Vil vi at ungane skal lære eller at læring skal skje?

I Kunnskapsløftet kan vi lesa at «Læring skjer i alle livets situasjoner», og same uttrykksmåte er no veldig utbreidd i pedagogisk litteratur og i artiklar og kommentarar på internett: «Vi trenger mer kunnskap om hvordan læring skjer», «læring skjer gjennom bruk av språk og deltakelse i sosial praksis», «Læring skjer ved at det nye forstås utfra det kjente», osb.

Denne språkbruken er uheldig på to måtar som heng nært saman. For det fyrste er han substantivisk. I staden for å uttrykke seg med verb, lagar ein eit substantiv av verbet og knyter så eit hjelpeverb til det for å oppnå den verbfunksjonen ein har fjerna. I det norske språksamfunnet har det lenge vore brei semje om at vi bør unngå dette, og no prøver tekstprogrammet mitt å få meg til å unngå det også på engelsk. Årsaka er funksjonell: Å seia «læring skjer» i staden for «lærer» er keiveleg og klønet.

Denne uttrykksmåten er uheldig også ut frå ideala vi held oss med i læraryrket og pedagogikken. Når vi brukar passivkonstruksjonen «læring skjer», så skaper vi avstand, instrumentell kjøligheit. «Læring skjer» høyrest det ut som noko som går føre seg i tomrom, utan at menneske er involverte. Det berre «skjer», som i eit datasystem eller ein kjemisk prosess.

Men, som vi alle veit: Skal undervisning lukkast, så krev det at menneske involverer seg aktivt og personleg. Undervisning er møte mellom menneske, der læraren brukar av sitt eige, sårbare eg til å skapa samspel med andre menneske (ofte små). Gjennom desse møta og dette samspelet prøver vi å hjelpe andre til å utvikle seg, utvide seg sjølve, overskride seg sjølve, til steg for steg å bli andre menneske, rikare menneske. Burde vi ikkje uttrykke oss på ein måte som får med dette menneskelege aspektet? Er det ikkje til og med viktig at vi gjer det?

Populariteten til «læring skjer» har kome samtidig med mykje meir snakk om «læring» enn før. Der ein før konstaterte: «Dette er lærerikt» eller: «Dette lærer ungane mykje av», seier ein no ofte: «Det er mykje (god) læring i dette» (o.l.). Slik eg opplever det, skaper også denne språkbruken substantivisk avstand til den menneskelege prosessen vi prøver å få til. Og når ein no ofte «planlegg læring» der ein før planla undervisning, så stussar eg. Er ikkje dette hybris? Kan vi planleggja at andre menneske skal endre seg? Undervisning kan vi planleggja, og så kan vi håpe å lukkast med undervisninga, slik at elevane lærer. Vi kan til og med håpe at dei lærer mykje.

  • Eldar Heide er fyrsteamanuensis i norsk på avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Bergen
Powered by Labrador CMS