Annonse
Debatt

Dei siste førti åra har barnehagelæraren med sine marginale rammer gjort alt i si makt for å levere kvalitet og gjere brukarane tilfredse. Når skal ein gje barnehagelærarane eit godt fundament for å oppfylle dei krava dei vert pålagde, skriv masterstudent Elin Førde. Ill.foto: Federico Belloli, Free images

Kor mange skal ein barnehagelærar tole?

Barnehagen er første steg i utdanningsløpet, og det er med barnehagelæraren det heile startar. I framtidas barnehage må barnehagelærarane ha nok plantid til refleksjon, kritisk lesing og til å oppdatere seg på nyare forsking.

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar som er ei forskrift til lova, har jamleg blitt oppdatert sidan den første kom i 1975, utan at ein har gjort noko med plantida. Den nye rammeplanen (2017) inneheld 100 nye SKAL, som er pålegg om kva barnehagelæraren skal gjere.

 

For å i det heile kunne levere kvalitet, er tid og kompetanse to viktige faktorar som avheng av kvarandre. Kva skal barnehagelæraren med kompetanse om han ikkje har nok plantid til å implementere dei nye pålegga? I ein sektor i stadig endring kan ein ikkje la dette vere opp til den enkelte barnehagelærar.

Under NHO sin nylege årskonferanse sa økonomiprofessor Katrine Vellesen Løken ved Handelshøgskulen i Bergen at «skal ein hindre fråfallet i vidaregåande skule, må ein satse på kvaliteten i barnehagane.» Den nye rammeplanen er eit styringsdokument som skal sikre kvalitet, men slik det er i dag, vert det kravd at ein implementerer den idet den ligg på bordet. Barnehagelæraren treng meir tid til å absorbere innhaldet, og til kritisk å drøfte og ta stilling til ulike diskursar og nye omgrep som gjerne kjem frå andre fagfelt, før den vert sett i verk, slik ein gjer etter revisjon av Kunnskapsløftet. Det vil frigjere tid til å heve kvaliteten i for- og etterarbeid.

 

Trass store samfunnsendringar i feltet dei siste 43 åra, har plantida på fire timar veka stått uendra. Det er alvorleg. I 1970 gjekk berre 2,3 prosent av alle barn i barnehage, i 2017: 98 prosent av alle barn over tre år. Barndomen har blitt institusjonalisert. Midt i stormen har dei få barnehagelærarane vi har i dette landet, stått som pålar i ver og vind.

Langs med at barn har fått rett til barnehageplass, ei storstilt utbygging av barnehagar, tilpassing av drift i store barnehagekompleks – og til eit stort inntog av eittåringar/barn under tre år, vert der samstundes kravd at barnehagane skal levere kvalitet. Dette er noko barnehagelærarane sjølve også er opptekne av. Men berre ein av tre vaksne i ei barnegruppe har utdanning.

Dei siste førti åra har barnehagelæraren med sine marginale rammer gjort alt i si makt for å levere kvalitet og gjere brukarane tilfredse. Når skal ein gje barnehagelærarane eit godt fundament for å oppfylle dei krava dei vert pålagde?

 

Etter PISA-sjokket har barnehagane blitt utsette for det ein kallar «skulifisering», der ein freistar å snikinnføre læringsmål for kvart enkelt barn. Det særeigne ved den norske og nordiske barnehagetradisjonen er at den verdset leiken sin eigenverdi. Barnehagelærarane brukar i dag mykje tid og krefter på å verne om den. Leiken er ein del av vår «folkepedagogikk». Vi har vår oppfatning av korleis eit barn lærer og korleis ein lærar skal undervise barn (Tobin, 2009). Leiken er barns naturlege uttrykksform og gjer dei i stand til å etablere venskap og gode relasjonar til andre barn.

Barnehagen er første steg i utdanningsløpet, og det er med barnehagelæraren det heile startar. I framtidas barnehage må barnehagelærarane ha nok plantid til refleksjon, kritisk lesing og til å oppdatere seg på nyare forsking. Ikkje berre for å kunne verne om kvalitet og kunne oppfylle lovkrav, men som fagfolk i det heile, må vi konstant vere i stand til å agere ut og vurdere ut frå eit pedagogisk skjønn. Så skal vi balansere alle SKAL i Rammeplanen, og «innfri alle løfter om tidleg innsats utan at det  blir tomme ord og festtalar» (Handal, 2018), er tida meir enn overmoden for å innfri krav om meir plantid.

 

  • Elin Førde er masterstudent, ECEC, OsloMet, og skriv på vegne av Utdanningsforbundet og den barnehagepolitiske offensiven i Volda.

 

Lik Første steg på Facebook

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________