Kortslutning om autonomi

Mindretalet i Stortinget ville ha tilrettelegging for i snitt ein time fysisk aktivitet dagleg, ei ordning eg ville ha stilt meg meir positiv til.

Den 18.12. kommenterer Astrid Høj mitt innlegg av 11.12. og argumenterer for at vedtaket som Stortinget har gjort om fysisk aktivitet i skulen opnar for meir variert undervisning og er ein sjanse som må gripast.

Høj viser til «klokkeklar» forsking. Fleire forskarar, t.d. kroppsøvingsmiljøet ved Høgskolen i Innlandet og Nettverk for forsking på kroppsøving og idrettsfag stiller spørsmålsteikn ved forskingsgrunnlaget. Eg har ikkje vanskar med å seie at eg ikkje kjenner all forskinga, eg kjenner også til studiar som viser positive verknader. Eg lurer likevel på kor «fysisk» aktiviteten vert når den skal tvingast inn slike i rigide former. Når det er sagt let eg gjerne det spørsmålet liggje – det er ikkje her «stridens kjerne» ligg. Tiltaket skal ikkje vere ekstra kroppsøving og ikkje gå ut over faga. Då må aktiviteten vere integrert i fagarbeidet. Læraren skal derimot ikkje få bestemme når det passar med ein slik arbeidsmåte og når det ikkje gjer det. Er dette beste for eleven si læring – og enda viktigare: Kven skal avgjere kva som er det?

Mindretalet i Stortinget ville ha tilrettelegging for i snitt ein time fysisk aktivitet dagleg, ei ordning eg ville ha stilt meg meir positiv til. Fleirtalet meinte dette ikkje var nok, og vedtok ei «ordning som sikrar (…) minst éin time fysisk aktivitet kvar dag». Dette inneber at dersom ein ikkje får inn ti minutt fysisk aktivitet i eitt av faga ein bestemt dag, må eit av dei andre faga ha meir, det kan ikkje gjerast ein anna dag. Ein kan berre sjå føre seg kva logistikkarbeid og tidsbruk dette vil medføre. Høj meiner aktiviteten ikkje treng vere i klasserommet, skal klassen ut i naturen under kjemiforsøket, bollebakinga eller engelskprøva? Eller blir det heller knebøy ved reagensrøyret? Skal ein ta minutta frå faga til ei samla økt? Korleis kan det då ikkje gå ut over faga? Statsråd Røe Isaksen seier at ei «sikring» av ei slik rigid ordning medfører kontroll – og dokumentasjonsbehov, det siste skulen treng meir av. Og ikkje minst – nøkkelspørsmålet er igjen: Kven skal bestemme kva som er fagleg best?

Eg greier ikkje å sjå at dette gjev auka handlingsrom for variert undervisning. Alt det som Høj meiner vedtaket «opnar for» har læraren høve til også no. Å tvangspålegge i ei form som kneblar det profesjonelle skjønet er eit uttrykk for mistillit til læraren si dømmekraft. Autonomi handlar om profesjonen si mulegheit til sjølve ut frå sin kompetanse å kunne velje både arbeidsmåtar og arbeidsreiskapar. Eg kan med min beste vilje ikkje sjå at vedtaket styrkar dette, slik Høj påstår, tvert imot.

Vi treng ikkje dette vedtaket for å jobbe med etterutdanning og tilrettelegging av rammevilkår. Vi er på ville vegar om det er slik at ufaglærte – som eg noko uærbødig vil hevde at dei fleste politikarane i denne samanheng er – gjennom tvang skal overta dei faglege avgjerdene i klasserommet – same kor god intensjonen er.

 

  • Gunhild Nordvik Reite er stipendiat og lærar gjennom 20 år
Powered by Labrador CMS