– Substantivsjuke og framandord er regelen og ikkje unntaket, skriv Espen Tørset om språket i kjerneelementa som er ute på høyring. Foto: Utdanning

Jåleri eller klart språk

Når lærarar har problem med å skjønne innhaldet, kan ein tenkje seg korleis elevane vil oppleve desse tekstane. Her må det språkvask til.

Publisert

I desse dagar inviterer Utdanningsdirektoratet alle interesserte til å kome med innspel i arbeidet med nye læreplaner. Arbeidsgrupper frå ulike fagområde har kome med forslag til kva som skal vere kjerneelementa i dei ulike faga, og elementa er no ute på høyring. Det er eit godt arbeid som ligg til grunn, men språkføringa står til stryk. Eg har brukt mest tid på kjerneelementa i norskfaget, og synes det er spesielt ille når lærarar i morsmålet vårt presenterer eit språk som i beste fall kan kallast akademisk eller pretensiøst. Eg vil heller kalle det jåleri. Når lærarar har problem med å skjønne innhaldet, kan ein jo tenkje seg korleis elevane vil oppleve desse tekstane. Her må det språkvask til.

 

Det ser ut til at jo meir «akademisk» og komplisert språket er, jo betre er det. Substantivsjuke og framandord er regelen og ikkje unntaket. Arbeidsgruppene har gløymt at språk er kommunikasjon. Det er få som blir imponerte når vi les om «fortellende og ekspressive tekster» eller «troper og figurer». I munnleg tekstskaping skal elevane kunne lytte og uttrykkje seg «i monologiske og dialogiske sjangrer». Fint skal det vere. Er det verkeleg greitt og forståeleg at elevane våre «skal kunne beskrive de strukturelle, kommunikative og poetiske sidene av språket og kunne bruke språket med ulikt formål og utforske hvilke muligheter språket gir»?

 

Eg ser for meg den euforiske stemninga på møterommet når arbeidsgruppa fleskar til med «norskfagets tekstmangfold», «norskfagets komparative perspektiver på språk og kultur» eller «empatisk lesing». Særs vakkert, men for oss som skal presentere læreplanane i klasserommet, vil det dukke opp ein del utfordringar.

 

Utdanningsdirektoratet skal enno gå fleire rundar med læreplanutkasta. Heldigvis. Det må vere eit minstekrav at både elevar og lærarar kan lese og forstå teksten.

 

* Espen Tørset er norsklektor ved Orkdal vidaregåande skole.

Powered by Labrador CMS