Opptur for norskfaget - om dugleik og danning

Forslaget til nye kjerneelement i norskfaget gir betre rom for djupnelæring. Her er det plass til både dugleik og danning.

Mange røyster har kritisert forslaget til nye kjernelement med at dette er ein nedtur for norskfaget, og at det no kan bli mindre danning for elevane. Eg meiner heller det kan bli ein opptur.

Ja, danning er viktig. Vi som er norsklærarar har eit særleg ansvar for å formidle vidare norsk litteraturhistorie og språkhistorie. Vi skal gjere elevane glade i vår litterære kanon, men samstundes skal vi klare å gi elevane dugleik til å ta imot den danninga som mange her spør etter.

Ein kan snakke høgt og lenge om det utopiske klasserommet, men vi som arbeider i skulen må ta realitetane innover oss. Det er ikkje berre å hoppe inn i ein litterær klassikar som eleven ikkje er rusta for å lese. Dette veit sjølvsagt norsklærarane våre, som meir enn gjerne introduserer ungdommane for vår ypparste litteratur når tida er moden for det. Om ein elev skal klare å få noko som helst ut av å lese Snorre eller Ibsen, må han vere lesekunnig. Forslaget til kjerneelement tar etter mi meining god høgde for at det tar tid å få god dugleik i lesing og skriving.

Sjølvsagt er det nokre moment i forslaget som kan diskuterast, som til dømes språkopplæringa. Det blir spennande å sjå korleis dette blir framstilt i dei konkrete læreplanane. Men likevel er eg heilt trygg på at forslaget til kjerneelementa er ein opptur for norskfaget. Det er viktig at vi får tid og rom til å lese lengre og fullstendige tekstar, sjå dei i si eiga samtid og gjere dei aktuelle for vår tid. Forslaget til dei nye kjerneelementa tar høgde for at vi treng både dugleik og danning i norskfaget.

 

  • Espen Tørset er lektor ved Orkdal vidaregåande skole

 

Powered by Labrador CMS