– Seksåringane bør få ein god og positiv start som skaper lærelyst, sjølvstende og oppleving av meistring, skriv Sigmund Sunnanå.

Var seksårsreforma i skolen eit feilsteg?

Det bør gjerast ei ny vurdering av om seksåringane bør gå i barnehage eller skole.

 

I 1997 bestemte Stortinget at seksåringane skulle overførast frå barnehagen til skolen. Frå å vera dei eldste i barnehagen blei seksåringane nå dei yngste i skolesystemet. Endringa blei innført med den klåre føresetnaden at dei nye førsteklassane skulle vera ein mjuk overgang frå barnehagen til skolen med stor vekt på leikeprega aktivitetar.

 

Desse føresetnadene galdt berre til rangeringa på PISA-undersøkingane blei det viktigaste i norsk skolepolitikk. Dei første PISA-undersøkingane i 2001 plasserte landet vårt lenger nede på rangeringsskalaen enn mange hadde venta. Det kom krav om styrking av det faglege nivået i skolen generelt, og spesielt i norsk, matematikk og engelsk, som var dei faga som blei undersøkte i Pisa. Ei rekkje styrkingstiltak blei sette i verk. Kunnskapsløftet frå 2006 la mellom anna opp til at den systematiske opplæringa i norsk, matematikk og engelsk skulle starta alt i 1. klasse.

 

Frå 2001 har PISA-undersøkingane hatt stor politisk merksemd. Alle regjeringar uansett farge har sett i verk tiltak for å styrkja det faglege nivået i dei teoretiske faga. Tiltaka synest likevel ikkje å ha ført til ei betre rangering på Pisa. Undersøkingar som professor Tom Are Trippestad ved Høgskolen på Vestlandet har gjort, viser at det er små variasjonar på den norske rangeringa i PISA i dei siste 16 åra. Resultata i 2017 er nokolunde like dei i 2001. Den viktigaste endringa som har skjedd i perioden, er at talet på elevar med stressymptom og psykiske vanskar har auka.

 

Ei rekkje forteljingar frå foreldre og lærarar gir inntrykk av at læringsmiljøet for seksåringane er krevjande og stressande. Det ser ut til at prinsippet om tidleg innsats har fått ei tolking som flytter mål og forventningar om læringsresultat i teoretiske fag nedover i aldersgruppene. Seksåringane inngår i eit omfattande mål-, vurderings- og kartleggingsregime. Barna i første klasse får til dømes vekeplanar med formulerte mål som det til og med kan vera vanskeleg for foreldre å forstå, og elevane blir vurderte i forhold til måloppnåing. Barn som ikkje maktar å nå dei måla som er sette, kan lett føla at dei kjem til kort. Dette kan føra til mismot og mistrivsel og gi grunnlag for minkande interesse, mindre lærelyst og skolevegring. Slike negative haldningar til læring og skole kan balla på seg gjennom den obligatoriske skoletida og enda med fråfall i vidaregåande opplæring.

 

Dei fleste seksåringar har ein lang arbeidsdag: først skole, så skolefritidsordning og så gjerne fritidsaktivitetar etterpå. Det kan vera ulike syn på lekser, men etter mi meining bør i alle fall ikkje elevane i 1.- 4. klasse påleggjast lekser.

 

Etter initiativ frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti har Stortinget vedteke at seksårsreforma skal evaluerast. Utdanningsdirektoratet er i gang med fornying av det faglege innhaldet i skolen mellom anna med tanke på å styrkja dei praktiske og estetiske faga. Det skal bli interessant å sjå resultatet av dette arbeidet.

 

Seksåringane skal starta eit langt og krevjande skoleløp. Dei bør derfor få ein god og positiv start som skaper lærelyst, sjølvstende og oppleving av meistring. Innhald og arbeidsformer bør vera prega av læring gjennom leik og sosiale og kulturelle aktivitetar. Det kan vera stor skilnad i modningsnivået hos seksåringar. Tidleg innsats bør mellom anna bety at barn med lære- og funksjonsvanskar får tilpassa opplegg.

 

Etter mi meining synest det som om dagens skoleopplegg er mindre godt tilpassa mange seksåringar. Det er derfor viktig med ei grundig og fordomsfri vurdering. I den samanhengen kan det kanskje også vera aktuelt å ta ei ny vurdering av om seksåringane bør gå i barnehage eller skole?

Noreg er eit rikt land. Vi treng i alle fall ikkje ta barndommen frå barna våre.

 

  • Sigmund Sunnanå er tidlegare utdanningsdirektør i Rogaland.

 

 

Powered by Labrador CMS