"Gud hjelpe den som er gamal"

At Yngve Hågensen og Gerd-Liv Valla hadde gått med på skulepakke 2 eller noko liknande, er heller yttarst tvilsamt, meiner forfattaren av dette debattinnlegget.

 
 
Eg viser til innlegget av Olav A. Drevland 11. mars i år (også i Utdanning nr. 7) under tittelen «Takk for ingenting». Her takkar han Helga Hjetland for at ho har teke frå han jobben. Men kvifor stoggar han berre med dette? Her er meir å vera takksam for.
 
Lærarar over 58 år har fått ei viss lette i leseplikta, så i grunnen skulle lærarane i denne aldersgruppa, altså frå 58 år og oppetter, ha all grunn til å takka. Eller har dei det? Eg er ikkje overtydd. Eldre arbeidstakarar, og her er ikkje lærarane noko undantak, har det vanskeleg nok på søkjarmarknaden frå før av då ein ved den ovanfornemnde alderen ikkje er så attraktiv på arbeidsmarknaden lenger jamvel om fleire av desse kan vera ved god helse.
 
Men med litt velvilje kan eg skjønna at ein arbeidsgjevar ikkje vil tilsetja slike arbeidstakarar som det berre er utlegg med, det vere seg nedsett lesetid, ei veke ekstra ferie for dei over 60 og meire til. Livsrøynsle samt lang røynsle frå arbeidslivet (les skulen) er det ingen som spør etter no for tida. Nei, det er ungdommen ein lyt satsa på, serleg dei som er fullt på høgd med alt det nye innan IKT.
 
Resultatet av skulepakke 2 vil verta at lærarar i den ovanfornemnde kategorien vil ha null sjanse på søkjarmarknaden. Kva har Helga Hjetland tenkt å gjera med dette tru? Eg spør berre. For ifylgje Tabloid på TV 2 av 22. oktober f.å. skulle ho hjelpa til med å kaste ut alle dei lærarane som etter hennar meining ikkje heldt mål i skulen lenger, men for å sukra den beiske medisinen skulle me fyrst få prøva oss på andre oppgåver. Likevel: Her er all grunn til tvil, som han sa grisen då han såg at slaktaren var på garden.
 
I år skal ein høgtida at det er 200 år sidan presten, salmediktaren, salmebokutgjevaren og folkevisesamlaren Magnus Bostrup Landstad vart født. Eg held for tida på med å lesa meg opp på Landstad, og difor vil eg ved dette høvet draga fram Kvenn-Karis vise av denne forfattaren. I denne visa er omkvedet slik: «Gud hjelpe den som er gamal.» Ein kunne få hug til å føya til: Gud hjelpe den som er gamal med skulepakke 2 og som må ut på søkjarmarknaden.
 
At Yngve Hågensen og Gerd-Liv Valla hadde gått med på skulepakke 2 eller noko liknande, er heller yttarst tvilsamt. Men Hjetland skal likevel ha takk for at ho signaliserer at me kan spara oss kostnadene med kopiering av vitnemål og attestar samt konvolutt og portoutgifter då det ikkje vil føra til noko likevel. Me slepp såleis å få tilbakemelding om at ein takkar for interessa med å søkja, men tilsetjing har funne stad. Så aldri så gale for at det ikkje er godt for noko.
 
Ved eitt tilfelle fekk ein lærar fylgjande tilbakemelding: «Dessverre blei De ikkje tilsett.» Punktum. Ein annan fekk attende meldinga at ved den skulen som hadde lyst ut, var der eit så kalla ungt miljø, og rektor meinte at han ikkje ville passa inn for skuld at han var over den fyrste ungdommen sin. Det er som sagt ein rektor sitt privilegium sjølv å velja kva slags medarbeidarar han vil ha. Difor: Gud hjelpe den som er gamal.
 
 

Powered by Labrador CMS