Pensjonistkontingenten

Pensjonistane er ein viktig ressurs for Utdanningsforbundet, i kraft av sine kunnskapar og si lange erfaring, skriv Helga Hjetland i dette debattinnlegget.

Berit Bondi skriv har eit innlegg 26. februar (også i Utdanning nr. 8) der ho ber om at kontingenten for pensjonistar vert oppheva. Før eg kommenterer det, vil eg gjerne seie at Utdanningsforbundet har som ambisjon å vere eit forbund der også pensjonistane har ein naturleg plass. Eg er difor svært glad for dei signal Berit Bondi gir om stor skuleinteresse og vilje til engasjement i utdanningspolitiske saker. I så måte veit eg at ho er ein blant mange.
Pensjonistane er ein viktig ressurs for Utdanningsforbundet, i kraft av sine kunnskapar og si lange erfaring. Det vert difor heilt gale når ho på telefon vert spurd om ho ønskjer å melde seg ut. Slik skal me ikkje møte medlemmer som har klagemål å framføre.
Kontingenten er vedteken på stiftingskongressen. Den var omstridt, men eit klårt fleirtal røysta for. Dette må sjølvsagt dei tilsette leggje til grunn når dei svarar på spørsmål, men utan å orde frampå om utmelding. Debatt om dette må gå føre seg mellom oss tillitsvalde, som er ansvarlege for vedtaket, og dei medlemmene som engasjerer seg.
Vedtaket har ei prinsipiell grunngjeving. Styringsgruppa, som førebudde samlinga av Norsk Lærarlag og Lærarforbundet, valde å leggje til grunn eit prinsipp om at alle medlemmer med fulle medlemsrettar skulle betale kontingent. Men at denne skulle vere mykje mindre for pensjonistar enn for dei yrkesaktive. Det hører og med til dette at pensjonistane i Utdanningsforbundet har fått ein sterkare posisjon enn det som var tilfelle i dei gamle organisasjonane, m.a. ved at dei vert representerte i representantskapet.
Kontingent inneber ei utgift, som pensjonistmedlemmene i dei gamle organisasjonane ikkje hadde. I sum vert det likevel slik at gevinsten for dei som også nytter seg av forbundets forsikringstilbod langt overstiger denne utgifta, slik at det vil løne seg å halde oppe medlemskapen også for pensjonistar. Neste gong dette kan handsamast vil vere på landsmøtet i Utdanningsforbundet hausten 2003. Då vil vi og ha skaffa oss erfaringar med ordninga og kan leggje desse til grunn for debatt og vedtak om kva som skal gjerast gjeldande framover.
 

Powered by Labrador CMS