegget har også positive sider.

At elevane skal få god fagleg kompetanse i dei to norske språka, er heldigvis høgare prioritert enn det har verka tidlegare i læreplanprosessen, seier Magne Aasbrenn.

Skriving av kreativ tekst er ute, og i staden kjem grammatikk og sjangerkunnskap tydelegare inn. Norrøne tekstar og den lange litteratur-tradisjonen er også tydeleg med, og gjennom heile planen blir det presisert at norskfaget omfattar både bokmål og nynorsk.

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!