Annonse
Debatt

Skal elevar finna vegen til språk og eigen kultur, så må ein vinna dei innanfrå, tenkjer eg, skriv Jarle Tufta. Illfoto: Maria Guzenko, FreeImages

Norskfaget og vegen til eige språk og eige liv

Uttrykksglede og språkglede heldt på å drukna i sjangrar og formelle forventningar. Det var som om universitetsnivået berre var tredd nedover i skulesystemet utan omsyn til den vegen som må skapast for at barn og unge skal finna fram til språket sitt.

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Heilt sidan eldste dotter mi gjekk på ungdomsskulen først på 1990-talet har eg undrast over kva som var iferd med å henda med opplæringa i morsmålet vårt.

Ei av hendingane som utløyste denne undringa, var då ho hadde skrive ein svært god tekst. Istaden for den naturlege gleda over dette, sprang læraren rundt i fortviling til dei andre lærarane over vanskane med å sjangerbestemma denne teksten.

 

Då eg litt seinare tok på meg å undervisa i norsk i vidaregåande skule, møtte eg same fenomen. Uttrykksglede og språkglede heldt på å drukna i sjangrar og formelle forventningar. Det var som om universitetsnivået berre var tredd nedover i skulesystemet utan omsyn til den vegen som må skapast for at barn og unge skal finna fram til språket sitt.

Blant norsklærarane møtte eg ein ufridom som forundra meg. Ei sa at ho aldri hadde kunna fordra dikt heilt sidan ho studerte norsk på universitetet. Mange hadde svært dårleg tru på kva ein kunne utfordra elevane med. Då eg ville laga eit opplegg for skriveprosess kring ’Fuglane’ av Tarjei Vesås, såg dei berre mistruisk på meg. Vesås var altfor vanskeleg, var omkvedet. Fekk eg med meg ein eller to av av dei 26 elevane på lina for barne- og ungdomsarbeid på dette, ja, då var eg heldig, meinte dei.

 

Frå eg delte ut to sider av boka, med scenen der Mattis er hos handelsmannen og blir så redd for trugande toreskyer, var alle 26 med meg. For dei blei invitere til å gjera seg opp ei meining om kven denne Mattis kunne vera. Og svara deira var sprikande, som venteleg var. Gjennom tre veker med lesing av denne utruleg sterke forteljinga, bruk av filmatiseringa og andre innfallsvinklar, kan eg seia at 22 av elevane vart med langt over det ein kunne venta, og alle til godt godkjent. Ei jente nådde eit nivå eg kunne ynskja for mange. Ho kom etterpå og sa at boka blei sterkare og sterkare for kvar gong ho les ho, nett slik eg sjølv hadde kjent det.

Avslutningsvis tok vi oppatt spørsmålet om kven denne Mattis var. Der nytta eg høvet til å gje dei Vesås sitt eige svar i eit intervju. Han blei spurt kven som var modell for Mattis. ’Å, det er nok helst meg sjølv det’, svara Vesås, til ein ny innfallsvinkel for elevane.

 

Slik kunne denne boka bli ei rikhaldig læringskjelde på så mange vis, og ei god ballast for barne- og ungdomsarbeidarelevar på deira veg.

Skal elevar finna vegen til språk og eigen kultur, så må ein vinna dei innanfrå, tenkjer eg. Vi må beint fra sjå dei, og dei må få sjå oss. Då er det ikkje sikkert det er noko som er for vanskeleg.

Diverre er det mykje i dagens syn på elevar og skule hos dei styrande makter som tyder på at dette er ei framand erkjenning. Den utvendige innmatingsmodellen, der ”kunskapen er eit tastetrykk unna” (som ein tidlegare kunskapsminister ville ha det til), er nok nærare den rådande tankegangen.

 

Ingen styrande i dag ville koma på å spørja kva læraren si høgtlesing frå ’Gutane i Fagerlia’ av Sven Moren då eg var 7-8 år, opna for meg i mitt liv. Det er 60 år sidan no, og eg hugsar forteljinga om livsvilkåra til desse gutane som om opplesinga var i går.

 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!