Annonse
Debatt

Kva er vel eigentleg ein karakter? Er det ikkje viktigare at elevane trenar seg opp til å sjå kva som trengst i livet? Eg vil at dei skal sjå samanhengar og at dei skal klare å sjå seg sjølv i eit større perspektiv, skriv lektor Espen Tørset. Arkivfoto: Utdanning

Det er mange gode grunnar til å dempe fokuset på karakterar i den vidaregåande skolen

Det var opplyftande å lese årets ellevte utgåve av Utdanning. Erfaringane frå Ringshaug ungdomsskole er nær identiske med dei eg har frå norsktimane mine ved Orkdal vidaregåande skole.

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

For fjerde året er eg i gang med karakterdempa norskundervisning. Tilbakemeldingane frå elevane er så langt gode. Dei blir meir motiverte, dei reflekterer meir over sine eigne prestasjonar, og dei tar til seg tilbakemeldingane frå lærar på ein heilt annan måte enn når dei får ei summativ vurdering på produkta sine.

Bakgrunnen er enkel. Eg var så grundig lei av å ta imot elevar frå ungdomsskolen som var heilt maniske etter å få karakterar på den minste ting. Første spørsmål, uansett kva vi gjorde, var om dei får karakterar. Ikkje om kva vi skal lære eller kvifor vi skal lære dette. Kortsiktig vinning og sjeldan noko meir.

Ei anna årsak var at eg heile tida er på leit etter metodar som kan gjere undervisninga meir relevant for livet etter skolen. Studietid, arbeidsliv og samfunnsliv har andre krav enn det som ein norskeksamen er ute etter.

Til sist var det ei erkjenning av at prøver, fagdagar og skriveøkter har vore lite integrert i undervisninga mi. «Undervisning» og «vurdering» har i for stor grad vore lausrive frå kvarandre.

Norskfaget er spesielt på mange måtar. Tre standpunktkarakterar og spennet mellom danning og reiskapsfag er to døme på kva vi må halde oss til. Men, det er også eit fag som gir læraren unike moglegheiter. Tenk, vi har tre år på oss til å arbeide med elevane for å ruste dei best mogleg for livet. Den sjansen må vi gripe.

Korleis kan vi gjere faget relevant gjennom tre skoleår? Løysinga er i alle fall ikkje å starte førsteklassen med masse vurderingar for å få «nok grunnlag» til terminoppgjeret.

 

Eit større perspektiv.

Eit mantra vi ofte høyrer, er «vurdering for læring». Kva vil det seie? Eg måtte spørje meg sjølv om det er mogleg å både gi vurdering som skal gi læring, og samstundes gi karakterar. Mi erfaring er at det i første- og andreklassen på studieførebuande er viktig å øve opp eleven i kva det vil seie å arbeide med ein tekst utan å tenkje på «kva for karakter får eg no». Sjølvsagt møter du motstand i starten. Eleven er ikkje vant med denne måten å arbeide på, men etter kvart får vi ei felles forståing av kva dette handlar om.

Med ei summativ vurdering blir det støy i kommunikasjonen. Eleven blir forvirra. «Kva skal eg sjå på, kommentarane eller karakteren?» Målet må heile tida vere at eleven skal oppleve utvikling. Da må dei våge å prøve ting som dei ikkje er så gode på. Dei må trene, både på å gjere nye ting og også lære seg å reflektere over eigne prestasjonar. Så kan ein eventuelt etter ei stund veksle mellom formativ og meir summativ vurdering, men da har eleven fått trening i å sjå på produkta sine i eit større perspektiv.

 

Respons i klasserommet

Prosessorientert skriving er ein metode som både er elska og hata. Arbeidsmengd for læraren, og ei kjensle av at dette etter kvart blir meir læraren sitt produkt enn eleven sitt, gjer at mange har lagt vekk denne arbeidsmetoden. Eg vil likevel slå eit slag for prosessorientert skriving. Gjer vi det rett, ligg det mykje læring og utvikling i denne metoden.

Forsking viser at om responsarbeid skal virke, må det vere kort tid mellom respons og vidare arbeid. Da er det større sjanse for at eleven tar til seg kommentarane. Det aller beste responsarbeidet skjer i klasserommet saman med elevane. Finn vi ein struktur på det, har vi kome eit stykke på veg. Ver bevisst på kva du skal gi respons på. Du rekk fint å lese 20 til 30 innleiingar i løpet av ein fagdag. Andre fokusområde kan vere struktur, temasetningar, avslutning eller verkemiddel.

All skriving må vere ein integrert del av undervisninga. Ein «skrivedag» kan ikkje vere lausrive frå det andre vi driv med i faget. Dette er ein dag med undervisning, rettleiing og refleksjon. Å gi elevane våre tekstvedlegga ein dag tidlegare, så vi saman kan arbeide med tekstane, er ein god idé. Det frigjer tid på skrivedagen, som kan brukast på å svare best mogleg på oppgåva.

Det ligg mykje læring i godt responsarbeid, og da er det avgjerande å fokusere på den formative vurderinga.

 

Relevant for livet

Du tenkjer kanskje no at vi med dette leikar skole med ein karakterfri kvardag, der ingenting tel. Sånn er det ikkje. Alt tel like mykje no som tidlegare, men vi er meir opptekne av prosessen enn den summative vurderinga.

Elevane er i all hovudsak fornøgde med denne arbeidsforma. Dei opplever at læraren er meir «på» med å integrere vurderingane i undervisninga på denne måten. Det krev at ein har god kommunikasjon med eleven. Eg har enno ikkje opplevd at eleven har vorte overraska over terminkarakterane. Faktisk gjer den prosessorienterte arbeidsmetoden noko med kor realistiske dei blir i møte med eigne prestasjonar.

Karakterar eller ikkje, målet er at eleven skal bli betre. Ein andreklasseelev som set høge krav til seg sjølv, sa i ein elevsamtale at det er så godt å sleppe å bli stressa over at ho får karakterar på alle produkta sine. «No kan eg heller konsentrere meg om å trene, og å ta meg tid til å prøve å bli betre på det eg ikkje er så god på». Da har vi oppnådd noko.

Det er ikkje sånn at alle utfordringar i klasserommet er løyst med denne måten å arbeide på, men det kan vere ein metode som gjer både elevar og lærar meir motiverte for norskundervisninga. Eg er overtydd om at dette er meir relevant for både studieliv og «vaksenliv», enn dei meir eksamensretta vurderingsmetodane vi er vante med. Vi veit at i samband med fagfornyinga skal ein også sjå på vurderingsform og eksamensform. Da vil vi sjå at vurderingsforma går i den retning som Ringshaug ungdomsskole og fleire vidaregåande skolar no går. Bra er det. Eksamensforma vi har i dag er moden for ei kraftig revitalisering. Den har lite med livet utanfor skolelivet å gjere.

I tillegg er det ein dose ideologi bak ein karakterdempa skole. Kva er vel eigentleg ein karakter? Er det ikkje viktigare at elevane trenar seg opp til å sjå kva som trengst i livet? Eg vil at dei skal sjå samanhengar og at dei skal klare å sjå seg sjølv i eit større perspektiv. Målet med skolen er å gjere elevane til gangs menneske. I staden for elevar med gode karakterar vil eg ha ungdom med karakter!

 

  • Espen Tørset er lektor ved Orkdal vidaregåande skole

Nyhetsbrev




Les mer om nyhetsbrevet her



 
 

Utdanningsnytt på Facebook!

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!