Samla styrke, Bjarte Lien

Forhandlingar både lokalt og sentralt er å gi og ta - få gjennomslag for noko, men ikkje for alt, skriv leiar Helga Hjetland i dette debattinnlegget, som er eit svar til innlegget frå Bjarte Lien 13. september 2002.

Utdanningsforbundet nådde ikkje gjennom med krava for skuleleiarane og topplønnskrav i justeringsforhandlingane sentralt totalt sett. Det beklagar vi, men det er ikkje det same som å ha fått eit dårleg tariffoppgjer.
 
Lokallagsleiaren i Karmøy, Bjarte Lien, skriv at fagforeininga vår sentralt toar sine hender og viser til dei lokale forhandlingane.  "Dette er ikkje godt nok, kjære Helga", held han fram.
 
Vi kan like eller ikkje like, lokallagsleiaren og eg, at tarifforhandlingane no går føre seg så vel på lokalt nivå som på sentralt. Det står om begge nivåa. Det er eit faktum, og det kan ingen tillitsvald i Utdanningsforbundet vende seg bort ifrå.
 
Dei overordna krava fekk vi innfridd sentralt, men vi fekk ikkje gjennom krava våre for skoleleiarane. Eg gjentek derfor at det er heilt nødvendig å ha fokus på skuleleiarane i dei lokale forhandlingane!
 
Organisasjonen hadde som hovudmål i tariffoppgjeret - og mykje sto på spel i desse forhandlingane sentralt der mange interesser også på arbeidstakarsida var sprikande - at tillegga i skulepakkene skulle haldast utanom oppgjeret og at skuleverket skulle ha minst sin relative del av potten. Det greidde vi.
 
Vi fekk dessutan profilen på det generelle tillegget til beste for alle våre medlemmer, og med størst utslag for dei som dessverre ikkje fekk i justeringane sist.
 
Forhandlingar både lokalt og sentralt er å gi og ta - få gjennomslag for noko, men ikkje for alt. Meir enn tidlegare er det den samla styrken som organisasjonen kan vise på alle nivå, som vil gjere utslaget i lønnsforhandlingane. Og etter kvart som politikarane utvidar den lokale råderetten, vil dette kunne gjelde også på andre felt der organisasjonen har sine interesser. Det må nok både den lokale og den sentrale leiinga i Utdanningsforbundet bu seg på.
  

Powered by Labrador CMS