Ill.foto: Paal Svendsen

Gruppestorleik bør ikkje være på meir enn 9 barn under 3 år, og 18 barn over 3 år

Utdanningsforbundet Austevoll stiller oss bak høyringssvaret til Utdanningsforbundet Hordaland om forslaget på at gruppestorleik ikkje bør være på meir enn 9 barn under 3 år, og 18 barn over 3 år.

Det har nyleg vore høyringsvar på Kunnskapsdepartementet sitt forslag om bemanning. Departementet sitt forslag var at det skal vera ein vaksen per 3 barn under 3 år, og ein vaksen per 6 barn over 3 år. Denne skal gjelda for heile barnehagen, og ikkje avdelingsvis.

I høyringssvaret til Utdanningsforbundet Hordaland vert det skrive at det same forslaget om bemanning har sidan 1970-talet vore ei vanleg oppfatning og vore gjeldande praksis langt inn på 2000-talet.  Men at det er viktig å ta høgde for at fleire av dagens barnehagar har mykje lengre opningstider utan at bemanninga aukar.  Det er heller ikkje noko krav om kor lenge barna skal vera i barnehagen innanfor opningstida. 

Derfor ønskjer Utdanningsforbundet i Austevoll at bemanninga må auka om opningstida er lenger enn 9 timar.

I forslaget er det 1 vaksen per 3 barn under 3 år.  I dagens barnehagar  kan det begynna barn frå 8 månaders alder.  Utdanningsforbundet Austevoll meiner bemanninga ikkje er forsvarleg nok, dersom tre barn på 8 månader kan risikera å berre få oppfølging av ein vaksen.  Me vil stille oss bak forslaget til Utdanningsforbundet sitt høyringsvar om at det bør væra minst ein vaksen på to barn under 2 år (der barnet tel som 2 år frå 1 august).

Forslaget gjeld for grunnbemanninga for heile barnehagen, og legg ikkje opp til gruppestorleik.  Derfor kan ein risikera at det vert altfor store barnegrupper. Utdanningsforbundet Hordaland viser til NOU 2012:1, Til barns beste, som peikar på at måten ein organiserer gruppene i barnehagen utgjer ei vesentleg rolle for kvaliteten på omsorgs-, leike- og læringsmiljøet. 

Derfor meiner Utdanningsforbundet Austevoll at forskrifta bør tydeleggjera dette, og stiller oss bak høyringssvaret til Utdanningsforbundet Hordaland om forslaget på at gruppestorleik ikkje bør være på meir enn 9 barn under 3 år, og 18 barn over 3 år.  

 

Vedteken på årsmøtet i Utdanningsforbundet Austevoll 12.04.2018.

 

Powered by Labrador CMS