Annonse
Debatt

Det er sjølvsagt av det gode at kompetansen skal flyttast nærare barnet og byråkratiet byggjast ned, men rettar er og blir eit viktig og nødvendig sikringsnett i sær for elevar/barn med dei største funksjonsnedsetjingane, skriv Evy Skogedal. Ill.foto: Paal Svendsen

Vi treng retten til spesialundervisning!

Eg ser med uro på Ekspertutvalet med Thomas Nordahl i spissen sin rapport om inkluderande fellesskap for barn og unge der dei mellom anna føreslår å ta vekk retten til spesialundervisning etter §5.1 i opplæringslova.

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Rapporten blei lagt fram onsdag 4. april.

Sjølv om det er heva over ein kvar tvil at organiseringa av spesialundervisninga har vore kritikkverdig og derfor måtte under lupa, er det likevel inga løysing å fjerna retten til spesialundervisning. Dette er eit dramatisk framlegg som manglar fornuftig forankring, slik eg ser det.

Hovudutfordringane med spesialundervisninga slik den har vore organisert fram til i dag, og slik rapporten rett nok skildrar det, har i hovudtrekk vore mangel på kvalifisert undervisningspersonale, faglege mål og forventningar, og mangel på tilpassa læreverk til denne elevgruppa. I tillegg har det i all for stor grad vore ein ekskluderande praksis på mange skular og barnehagar. Dette er kort samanfatta utfordringsbildet innanfor feltet i dag. Dette er også understreka i NOU 2016/17 På lik linje, og i Barneombodet sin rapport «Uten mål og mening.»

Desse utfordringane løyser ein ikkje ved å ta bort ein lovfesta rett til spesialundervisning, noko som i særleg grad vil ramma dei aller svakaste gruppene av barn og ungdom. Korleis dette kan bidra til å betra spesialundervisninga og vera inkluderingsfremjande, er eit paradoks og vanskeleg å fatte. Det er som å ta vekk likestillingslova å tru at det vil betre likestillinga.

Rapporten peikar heller ikkje på statlege myndigheiter sitt ansvar for eit styringssystem som skal vareta desse gruppene av barn, som til no har vore handsama noko stemoderleg. Fokuset til ekspertgruppa er ikkje retta mot systema, men mot den einskilde eleven/barnet og deira personlege utfordringar, noko dei forenkla meiner kan løysast med mindre kurs, tidleg innsats, større vaksentettleik m.m.

Systema ser derfor ut til å bli som før, medan eit slags retteleiarkorps frå PPT og Statped skal flyttast nærare skular og barnehagar, men framleis ikkje vera ein del av skulen/barnehagen sitt indre liv der læringa og utviklinga hos barna skal skje. Overføring av 1300 årsverk frå PPT vil utgjere om lag 0,2 kompetente tilsette pr. skule/barnehage og vil derfor på langt nær løyse den store trongen for spesialpedagogar vi har i dag. (Jens Petter Gitlesen NFU spesialundervisning.nu)

Utvalet ser heller ikkje ut til å ta på alvor at spesialpedagogikk er eit eige fag med mange ulike pedagogiske verktøy og metodar, tilpassa det enkelte barn sin diagnose, eller lærevanske.

Det er sjølvsagt av det gode at kompetansen skal flyttast nærare barnet og byråkratiet byggjast ned, men rettar er og blir eit viktig og nødvendig sikringsnett i sær for elevar/barn med dei største funksjonsnedsetjingane.

Ekspertutvalet har stor tiltru til kommunane sin kompetanse med omsyn til å fordela midlar til dei som treng det mest når dei vil ta bort retten etter §5.1 i opplæringslova.

Det er utfordrande for mange å få nok ressursar til eit tilfredsstillande læringsutbytte slik det er i dag. Kva skjer når kommunebudsjetta ikkje strekk til og ein ikkje treng å ta omsyn til lovmessige krav? På kva måte skal ein få tak i alle spesialpedagogane/lærarane når det er lærarmangel i dag, og korleis skal det bli nå når ein ikkje har vedtak om spesialundervisning som ein kan påklage? Me kjenner godt svara.

Eg ber Utdanningsforbundet om å arbeida intensivt med å sikra at retten etter §5.1 i opplæringslova blir ståande uendra.

 

  • Evy Skogedal er lærar/spesialpedagog og leiar i NFU Stord/Fitjar

 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!