Å fjerne retten til spesialundervisning blir som å rive heile huset fordi ein ikkje er nøgd med interiøret, poengterer Gunhild Nordvik Reite. Ill.foto: Erik M. Sundt

«Vi har ein skule som ikkje passar for nærare ein tredel av elevane»

Nordahl-utvalet konkluderer med at det står dårleg til med spesialundervisninga i skulen. Resultatet kjem ikkje overraskande på nokon av oss som er i berøring med feltet.

Publisert

 

Utvalet kjem med forslag til fleire tiltak som kan rosast, men også i alle fall eitt tiltak som har spreidd uro og frustrasjon. Ikkje minst foreldre til elevar som treng særskilt tilrettelegging har uttrykt sin motstand mot forslaget om å fjerne den juridiske retten til spesialundervisning. Ifølgje ei pressemelding på regjeringen.no 18.06. skal ei melding til Stortinget hausten 2019, «Tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage og skole», gje svar på kva tiltak departementet tilrår.

 

 

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner kommenterer ikkje direkte lovendringsforslaget, men understrekar i same pressemelding at ein ikkje vil endre systemet før «vi vet at vi har noe bedre for barna som trenger det mest» Så er spørsmålet kven som skal definere kva som er betre. Er det utvalet? Det å tru at vi ikkje treng ein klagerett, er i beste fall naivt. Vi har dessverre fleire tilfelle der foreldre har sett seg nøydde til å klage når til dømes omsyn til kommunal økonomi går framfor omsynet til barnets beste. Fjerning av klageretten vil i verste fall kunne gjere nokre barn rettslause. Det ville ikkje vere ein inkluderande rettsstat verdig.

 

Vi har ein skule som ikkje passar for nærare ein tredel av elevane. Det tilseier at ein allmenn rett til læring ikkje er tilstrekkeleg. Lovverket vi har no, er godt. Det vi ikkje har fått til, er å sette lov og intensjonar ut i livet. Å fjerne retten blir som å rive heile huset fordi ein ikkje er nøgd med interiøret. Det blir å rette bakar for smed, noko ein vil kunne karakterisere som eit moralsk justismord. Vi har allereie svikta nokre av dei barna som treng oss mest, og tida for å gjere noko med det er overmoden.

 

 

Dette konkrete forslaget har møtt overveldande motstand frå både foreldre, lærarar, organisasjonar og frå mange av oss som forskar på feltet. Mellom anna seier Bjørnsrud og Nilsen i sin analyse av «Nordahl-rapporten» i Spesialpedagogikk 26.10. (gjengjeve på Utdanningsnytt.no 26.10.18) at «Vi kan ikke se at det finnes faglige grunner som tilsier at elever får en bedre særskilt tilrettelegging dersom retten fjernes.»

 

Kunnskapsminister Sanner: La foreldre sleppe å sove dårleg om natta det neste året. La alle oss som engasjerer oss i forholda for barn med behov for særskilt tilrettelegging få arbeidsro og få bruke krefter på å finne gode løysingar i staden for å krangle om paragrafar. Du kan som kunnskapsminister fjerne unødig støy og legge til rette for ein meiningsfull debatt framover gjennom å legge akkurat denne ballen død. Det som kunne vore ein fruktbar debatt, har til dels «hengt seg opp», særleg på grunn av dette eine omstridde forslaget. Di nøling og uklare tilbakemelding skaper uro. Slå allereie no fast at den individuelle retten skal få stå i ei eller anna form, slik kan vi rette fokuset mot å diskutere tiltak som faktisk kan utgjere ein positiv forskjell for dei som treng det mest!

 

  • Gunhild Nordvik Reite er doktorgradsstipendiat i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.

 

Powered by Labrador CMS