Eg vil heller ha ungdom med karakter enn ungdom med gode karakterar på vitnemålet

Det er mogleg å få til om vi tar sjukdomsteikna i den norske skolen på alvor.

I det siste har eg lese om att ein litterær klassikar. Gift av Alexander Kielland er ein av vårt lands store skoleromanar. For ein skolemann er den interessant, både fordi den er ei god bok og på grunn av dei tema den tar opp. Da Alexander Kielland gav ut boka i 1883, var det for å kritisere eit rigid skolesystem. Romanen er ein tragisk satire over kva som skjer når klasserommet og undervisninga blir mekanisk og utan ånd.

Den norske skole anno 2017 er heldigvis ein heilt annan enn den vi kjenner igjen frå 1800-talets Stavanger. Likevel er ikkje alt som det skal vere. Dei siste tiåra har skolen etter mitt syn tatt steg i feil retning. Målehysteri og instrumentelle vurderingar har fått dominere. Denne tendensen må snu. Eg håpar skole-Noreg tar sjukdomsteikna på alvor, så vi ikkje nærmar oss dei parodiske tilstandane i Kiellands skoleroman.

Eg elskar ideen om den norske skolen. Målet om at alle i Noreg, uansett kven ein er, skal møtast i klasserommet og få ei utdanning er fantastisk. På skolen lærer vi å lese, skrive, rekne, sy, sage og synge. Der lærer vi om demokrati og korleis vi skal vere med kvarandre. Skolen skal jamne ut sosiale skilnader. Alle i Noreg har dermed ein felles plattform å byggje liva sine på. Er ikkje det ein vakker tanke?

Denne ideen må vi hegne om, og alle som arbeider i og rundt skolen må løfte blikket for å sjå kva som er det eigentlege målet med skoleløpet: å førebu elevane våre til eit liv som danna samfunnsmenneske utanfor skoleveggen.

Som lærar veit eg kor lett det er å la seg fange av den neste vurderinga og det neste kompetansemålet. Som politikar erfarer eg mykje av det same, med enkle tilnærmingar til resultata av dei nasjonale prøvane med meir.  Det er så lett å gløyme kva som er hovudmålet med skolen: å gjere elevane til gangs menneske.

Å arbeide hardt for å oppnå kunnskap er viktig. Misforstå meg rett. Eg er for pugging og fokus på god arbeidsinnsats. Alt skal ikkje vere artig til ein kvar tid. Det vil alltid vere ei spenning mellom læring og trivsel, det er ein del av skolekvardagen, men poenget er at vi må ta på alvor at eit forenkla testsyn på skolen har hatt eit for godt fotfeste i Noreg dei siste tiåra.       

 

Slutt med karakterar

Ei motgift mot dette instrumentelle synet på læring, er å snakke minst mogleg om målingar og karakterar. På ungdomsskolen er det i det heile meiningslaust med det karaktersystemet vi har i dag. Dei fleste elevane får eit heilt feil syn på kva læring er. Karakteren forstyrrar, og eleven gløymer korleis djupnelæring skjer og kva som er hensikta med utdanninga.

Karakterar er berre motiverande som stadfesting for dei aller beste elevane om kor flinke dei er. For dei andre elevane er det over tid særs lite motiverande. Erfaringane med mine første møte med elevane i den vidaregåande skolen fortel meg at eit instrumentelt syn på læring øydelegg mykje for kva som eigentleg er god læring. Da snakkar eg om metalæring og om konkret djupnekunnskap. I tillegg, om ein les resultata frå elevundersøkingane, går motivasjonen jamt ned frå barneskole til ungdomsskole og vidaregåande skole. Eg meiner eit feil syn på læring er ei viktig årsak til dette.

Eit meir hensiktsmessig syn på kva læring er og korleis læring skjer, ville gitt elevane eit betre utgangspunkt for det vidare utdanningsløpet. I det minste kan vi betre utnytte det handlingsrommet vi allereie har. Det gjeld både i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. På vidaregåande betyr det til dømes ingenting kva for karakter ein elev får i mellom anna norskfaget før langt ut i tredjeklassen. Før den tid øver vi. I opplæringslova står det at skolen er pliktig til å gi karakterar etter førstetermin og etter andretermin. Elles står vi fritt.

Skal vi ta oppdraget om vurdering for læring på alvor, må karakterane vike for den vurderinga som elevane kan lære noko av. Når eg les Alexander Kiellands klassikar i dag, blir eg slått av kor ille det kan bli når den instrumentelle skolen tar heilt overhand. Stakkars lille Marius, som døydde av å lese for mykje latin. Sjølv om den kan opplevast som parodisk i dag, har den nokre poeng som er viktig å ta til seg også i 2017. Smak på ordet «utdanning». Skolen skal gi ungane våre danning. Utdanning er kritisk tenking, demokratiforståing, berekraftig utvikling, medborgarskap. Det tar tid å bli god i alt dette, men vi må aldri gløyme at elevane skal øvast i å bli gangs menneske. Meir enn at ungdom får gode karakterar på vitnemålet vil eg ha ungdom med karakter!

 

Espen Tørset er norsklektor ved Orkdal vidaregåande skole

Powered by Labrador CMS