Baklengs eller framlengs inn i framtida?

Kvalitet i skulen handlar ikkje berre om einskildlæraren, men og mykje om samspel og korleis me byggjer kvarandre opp i kvardagen, skriv innsendaren av dette debattinnlegget.

Kva skjer når me lukkar auga og håpar at alt kvalitetssnakket skal gå over?
Verda står ikkje stille. I alle tider har det vore endringar - sakte har me utvikla oss - og sakte har me funne nye løysingar. Det har vore breie vegar, blindvegar og smale sidegater. Og nokre av oss møter framtida sine utfordringar raskare enn andre. Me kan møta utviklinga offensivt eller defensivt. Me kan lukka auga og håpa at alt dette nye skal gå over eller aktivt påverka framtida.
 
Gjennom innslag i radio og fjernsyn, artiklar og lesarinnlegg er det no sterkt fokus på det me ikkje kan få til. Det manglar pengar, og store deler av norsk skuleverk seier meir og mindre direkte at me ikkje har god nok kvalitet og at me ikkje kan gjera noko med det.
 
Eg stiller meg då dette spørsmålet: Kva gjer denne negative trenden med det offentlege skuleverket over tid?
 
Som kurshaldar på motivasjonskurs og leiarkurs har eg i ei årrekkje arbeidd mykje med kvalitetsutvikling og kvalitetsleiing i barnehage og skule. I mange høve møter eg menneske som kjenner seg slitne, ikkje først og fremst på grunn av ressursmangel i form av pengar, men ressurstapping i form av destruktive tankar og negative haldningar i seg sjølve og i kollegiet sitt.
 
Ja, det er knappe ressursar! Ja, det er behov for styrking av det offentlege skuleverket! Politiske krefter arbeider for betring gjennom framlegg til betring av kommuneøkonomien og gjennom andre konkrete framlegg i budsjettsamanheng. Me veit likevel at det vil ta tid før me kan få politisk fleirtal for den store satsinga på den offentlege skulen.
 
Ein dag, i overgangen mellom haust og vinter, vert budsjettet vedteke.
Den dagen er evna til framtidsretta fokus viktigare enn elles. Me har ei viss mengd ressursar og ein jobb å gjera. Korleis skal me i fellesskap få mest mogeleg bra ut av dei ressursane me har?
 
Det er i denne fasen me har lett for å henta fram den delen i oss som seier: "Ja vel, viss dei skal vera slik kan dei ha det så godt. Me kjem ikkje til å klara å få gjennomført planane våre…" Når me deler desse destruktive tankane med kvarandre vert dei forsterka og omgjort til felles sanningar.
 
Mykje av ansvaret for å få til gode tiltak vert lagt til dei andre. Sanningane spreier seg til foreldre, og avisene skriv at den offentlege skulen er for dårleg. Resultatet er den vonde sirkelen; mismot og sterk vekst av privatskular.
 
Me treng ei haldningsendring i norsk skule. Det er mogeleg å kombinera fleksibilitet og fagforeiningsarbeid. Det er mogeleg å arbeida med kvalitetsutvikling og vurderingsarbeid utan at dette skal føra til negative kontrollrutinar.
 
Når alt dette har sagt: Refleksjonane ovanfor gjeld ikkje alle som jobbar i norsk skule. Eg har møtt mange menneske med eit sterkt engasjement og ei sterk tru på at dei, til trass for at dei ser behovet for meir midlar, arbeider for å skapa og vidareutvikla den gode skulen. Desse gjev meg tru på at me likevel kan lukkast med eit sterkt offentleg skulesystem i dette vesle landet vårt i nord.
 
Ei kjede vert aldri sterkare enn det svakaste leddet. Kvalitet i skulen handlar ikkje berre om einskildlæraren, men og mykje om samspel og korleis me byggjer kvarandre opp i kvardagen. Me treng difor å motivera og styrkja personalgruppene ved skulane gjennom leiaropplæring og sterkare fokus på coaching av medarbeidarar, endringskompetanse og samspel i personalgruppa.
 
Nytenking er ikkje berre å få nye tankar inn i hovudet, men like mykje om å kvitta seg med dei gamle. Endring er difor ikkje det same som å få meir å gjera.
 
Kunsten er å heva blikket og sjå ting i perspektiv. For å få dette til må me sjå at endringane er bra for oss og arbeidet vårt.
 
Anten du trur du kan klara noko eller ikkje kan klara noko har du oftast rett, heiter det i eit sitat. Sitatet kan diskuterast, men at det har sanning i seg er me vel alle samde om. Den gode skulen handlar ikkje berre om kompetanse og økonomiske ressursar, men minst like mykje om haldningar.
 

Powered by Labrador CMS