Lærarutdanning: Fare for "elitens kretsløp"
Kristin Clemet har all ære av KUF sin invitasjon til høyring om organisering av lærarutdanningane. Ordna som ein del relativt konkrete spørsmål fangar høyringsinvitasjonen opp dei fleste overordna problemstillingane som gjeld lærarutdanning.
Spørsmåla signaliserer ei
velgjerande open holdning frå statsrådens side, noko som
ikkje har vore særleg vanleg i slike saker i seinare tid.
Ingen ting tyder på at sakene eigentleg er avgjort på
forhånd. Ein får beint fram lyst til å gi uttrykk
for sitt syn. Kanskje er statsråd og departement oppriktig
interessert i det, som bakgrunn for dei avgjerder som må
koma. I artikkelen "Praksisår i
lærarutdanninga" (i Norsk Skoleblad og i Norsk pedagogisk
tidsskrift nr. 6/2000) drøfta eg nokre sider ved dette
spørsmålet, og konkluderte med eit ja. I og med
høyringa om lærarutdanning har eg sett fram til ei brei
og allsidig drøfting av dette ved
lærarutdanningsinstitusjonane. Derfor er det med stor undring
eg les Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU) sitt
"Utkast til uttale frå NRLU" (04.01.02). Her er det så
visst inga open holdning, men ei kategorisk avvisning, med einsidig
argumentasjon, nesten aggressiv i tonen. Første del av
svaret: Det er fare for at ei slik fråsegn
frå eit autoritativt organ lukkar debatten om dette
spørsmålet på ein uheldig måte. Her er
det nemleg berre éi side ved problematikken som blir tatt opp;
kontroll- og kompetansedimensjonen. Og den blir feilaktig framstilt
som om utvida praksis, med studenten som lærling i ein reell
yrkessituasjon, skulle medføra heilt nye problem. Mens
realiteten er at lærarstudentens øvingslærar i alle
år har vore nettopp "vegleiar, kollega og eksaminator", i
betydningen ein som vurderer dugleiken til sin kollega/studenten.
Kollegialiteten har vore reell, om ikkje formell. Eitt av problema
med lærarutdanninga er etter mi meining nettopp at
øvingslæraren altfor fort kan koma til å
solidarisera seg med sin nye "kollega", iblant i motsetnad
til høgskulen sitt fagpersonale. Likevel har "sjansen for
stryk" vore til stades. Det er ikkje noko nytt som vil følgja
med utvida praksis. Så lærlingsituasjonens rolleproblem
kunne kanskje la seg løysa? Det burde ikkje vera prinsipielt
vanskelegare ved lærarutdanninga enn i andre utdanningar der
eleven/studenten er i lære. Sjølvsagt medfører
kompetansespørsmålet problem. Det som er betenkeleg er at
NRLU her gjer dette til det saka dreiar seg om. Saka burde då
i mykje høgare grad dreia seg om læringsdimensjonen. Det
er den dei har vore opptatt av som har engasjert seg i dette:
Korleis kan ein best få lærarstudentane til å
tileigna seg dei kunnskapane dei bør ha som
lærarar? Det er denne siste problematikken Alfred
Oftedal Telhaug ikkje synest å ta i betraktning i sin
debattartikkel i Utdanning nr. 2, der han kallar fokus på
læringa for Villfarelser. "Hvor er logikken i ønsket om
at undervisning skal erstattes av læring?", spør han.
Telhaugs presise definisjon av læring som "den psykiske
endring som skjer i eleven", er god, men den motsetnaden han
postulerer mellom læring og undervisning, håpar eg er
berre polemisk. Til den er mitt svar: Me lærer for vår
eigen del. Mon me ikkje også i høg grad underviser for
vår eigen del? Undervisning er åndselitens kretsløp
i skuleverket (godt illustrert i Knut Imerslunds kronikk i same nr.
av Utdanning), eit kretsløp som blir ingenting anna enn ei
bakevje av "kulturarv" og "nasjonale tradisjoner" (L 97) dersom det
ikkje fører til ein straum av læring, som kan bera dei
mange vidare fram. Undervisning er overhusets
sjølvbevaring, læring er eit demokratiprosjekt. Vidare i fråsegna si seier NRLU at
lærarutdanninga skal "kvalifisere studenten til å ha eit
kritisk blikk på eigen og andres verksemd i yrkesfeltet og
sørgje for at studenten tileignar seg utviklings- og
endringskompetanse". Ei ordning med praksisår, blir det hevda,
kan "lett stå i motstrid" til dette målet. Det er
altså høgskulens personale som skal fortelja studenten
kor skolen trykkjer? Korfor? Eg er redd for at
lærarutdanningsinstitusjonane sin holdning i dette
spørsmålet ikkje berre er pedagogisk motivert, men at
gamle laugsinteresser ligg på lur - elitens kretsløp. Det
gjeld å forsvara sitt revir, ikkje la lågare stender
overta hegemoniet. Då utdanninga av barnehagelærarar for
ein del år sidan blei integrert i
lærarutdanningsinstitusjonane, skjedde det somme stader under
til dels intens motstand frå dei siste. Det blei oppfatta som
ei degradering å undervisa for lågare skuleslag. I dag
kan det vera at for mykje samrøre med grunnskulen verkar
trugande. Det kan synast som statustap.
Det er mange forhold ved lærarutdanninga som er problematiske,
og som bør belysast best mulig når høvet byr seg.
Eitt av desse er praksis, nærmare bestemt forholdet mellom
teori og praksis i allmennlærarutdanninga. Det har vore
eit problemfelt i alle år. Dette blir tatt slik opp i
spørsmål 3 i høyringsinvitasjonen:
"Bør en større del av grunnutdanningen av
lærere være en opplæring som skjer i en selvstendig
og reell yrkessituasjon (praksisår) med veiledning fra
skoleeier og utdanningsinstitusjon?"
"Nei. NRLU har ikkje tru på at ein slik meister-svein
tankegang vil gi betre lærarutdanning. Vi ser det som uheldig
å utvikle ei ordning der "mesteren" skal vere vegleiar,
kollega, eksaminator og kanskje arbeidsgjevar for "sveinen" som - i
tillegg til å vere kollega og novise - skal vere i ein
konstant opplæringssituasjon, der sjansen for stryk og ikkje
fullført lærarutdanning reelt er til stade i
arbeidssituasjonen."
Og då er det altså somme som har meint at det gamle ordet
om at "ein lærer så lenge ein har elevar" også kan
gjelda for komande lærarar. La lærarstudenten sjølv
finna ut, gjennom sine samfunnsfagtimar i 7. klasse, om og i kva
grad samfunnskunnskapane treng styrking. Ved sjølv å
undervisa oppdagar ein kanskje behovet for fagkunnskapar, noko
urovekkande mange lærarstudentar i seinare år ikkje har
oppdaga gjennom høgskulens meir tradisjonelle undervisning,
der dei sjølve sit som, skuletrøytte, elevar.
Aktivitetspedagogikken, å læra ved å gjera jobben,
som i høg grad har slått gjennom i arbeidslivet og til
dels elles i skuleverket, har altså ikkje relevans for
lærarutdanninga? Slik kan NRLU (og Telhaug) oppfattast. Det
dei uttrykkjer, er nok, dessverre, representativt for meininga til
den kompakte majoritet ved lærarutdanningsinstitusjonane. Ei
reell omorganisering av lærarstudiet, der meir av
læringa, og ansvaret, blir overført til grunnskulen, blir
avvist, ikkje drøfta seriøst.
Men med fråsegna si fokuserer Nasjonalt råd for
lærarutdanning berre på problema, kontroll og kompetanse,
ikkje på mulighetene. Er det rart lærarutdanninga er i
vanskar?