Løyvingar og lovnader

Oppbevaring kan kome til å erstatte det som skulle vere det eigentlege innhaldet i skulen, meiner forfattaren av dette debattinnlegget.

Vi  skal gi tilpassa opplæring til den enkelte elev, går det fram av L 97. Vi skal ta oss av kvar enkelt elev og gi dei merksemd og vaksenkontakt, går det òg fram av L 97.

Vi ser med stor uro på utviklinga innanfor skulesektoren. Nedskjeringane riv vekk grunnlaget for å drive grunnskulen etter vedteken målsetjing. Dette gjeld både generell kvalitetssikring, L 97 og høve til å drive tilpassa opplæring. Kva blir det av intensjonane i L 97 i høve til prosjekt, temaarbeid og nye arbeidsmåtar?  Vi skal i tillegg fokusere på å betre faga norsk og matematikk. Løyvingane frå det offentlege står i skarp kontrast  til det vi ser og høyrer mange stortingspolitikarar meiner om skulen.

Kva med vaksenkontakt? Dei dominerande og krevjande elevane får større spelerom og krev større merksemd. Læresituasjonen blir fylt med meir uro. Kva viser ei europeisk undersøking av arbeidsmiljøet i ein norsk klasse?

Vaksenopplæringa er utsett for eit liknande økonomisk press. Dei får problem med å vidareføre prosjekt dei deltek i, prosjekt som på sikt er særs viktige for kommunen, og som kan medføre at vaksenopplæringa  greier å skape nye arbeidsplassar. Stortinget har tidlegare uttalt konkret at det vert følgt opp med midlar som skal sikre igangsetjing og vidare finansiering av "Grunnskuleopplæringa for vaksne". Dette vart ikkje følgt opp i samarbeidsbudsjettet.

Arbeidspresset på lærarane er aukande. Vi skal ifølgje L 97 ha ansvaret for ei god undervisning. "God undervisning skal gi elevene erfaringer i å lykkes i sitt arbeid, gi tro på egne evner og utvikle ansvar for egen læring og eget liv." Problema med store og krevjande elevgrupper med sosiale og åtferdsmessige vanskar er aukande, fleire årskull i lag med elevtal tett oppunder delingsgrensa, færre timar til deling, fører til at enkelte klassar med fleire årskull må greie seg med mindre ressursar i norsk, matematikk og engelsk. Dette fører til stor belastning på den enkelte lærar og elev. Oppbevaring kan kome til å erstatte det som skulle vere det eigentlege innhaldet i skulen. Skulen blir taparar i forhold til intensjonane i L 97.

Forventningane til foreldra er at dei vil ha ein god skule, rom for den enkelte og ei god undervisning. Dei er talsmenn for elevane. Dette må reflekterast gjennom heilskapstenking i budsjettarbeidet til politikarane.

Powered by Labrador CMS