Ill.foto: Joana Franca, Free images

«Kunnskapsløftet er ein fiasko og eit dyrt eksperiment»

Det PISA 2015 syner oss er at Kunnskapsløftet har vore ein fiasko, eit dyrt eksperiment som ikkje kan visa til målbar læringseffekt, ikkje eingong i satsingsfaga.

«PISA-undersøkelsen viser framgang» skriv Fredrik Jensen og Marit Kjærnsli i Utdanning 2. februar, i tilsvar til eit innlegg av Lars Gunnar Briseid i Utdanningsnytt.no 5. desember.

Begge innlegga kommenterer auken i prosentvis fritak for svake elevar. I år 2000 låg fritaket på 2,7 prosent, i 2015 på 6,7 prosent. Jensen og Kjærnsli skriv om utslaget av ein liknande skilnad, mellom 2006 og 1015, at «den positive endringen i gjennomsnittsresultatene … overestimeres med omtrent 2 – 3 poeng».

Når me veit at gjennomsnittsresultatet for norske elevar var 3 poeng høgare i PISA 2015 enn i PISA 2000, ser me at auken i fritak nøyaktig nullar ut den registrerte framgangen sidan PISA 2000, det året politikarane slo fast at Noreg hadde fått «PISA-sjokk» og utdanningsminister Kristin Clemet fekk frie hender til å snu opp ned på norsk skule.

Korkje Lars Gunnar Briseid eller Jensen & Kjærnsli nemner det kanskje viktigaste poenget: innsatsfaktoren. Når me samanliknar talet på underviste timar som norske femtenåringar hadde bak seg, finn me at 2015-elevane hadde hatt nær 20 prosent fleire timar enn 2000-elevane i kvart av faga norsk og matematikk, og om lag ti prosent fleire timar i naturfag. Då får me dette reknestykket: Auke i innsats, fordelt på fag: 20 prosent / 20 prosent / 10 prosent. Læringsvinst i faga: +1 prosent / 0 prosent / -1 prosent.

Konklusjon: Det PISA 2015 syner oss er at Kunnskapsløftet har vore ein fiasko, eit dyrt eksperiment som ikkje kan visa til målbar læringseffekt, ikkje eingong i satsingsfaga.    

 

  • Gunvald Skeiseid er fyrsteamanuensis h.v. Høgskulen Stord/Haugesund
Powered by Labrador CMS