Læringa skjer i ein cocktail av ekskursjonar, studieturar, eit mangfald av læringsarenaer og sosiale aktivitetar i og utanom skulen. Her ser vi en elev med smalahove. Foto: Voss folkehøgskule.

Lærings- og undervisningsglede i folkehøgskulen

At elevane ved folkehøgskulane scorar høgst når det gjeld trivsel ved dei ulike skuleslaga i landet, handlar om fag, men vel så mykje om å bu på skulen og ta del i eit forpliktande fellesskap.

Eg må berre innrømme det. Høgdepunktet i veka er dobbelttimen i historie. Eg har «berre» ti elevar i gruppa mi, men dei har til gjengjeld vald historie som valfag, heilt av seg sjølv. Elevane går på liner som ekstremsport, idrett og friluftsliv, musikk, film og foto. Dei har eit felles ønskje om å forstå kvifor ting «skjer»; kva er drivkreftene i den historiske utviklinga? Kva er årsaka til at ein mann kan vere gift med fire kvinner i Saudi-Arabia, medan det kan vere tvert motsett i Nepal? Det er spanande å gå nærare inn i propagandastrategiane i dei store diktatura og finne likskap i dagens samfunn. Det er frigjerande å gå utanom pensum på leit etter innsikt og forståing.

Dette innspelet var først publisert i Utdanning nr. 8/2017.

 

Fire elevtypar?

På folkehøgskulen kjem vi tett på kvarandre. Variasjonen mellom elevtypane og linjefaga gir oss eit sterkt mangfald med mange moglegheiter, nye perspektiv og fleire inngonger til motivasjon, meistring og læring. Vi kan kanskje dele elevane inn i fire grove kategoriar:

1) «Dei skuleflinke»: Elevar med særs gode resultat frå vidaregåande skule. Dei har konkrete planar for vidare utdanning ved høgskule og universitet. Dei vil ha eit annleis år der dei kan gå i djupna på eit fagområde, før dei tek sats for ytterlegare år på skulebenken.

2) «Spesialundervisningselevane»: Elevar med særskilte behov, der faget ikkje er hovudfokus, men det å fungere og delta i eit sosialt fellesskap.  Her er det mange elevar som finn det frigjerande å ikkje bli målt. Dei får ikkje karakterar. Vi byggjer karakter.

3) «Fråfallselevane». Dei som ikkje har fullført vidaregåande skule. Dei som ikkje har klart å komme seg opp om morgonen, dei som ikkje har evna å henge med. Dette er elevane som må oppdage og finne læringsgleda i skulen på nytt.

4) «Middelhavsfararane». Den store gruppa av elevar som har fullført vidaregåande skule, men som ikkje veit kor ferda går vidare. Det er dumt å starte på eit utdanningsløp utan at dei er nokolunde sikre på valet. Dei må finne det riktige springbrettet.

 

Læringskoden

I 2015 var det 1739 elevar som svarte på ei undersøking om året på folkehøgskulen. Inngongen til skulestart om hausten handlar om fag og liner; musikk, data, fitness, ekstremsport, friluftsliv og idrett, film og foto med meir. Eit år seinare fortel elevane at det viktigaste dei lærte på skulen, var å vinne nye venner. Kven treng ikkje det? På andre plass svarar elevane at dei er blitt betre kjend med seg sjølv. Det tredje viktigaste dei lærte på folkehøgskulen var personleg økonomi, hygiene og klesvask. Ei god førebuing til vaksenlivet. Av dei fire spørsmåla scorar kategorien «fag» lågast. Truleg fordi læringa skjer i ein cocktail av ekskursjonar, studieturar, eit mangfald av læringsarenaer og sosiale aktivitetar i og utanom skulen. Det er her alkymien finn stad; læringa blir til danning. I boka «Læringskoden» (2014) skriv professor Tom Tiller: «Det var i folkehøgskolen at jeg fant læringskoden». I eit skuleslag som i 152 år har sett mennesket sin karakter i sentrum, og der karakterane ikkje har fått nokon plass.

 

Høg trivsel

Folkehøgskulane er det unike skandinaviske bidraget til verdspedagogikken. Over 7000 elevar går på dei 80 folkehøgskulane i Noreg. Det er over 10 prosent av årskullet. Vi er heller ikkje ukjende med fråvær og ungdom som har vanskeleg for å stå opp om morgonen. Disiplinærsaker høyrer frå tid til annan også med. Men år etter år er det elevane ved folkehøgskulane som scorar høgst når det gjeld trivsel ved dei ulike skuleslaga i landet. Dette handlar om fag, men vel så mykje om internatet som ei berebjelke: Det at elevane bur på skulen og må ta del i eit forpliktande fellesskap med vaksne og andre ungdomar. Her blir elevane kontinuerleg utfordra fagleg og sosialt, utan å bli vurdert av den vaksne. Den første telefonsamtalen heim om hausten handlar som regel ikkje om overføring av meir pengar, men kva som er skilnaden mellom eit 40 og 60 graders vaskeprogram.

 

Fem generasjonar

Kanskje er folkehøgskulen så unik at du må ha vore her for å forstå skuleslaget? Ein kan ikkje lese seg til ei slik sosialisering. Eg trur at folkehøgskulane er drivhus som dyrkar læringslyst. I år har vi ei jente som er femte generasjons elev på skulen. Ragnhild har høyrt om tippoldefar. Ho er oppvaksen med forteljingane til oldemor, mormor og mamma om at året på Voss var det beste i livet. Målet vårt er at ho kan ha same forteljing til neste slektsledd. For oss er dette eksempelet ei konkretisering av «læringskoden». Dette handlar om både lærings- og undervisningsglede, der kodeordet er danning.

 

* Claus Røynesdal er rektor ved Voss folkehøgskule.

Powered by Labrador CMS