Kva om det kom anbefalingar om at alle elevar har krav på dagleg fysisk aktivitet, utan å røra friminutta? spør Tom Wergeland.

Fysisk aktivitet som undervisningsmetode

Debatt: Med litt inspirasjon, metodar og utstyr kan alle lærarar organisere aktivitet både med og utan fagleg innhald, utan kroppsøvingskompetanse.

Publisert Sist oppdatert

– Friminuttet må få en forpliktende status i skoledagen med forpliktende rammer, skriv tidlegare lærarutdannar i kroppsøving Asbjørn Flemmen på utdanningsnytt.no 15. november.

 

Kvifor må det alltid handle om 60 minutt dagleg aktivitet, berre fordi det er dei helsemessige anbefalingane? Må skulen stå for alle desse 60 minutta? Kva om det i staden kom anbefalingar om og/eller føringar for at alle elevar har krav på dagleg fysisk aktivitet, utan å røra friminutta?

 

Me som har lengst erfaring med fysisk aktivitet i skulen, har verken rørt friminutta eller kroppsøvingsfaget, men har tre økter med fysisk aktivitet og/eller fysisk aktiv læring dei dagane elevane ikkje har kroppsøving eller symjing. Om ein reknar med kroppsøvingsfaget, aktivitet i friminutta, økter med fysisk aktivitet og aktiv transport til og frå skulen, er ein ikkje langt unna desse «berømte» 60 minutta.

 

Med litt inspirasjon, metodar og utstyr kan alle lærarar organisere aktivitet både med og utan fagleg innhald, utan kroppsøvingskompetanse. Fleire hundre skular over heile landet har gode erfaringar med denne modellen, og den kostar heller ingenting. Ein treng berre ein utviklingsorientert leiar som legg til rette for aktivitet gjennom skuledagen, eit spanande uteområde og innkjøp av litt utstyr. For å koma i gang er det nødvendig å ta fem minutt frå faga (ikkje friminutta!) og timeplanfeste tre gonger 30 minutt i løpet av veka, men på lang sikt burde fysisk aktiv læring bli ein undervisningsmetode som læraren nyttar i mange fag for variasjonen sin del og med mange andre effektar.

 

Ta gjerne kontakt med Trudvang skule i Sogndal, Sogn og Fjordane, om du ynskjer tips til å koma i gang. Inspirasjon til ein meir fysisk aktiv skulekvardag kan du få på www.askbasen.no eller fjesbok-gruppa Fysisk aktiv læring (FAL)

Powered by Labrador CMS